Den danske avisa Politiken har inngått forlik med muslimske organisasjonar og gitt muslimar ei orsaking for krenkingar som trykking av Muhammed-karikaturar har skapt. Orsakinga møter sterk politisk fordøming får fleire hald i Danmark, både fleire politiske aktørar og media.

Orsakinga får Kurt Westergaard til å reagerere sterkt.

LES OGSÅ: Dansk avis sier unnskyld til krenkede muslimer

Han beklagar orsakinga.- Politiken gir avkall på ytringsfridommen. I Danmark har vi nokre spelereglar som vi ikkje vil vike frå, nemleg ytringsfridommen, sier Westergaard til Berlingske Tidende.

Med orsakinga har Politiken komme seg unna søksmål frå den saudi-arabiske advokaten Faisal Yamani som i august 2008 kravde orsaking frå 11 danske aviser for at dei hadde trykt Kurt Westergaards karikatur av profeten Muhammed.

Westergaard fryktar at Politiken si orsaking er første steget på vegen mot sensur.

Imam Abdul Wahd Pedersen rosar derimot Politikens avtale med dei muslimske organisasjonane, skriv Kristeligt Dagblad. Også Uffe Elleman Jensen meiner dte var klokt av Politiken å seie unnskyld.