Nyheter

Ein utoleleg profet

Børre Knudsen var ein profetisk skikkelse den moderne kulturen ikkje kunne tole.

Folk som kjende Børre Knudsen berre frå media i abortkampen, måtte tru at han var ei kjempe. Han var konsekvent fotografert nedanfrå. Slik såg Balsfjord-presten større og farlegare ut enn han verkeleg var. Knudsen var – ytre sett – ein svært liten mann. Men han hadde ei provoserande kraft. Det var noko ved han. Ikkje utan grunn var det ingen av medaksjonistane hans det i vinter blei vist portrettfilm om.

Det var noko uforståeleg over hans standhaftigheit. På grunn av sitt nei til alkoholfri nattverdvin blei Knudsen ikkje prest i Jostedal i 1968. Han rodde frå Balsfjord for eins ærend å få tak i nattverdvin. Hadde ikkje ein prest noko viktigare å bruke kreftene på? Og Knudsen utfordra kyrkjemakt og statsmakt i abortsaka og mista til sist ikkje berre embetet, men også retten til å vere prest. Han hamna i ­øydemarka.

LES OGSÅ: Krevende kamp for det ufødte liv

Sette spor. Men Knudsen sette spor. Når han no er borte, må kyrkja tenkje grundig over Karsten Isachsens ord om at Knudsen er den som vil bli ståande i kyrkjehistoria frå vår tid. Knudsen blei i alle høve ein mann kyrkjefolk altfor lett kritiserte. «Metodane hans» gav folk ei orsaking for å ta avstand frå Knudsen og elles halde seg heilt i ro.

På den andre sida valde Knudsen ein radikal veg som nokre teologar som hadde vore nær han i yngre år, ikkje kunne følgje. Kva kunne blitt annleis om Knudsen hamna i - eller hadde plasserte seg i – eit heilt anna selskap av allierte? Kunne krafta i abortkamp og skarpe salmevers fått mykje meir å seia? Det trur eg.

Då Knudsen tapte i Høgsterettssaka trudde kona Ragnhild at kampen var over. Den var alt då blitt årelang og krevjande, dei sto utan både inntekt og hus. Men frå no av blei Børre i staden dregen med av dei aller mest ivrige venene sine som ikkje brydde seg det minste om at det var ein prest som ikkje levde i sølibat, dei ville ha som frontfigur. Knudsen hamna i selskap med folk som var meir kompromisslause enn han sjølv. Då sjukdommen stoppa Børre, sto «Strandebarn prosti» tilbake i sterk indre strid, eit isolert randfenomen totalt utan kraft. Det må ha vore ei slags sorg også for Knudsen.

LES OGSÅ: 'Alle vi andre har vært svake, men han var sterk'

Sto ærlig og ope fram. Eit lengre intervju eg laga med han for godt over 20 år sidan, hadde overskrifta «Kvar har du kubeinet, Knudsen?» Han forklarte alle abortaksjonane sine frå A til Å. Men Knudsen brukte aldri kubeinet, han braut seg aldri inn på ein abortklinikk. Grensene han trass alt hadde, gav han likevel null kreditt, unnateke hos nokre få.

Eg møtte Knudsen til eit siste intervju i «vinterasyl» i Spania­ i november. Det første lange­ ­intervjuet gjorde vi unna på ­nokre timar. I november trong vi ei lang helg, prega som han var av Parkinsons sjukdom.

Intervjuet med kona Ragnhild var kanskje endå sterkare enn ­intervjuet med mannen. Ho sto støtt ved Børres side i sak. Men når slaget var grundig tapt, og familien og ikkje minst barna var påført sår, var konklusjonen hennar: «Vi prøver nå å snakke­ oss gjennom dette og å lege ­sårene slik at vi kan tilgi hverandre. Jeg håper at jeg før jeg dør kan si at det var verdt det. Men jeg er ikke der ennå.»

Børre og Ragnhild Knudsen sto ærleg og ope fram med såra i familien. Det tener dei til ære å vise oss alle at ein hard kamp kosta. Fred over Børre ­Knudsens minne.

BILDESERIE: Børre Knudsen: Hans liv i bilder

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter