ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE

Som abonnent på Vårt Land får du:

Läs mer

Listhaug rullar ut folkeskikkurs

Regjeringa er svært oppteken av kva det vil seie å vere norsk. Sylvi Listhaug ber asylsøkjarar gå på kurs i norsk kultur og norske verdiar.

ANNONSE
ANNONSE

Innføring

  • Frå 1. januar i år skal alle asylsøkjarar som sit på mottak og ventar på asylssvar få eit eige kurs i Norsk kultur og norske verdier.
  • Kommunar som husar mottak får 3.700 kroner i statleg støtte til kvar kursdeltakar.
  • Kurset er frivillig for alle over 16 år.
Nyhet

Venstre og KrF sa klar, ferdig kjør då sentrumspartia, etter vekelange tautrekkingar om budsjettkroner, kort tid før jul blei samde med Solberg-regjeringa om 2017-budsjettet.

Frå og med januar skal asylsøkjarar som kjem til landet i von om å få opphald, få eit eige kurs i det Sylvi Listhaug (Frp) har kalla «norsk folkeskikk».

«Asylsøkere har ingen lovfestet rett og plikt til opplæringen», melder statsråden i presentasjonen av kurset. Likevel meiner innvandrings- og integreringsministeren at alle asylsøkjarar over 16 år som ikkje har fått endeleg vedtak og som bur på mottak, bør få med seg det 50 timar lange kurset.

– Kvifor?

- Mange kjem frå land som er heilt annleis enn Norge. Det er viktig at dei som kjem til Norge, og som uansett vil vere her ei viss tid veit kva lover, reglar, verdiar og kultur som gjeld her i landet. Det er få om nokon som legg att haldningar og verdiar på grensa, seier Listhaug til Vårt Land.

KOMMENTAR: Å dyrke eit sterkt majoritetssamfunn bryt med den kristne trua

Lære kva som er felles verdiar i Norge

Det er kommunane som husar asylmottak som skal leggje til rette for at kursa blir arrangerte, anten med eigne krefter eller i samarbeid med frivillige lag og foreiningar. Justisdepartementet yter 3.700 kroner i kommunal støtte til kvar deltakar.

I den ferske læreplanen, som er laga for departementet av det offentlege senteret Kompetanse Norge, står fag som naboskap, dugnad, forholdet til tid, samhandling mellom kjønn, barnebursdagar, kvinners rettar, religionsfridom, deltaking i arbeidslivet, likestilling og felles verdiar i Norge.

LES OGSÅ: – Anklager om «politisk korrekthet» svekker debatter

Blåblå interesse for «det norske»

Sylvi Listhaug er ikkje åleine i regjeringa om å ønskje styrking av «det norske». To Høgre-statsrådar har brukt julehøgtida og årsskiftet til å slå slag for det same:

«Vi vil bevare det norske. Den norske kulturen. En kultur som oppfattes noe forskjellig fra person til person selvsagt. Men vi nordmenn kan ha en herlig selvtillit på å forsvare det norske», skreiv kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) på eiga Facebook-side 23. desember.

«Det er viktig å se på hva som er felles for hele det norske samfunnet», sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) tre dagar inn i det nye året. Leiaren i Høgres programkomité ønskjer at det skal setjast ned eit utval som skal arbeide fram ei liste over dei mest sentrale norske kunst- og kulturuttrykka, ein såkalla kulturkanon.

Vil styrkje integreringa

Listhaug presenterte planane for det nye kultur- og verdikurset då ho i mai i fjor la fram integreringsmeldinga til Solberg-regjeringa. Bakteppet var mellom anna at Listhaug ville hindre at det som skjedde i den tyske byen Köln nyttårsaftan 2015 skulle skje i Norge:

Fleire hundre kvinner blei utsette for seksuell trakassering og overgrep, utført av grupper med menn frå i hovudsak land i Nord-Afrika, som nyleg hadde kome til Tyskland som asylsøkjarar.

Under presentasjonen av tiltaka i meldinga, sa Listhaug at «tida i mottak må brukast betre». Til VG samanfatta ho verdi- og kulturopplæringa som skulle kome som eit kurs i «norsk folkeskikk».

MOTTAKSSJEF KONTRER: – Nordmenn kan også lære mykje om folkeskikk om vi vågar å vitje folk som sit på asylmottak

Et svin og drikk alkohol

Same haustdag som Solberg-regjeringa arrangerte ein nasjonale integreringskonferanse, utdjupa Listhaug kva ho som innvandrings- og integreringsminister ventar når det kjem til tilpassingsevne.

18. oktober la Listhaug ut denne meldinga på eiga Facebook-side:

«Jeg mener de som kommer til Norge må tilpasse seg samfunnet vårt. Her spiser vi svin, drikker alkohol og viser ansiktet vårt. Man må innrette seg etter de verdier, lover og regler som er i Norge når man kommer hit.»

LES MEIR Listhaug samler inn penger til Åpne dører

Skal drive brubygging

På Justisdepartementets liste over offentlege tilskotsordningar skriv det at Norsk kultur og norske verdier – opplæring for asylsøkere «skal gi asylsøkere i mottak en tidlig introduksjon til norske lover, regler, verdier, omgangsformer og kultvur i vid forstand».

Opplæringa skal vidare «bygge bro og bidra til større innsikt i og bedre forståelse for norske samfunnsforhold gjennom kunnskapsbasert dialog og refleksjon».

– Kva er det viktigaste dei lærer på kurset?

- Eg meiner at noko av det viktigaste vil vere norske og vestlege verdiar, og kva individuell fridom kvinner, menn og barn har i Norge. Mange kjem frå land som har eit helt anna kvinnesyn, syn på oppdraging og heilt andre grunnleggjande rettar og prinsipp enn det vi har i Norge. Her er både likestilling, ytringsfridom og religionsfridom heilt sentrale verdiar i samfunnet vårt. I tillegg er det viktig å forstå den norske kulturen, korleis vi omgår kvarandre og korleis vi oppdreg barn, forklarar Listhaug.