Kultur

Ein krenka Gud

Kan Jesu død på krossen ha gjort kristne meir tolerante for krenkingar enn muslimar?

Då Jesus stod opp frå dei døde, var det ein siger­ over synda og mørket i verda. Det var også ein ­siger over krenkingar. Det ultimate nederlag må vere Gud som lir ein pinefull død, krossfesta av sine ­eigne skapningar. I kristendommen er denne krenk­inga vendt til glede. Påskemorgon fjernar Langfredags lidingar. Kristne over heile verda kan om nokre dagar feire påskehøgtida med orda «Kristus er oppstanden».

Islam avviser at Jesus, som blir rekna som ein profet, døydde på krossen (og dermed sjølvsagt også at han stod opp frå dei døde). Kan dette ha noko å seie for korleis muslimar reagerer på krenk­ingar? Det meiner postdoktor Ole Jakob Filtvedt ved Det teologiske menighetsfakultetet i Oslo. Det at krossfestinga er ein så sentral og integrert del av kristendommen, kan moglegvis gjere det enklare for kristne enn for muslimar å tolerere krenking av Gud og religiøse kjensler.

«Jeg ønsker ikke at min tro skal krenkes og jeg er ikke immun mot å bli såret. Men at Gud har gjort seg sårbar for krenkelser, avvisning og latterliggjøring, betyr at det har gjort det lettere for meg å forholde meg til latterliggjøring,» seier Filtvedt til forskning.no.

LES OGSÅ: Har vi gjort Jesus kjedelig?

Det er fleire usikre faktorar i denne teorien. En ting er at både kristne og muslimar reagerer ulikt og individuelt på latterleggjering av sentrale ­deler av trua. Og går det an å bruke den historiske konteksten til å seie noko om reaksjonsmønster hos religiøse i dag?

Poenget er likevel verdt å merke seg. Men meir enn som analyse av samansette religiøse reaksjonsmønster i vår tid, seier skilnaden noko om det grensesprengande ved Jesu krossdød og oppstode. Som om ikkje oppstoda skulle vere grensesprengande nok i seg sjølv, ligg det noko uhøyrt i sjølve krossfestinga. Ein krenka Gud på krossen, som andar ut med å tvile på seg sjølv: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

Følg oss på Facebook og Twitter!

Fordi vi har høyrt forteljinga så mange gonger, risikerer vi at ho blir noko vi tek for gitt. Noko ­automatisert og nærmast mekanisk. Men påskebodskapen er framleis den drygaste forteljinga som nokosinne er fortalt på jordkloden. Vi gjer klokt i å lytte til den.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur