Kultur

Det er ikkje lett å vere konservativ om dagen.­ No tenker eg ikkje berre­ på Twitter-­brukarnamnet til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (@konservativ), men på heile partiet Høgre og deira kamp for framleis regjeringsmakt.

Problemet for Høgre er at gode, konservative julehelsingar og forslag blir oppfatta som nasjonalistiske i ein del av folket. Vi såg det nyleg då kulturminister Linda Hofstad Helleland ønskte oss god jul og bad oss vere stolte 
av det norske. Hennar eigen kulturkanon inkluderte både brunost, kvikklunsj og Ole Einar Bjørndalen, men ministeren fekk likevel tyn for å teikne eit lite inklu­
derande bilete av det norske.

Dei seinaste dagane er det den nemnte @konservativ – kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen – som har vore i vinden med kanoniseringsforslag. Røe Isaksen ramsa ikkje opp punkt på ei liste, men baud fram ideen om den definitive topp ti-lista – ein norsk kulturkanon, i statleg regi.

LES MER: Høyres forslag om en kanon over våre kunst- og kultur-skatter vekker høflig begeistring og vennlig hoderisting.