Nyheter

Arabisk film gir
 nyttig innsikt

Muslimsk feminisme, flyktningkrise, barneekteskap og politisk satire. ­Filmfestivalen Arabiske filmdager gir oss sterke og mangfaldige bilete frå Midtausten og den arabiske verda.

Det er sjeldan mogleg å sjå film frå Midtausten på kino. Ein og annan tittel kan dukke opp på det ordinære kinoprogrammet, så som libanesiske Caramel (2007) og dei israelske Vals med Bashir (2008) og Vivianes kamp (2014). Snakkar vi om film frå land i den arabiske regionen, som Jordan, Jemen, Syria og Egypt, er tilbodet likevel magert. Difor er festivalar som Arabiske filmdager så viktige. Behovet for forteljingar frå denne konfliktfylte delen av verda er sterkt.

Dei arabiske landa lir på mange måtar under noko av det same syndromet som dei afrikanske. Folk her oppe i Europa har avgrensa kunnskap om kulturen og samfunnslivet. Vi får med oss dei store nyhendesakene i aviser, fjernsyn og radio, men har sjeldan høve til å fordjupe oss og bli ordentleg kjent verken med alvorlege problemstillingar eller nyansar.

Israel og Palestina

Arrangement som Arabiske filmdager kan bøte på dette, om enn berre som eit tilbod til dei som har høve til å besøke festivalen som opnar i Oslo i dag og avsluttar søndag. Ein gjennomgang av programmet viser at festivalen spenner breitt både i tematikk og sjanger. Som ein av to hovudtematikkar er Israel-Palestina-konflikten, der fem ulike filmar gir nye perspektiv på ein fastlåst situasjon. Den palestinske Oscar-kandidaten Eyes of a Thief har fått kritikk i Israel for å glorifisere ein snikskyttar – mannen som drap ti israelske soldatar i Silwad for tretten år sidan. På palestinsk side meiner kritikarane det motsette – at filmen er for lite glorifiserande. Festivalarrangørane sjølv meiner at han ikkje er propagandistisk eller tek ei klar side.

Ein heilt anna type film er Self Made, ein forvekslingskomedie om ein israelsk kunstnar (som har laga veske av si eiga livmor) og ein palestinsk hip-hop-elskande sjølvmordsbomberekrutt. Dei byttar identitet på ein israelsk kontrollpost, og filmen skal visstnok overraske i så godt som kvar einaste sving.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Flyktningar

Det andre hovudtemaet på festivalen er migrasjon, der flyktningproblematikken i Nord-Afrika og Midtausten kjem under lupa på forskjellig vis. Dokumentarfilmen On the bride's side følgjer ei gruppe syriske og palestinske flyktningar forkledd som brudefølgje på ei reise gjennom Europa (mot Sverige!). Mens dokumentaren Queens of Syria skildrar seksti syriske flyktningkvinner i Jordans hovudstad Amman. Dei melder seg som skodespelarar til ein gresk tragedie for slik å uttrykke sine eigne kjensler av tap.

Opningsfilmen i kveld, jordanske Theeb, viser også noko av ­variasjonen på Arabiske filmdager. Vi følgjer den historiske kampen mellom britane og det osmanske riket i det som ser ut til å vere ein skikkeleg eventyrfilm med Lawrence of Arabia-takter. Noko av det spesielle med filmen er at alle skodespelarane er amatørar frå Jordan – blant dei siste gjenlevande beduinane. For Theeb vann den britisk-jordanske regissør Naji Abu Nowar prisen for beste regi på filmfestivalen i Venezia, ein av dei største og viktigaste i Europa. I fjor blei Abu Nowar, som er gjest ved festivalen, også kåra av det prestisjefylte amerikanske bransjebladet Variety til Årets arabiske filmskapar.

Historiske bilete

Det osmanske riket er også i søkelyset når festivalen i morgon viser stumfilmkonserten Views of the Ottman Empire. Her får vi sjå nyrestaurerte filmar som blei filma på byrjinga av 1900-talet, mange år før republikken Tyrkia blei etablert i 1923. Dagleglivet frå Damaskus, Bagdad, Kairo, Tripoli og Istanbul i historisk tapning viser blant anna dei multireligiøse og multietniske sidene ved det osmanske riket.

Andre viktige tema på festivalen er muslimsk feminisme og barneekteskap. Casablanca Calling handlar om den stille marokkanske revolusjonen som blir leia av kvinnelege, religiøse predikantar med mål om å frigjere kvinner (og menn) frå ei kvinnefiendtleg tolking av islam. Jemens første kvinnelege filmskapar, Khadija al-Salimi, blei sjølv gifta bort som barn. Ho er gjest ved festivalen, og det blir samtale med henne etter visninga av filmen I am Nojoom, age 10 and divorced.

Alle desse forteljingane er med på å gi oss større innsikt i ein region som dei fleste av oss ikkje kjenner godt nok. Film spelar ei viktig rolle i å skape auka forståing.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter