ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE

Som abonnent på Vårt Land får du:

Läs mer

Kunstig liv – kyrkje åtvarar mot å leike Gud

Den første laboratorieskapte livsforma er framstilt av Craig Venter.

ANNONSE
ANNONSE
Verden

BBC samanliknar hendinga med spaltinga av atomet. Venter har teke skallet frå ei bakteriecelle og fylt den med eit laboratoriesamansett komplett sett med arvestoff. DNA-sekvensane var kjøpte inn av firmaet Blue Heron.

Craig Venter vil lage kunstige livsformer for å lage små kjemiske fabrikkar for å framstille medisinar, drivstoff og nye materialar.

Kanskje kan oppdaginga føre til at vi får ein organisme som kan «ete opp» oljesøl eller reinse vatn, melder Science News.

Synthia. Livsforma har fått namnet «Synthia». Cella viste seg å ta til seg det nye arvestoffet som sitt eige.

Vatikanet seier at den første syntetiske cella kan vere eit framsteg for menneskeslekta dersom kunnskapen vert brukt rett. Men den katolske kyrkja åtvarar mot å leike Gud.

– Berre Gud kan skape liv, heiter det i ei fråsegn som Associated Press siterer.

Så langt har Craig Venter definitivt ikkje skapt liv. Han har brukt ei eksisterande celle, men fjerna arvestoffet og erstatta det med laboratorieskapte DNA-sekvensar. Å lage ei heilt menneskeskapt celle krev langt meir.

Data-far. Venter sjølv karakteriserer cella som «den første formeiringsdyktige arten med ei datamaskin som foreldre».

– Dette er ei storarta vitskapleg oppdaging. No skal vi forstå korleis den vil bli teken i bruk i framtida, seier ein varsam talsmann for Vatikanet, Rino Fisichella til Associated Press Television News. Han er den fremste bioetikk-talsmannen for Vatikanet, melder telegrambyrået AP.

Menneskeverd. – Dersom dette viser seg å vere godt for alle, for miljøet og mennesket i miljøet, vil vi ha den same vurderinga. Men dersom oppdaginga skulle bli brukt mot menneskeverdet og respekten for menneskelivet, vil vurderinga vår bli endra, la Fisichella til.

Han leier Livsakademiet i Vatikanet.

– Vi følgjer vitskapen med stor interesse. Men viktigare enn alt ser vi på kva meining dette kan ha for livet. Vi kan berre nå fram til den konklusjonen at vi treng Gud, skaparen av livet, sa Fisichella til RAI TV i Italia.

Debatt. I den engelske avisa The Daily Telegraph skriv Geoffrey Lean at det har vore altfor lite debatt om Synthia. Synthia er ikkje menneskeskapt liv, men ei menneskeskapt livsform.

Lean viser til dei positive utsiktene til bruken av menneskeskapte livsformer som å reinse miljøet eller nedkjempe klimaendringar.

– Eller dei kan bli fryktelege nye biologiske våpen eller ha øydeleggande følgjer som ein ikkje ville ha, skriv han.

Kappløp. Venter var mannen som ville vinne kappløpet om kartlegginga av det menneskelege arvestoffet. Han satsa med private midlar. Resultatet blei at kartlegginga var klar tre før planen.

I Dagbladet skriv Tore Tennøe og Jon Magnar Haugen frå Teknologirådet at vi så langt veit lite om kva delar og eigenskapar som faktisk kan fungere saman.

Bioterror. Dei minner om faren for misbruk til biologiske våpen og bioterror, «inspirert av at forskere har gjenskapt viruset som forårsaket spanskesyken».

Dei legg til:

«Det er like viktig å spørre om hvilken kontroll vi kan ha over celler som er designet for gode formål. Nye biologiske maskiner kan ha uforutsette egenskaper, noe som kan kaste vrak på designernes planer, eller skade helse og miljø», skriv dei.

Dei skriv at Venters oppfinning opnar døra for ny kunnskap og spanande innovasjonar. Men dei spør om vår evne til kontroll held følgje med ambisjonane.

Vurdere. Kort tid etter at nyhendet vart kjent, sa den amerikanske presidenten Barack Obama at kommisjonen hans for bioetiske spørsmål skal vurdere mogelege følgjer av den nye teknologien.

Monopol-fare. Ein engelsk bioetikar har åtvara mot at Craig venter får ta patent på syntetisk liv, melder BBC. Professor John Sulston åtvarar mot at Craig venter skal få monopol. Venter og Sulston støtte saman også i kamp om eigedomsrettar under kartlegginga av det menneskelege genomet (arvestoffet) for ti år sidan.

Publisert: 26. mai 2010