Kultur

Lars Petter Sveen har allereie vunne ein drøss med gjeve littera­turprisar for bøkene sine, og blitt utnemnd som ein av dei ti fremste norske forfattarane under 35 år. Etter eit to eit halvt år langt opphald i Tanzania, er han og familien tilbake i Noreg – truleg for godt – og med seg i kofferten har han ein ny
roman, det første av to band om fem ­somaliske flyktningar.

I Guds barn (2014), hans førre roman og av mange rekna som hans litterære gjennombrot, får vi høyre historiene til dei som spelte birollene i forteljinga om Jesus. I romanen Fem stjerner, som vart lansert no rett før helga­, har Sveen på attkjenneleg vis igjen arbeidd med historier – denne gongen fortalt av fem ungdommar på flukt gjennom Afrika.

Stort univers

– Eg byrja skrive­ før eg var ferdig med Guds barn, fortel Sveen, etter å ha børsta av seg haustregnet og fått seg noko varmt å drikke.