Kultur

Boka 2084. Verdens undergang av den algeriske forfattaren Boualem Sansal vekte oppsikt då ho kom på fransk i 2015. Det er ein satirisk framtidsdystopi inspirert av George Orwells klassikar 1984 frå 1948. Men der Orwell teiknar eit skremmebilde av kommunismens ytste konsekvens, er det radikaliseringa av islam Sansal vil åtvare mot. Det totalitære og verdsomspennande samfunnet i romanen er gjennomsyra av ein forvrengd og fundamentalistisk versjon av islam: Religionen Gkabul, konstruert på religiøse ritual, strenge straffar, læresetningar og propaganda.

– Eit afrikansk ordtak seier: Det er betre å klage i dag enn å gråte i morgon. Eg håper framtida opnar auga for min spådom om eit islamistisk verdsherredøme i nær framtid, seier Boualem Sansal til Vårt Land på e-post.

Politisk islam

Menneska i 2084. Verdens undergang er alle borgarar i det totalitære, teokratiske diktaturet Abistan, som har strekt seg til alle verdshjørna. I ein heilag krig med terror som våpen, som ingen lenger kan hugse, fekk fundamentalistiske jihadistar verdsherredøme. Ingen veit noko særleg om verda før dette, men i små glimt kan vi ane at ho likna på den vi lever i i dag. Alle Abistans borgarar må tru på Gud, Yölah, og hans utsending på jord, Abi.