Dei siste dagane har vi sett skakande og kvalmande bilete frå Oslo-gatene nattetid. Ein mann vert slegen og sparka medan han ligg nede. Vi har sett nærbilete av sprikande kuttskadar i andletet etter åtak med knuste glas og flasker.

Justisminister Knut Storberget ber styresmaktene i Oslo om å lære av andre byar ved å skru att alkoholkranane tidlegare på kvelden for å avgrense valden.

Ein politimann uttalte at han ikkje hadde sett slike valdsepisodar utan at det var alkohol inne i biletet.

Men dei forklaringane vil ikkje direktør Knut Almquist i NHO Reiseliv vite av. Han meiner at justisministeren med dette prøver å få merksemda vekk frå kravet om meir politi i gatene.

Dei siste par månadene har det vore ein føljetong av saker i media om manglande politi på jobb. Dei har sett seg leie på å jobbe uhemma mengder overtid, har vore sjukemelde og halde seg heime i staden for å gå på jobb for å fylle hol i vaktplanen.

Synleg politi. Det er lett å forstå at reiselivsdirektøren vil ha meir synleg politi i gatene. Det gjev inntrykk av at Oslo er ein trygg by, og at her kan folk gå ut og bruke store mengder pengar på utestadene, trygge på at onkel passar på.

Men å ikkje ville snakke om fylla som årsak til problema, er likevel feigt.

Direktøren er likevel ikkje åleine om å unngå å snakke om personleg og kollektivt ansvar for alkoholinntaket.

I vårt samfunn trur vi at vi har full ytringsfridom og kan snakke ope om dei fleste tema, men det fins tabuiserte unntak. Det er vel fleire enn meg som har fått spørsmålet «Er du kristen eller gravid?» når vi har takka nei til alkohol i festleg lag.

Ein må ha god grunn til å la vere å fylle vin i glaset når servitøren kjem. Det er sjeldan dei som takkar ja som må forsvare kvifor dei drikk alkohol.

Å ta seg eit glas vin eller tre og avslutte med sterkare saker, er blitt sett på som ein menneskerett. Hysjmuren rundt dei problematiske sidene ved alkoholbruk og norsk helgefyll har heldigvis slått litt sprekker.

Sprekk i vinidyllen. NRKs TV-aksjon i haust til inntekt for Blå Kors´ arbeid med å førebyggje og følgje opp born og familiar som slit med alkohol- og narkotikamisbruk, slo ein stor sprekk i vinidyllen. Men det tok berre nokre få veker før julebordsesongen var i gong og opninga nesten er lukka.

Å drikke alkohol vert sett på som ein menneskerett. Det var på grensa til underhaldande å lese om «julebordsmarerittet» i Valhall i Oslo der arrangøren gjekk tom for alkohol tidleg på kvelden. Rasande gjester forlet julebordet og ein servitør fortel til VG at ein av gjestene gjekk fysisk til åtak på han. Det er ikkje vanskeleg å skjønne at folk vert irriterte når dei ikkje får fri bar slik dei har blitt lova, men styrken på reaksjonane syner at ein har forlate vanleg folkeskikk for lengst.

Alkoholflyt. I toleransens, individualismens og fridommens namn har vi blitt så redde for å moralisere og fortelje andre kva som er godt og rett at vi heller let ­alkohol og grenser flyte. Når justisministeren ikkje godtek å ta skulda for helgevalden, men plasserer deler av ansvaret på politikarar, er det vel verd å lytte til han.

Men vi kjem ikkje unna at ein kvar faktisk har ansvar for kor mykje alkohol ein tyller i seg, korleis ein lærer opp eigne og andres born og ungdommar til å omgås alkohol og kva ­haldningar ein gjev uttrykk for når spørs­målet vert diskutert.

Det er ikkje sikkert det er så stas å vere ein slik festbrems, men ein kan håpe at færre på sikt må avgje graviditetstest når ein ber om å få brus i staden for ein halvliter.

Astrid Dalehaug Norheim, journalist

Enig? Uenig? Diskutér dagens kommentar