Kultur

Varslar slutten på demokratiet i dyster framtidsfabel

FORFATTARINTERVJUET: Dagens islam er ein karikatur av den opphavlege, meiner den algeriske forfattaren Boualem Sansal. Han er aktuell på norsk med boka 2084. Verdens undergang.

Boka 2084. Verdens undergang av den algeriske forfattaren Boualem Sansal vekte oppsikt då ho kom på fransk i 2015. Det er ein satirisk framtidsdystopi inspirert av George Orwells klassikar 1984 frå 1948. Men der Orwell teiknar eit skremmebilde av kommunismens ytste konsekvens, er det radikaliseringa av islam Sansal vil åtvare mot. Det totalitære og verdsomspennande samfunnet i romanen er gjennomsyra av ein forvrengd og fundamentalistisk versjon av islam: Religionen Gkabul, konstruert på religiøse ritual, strenge straffar, læresetningar og propaganda.

– Eit afrikansk ordtak seier: Det er betre å klage i dag enn å gråte i morgon. Eg håper framtida opnar auga for min spådom om eit islamistisk verdsherredøme i nær framtid, seier Boualem Sansal til Vårt Land på e-post.

Politisk islam

Menneska i 2084. Verdens undergang er alle borgarar i det totalitære, teokratiske diktaturet Abistan, som har strekt seg til alle verdshjørna. I ein heilag krig med terror som våpen, som ingen lenger kan hugse, fekk fundamentalistiske jihadistar verdsherredøme. Ingen veit noko særleg om verda før dette, men i små glimt kan vi ane at ho likna på den vi lever i i dag. Alle Abistans borgarar må tru på Gud, Yölah, og hans utsending på jord, Abi.

Den religionen som no styrer alt i Abistan, som vert nytta som maktmiddel til å halde folket nede, har attkjennelege trekk med det vi i dag kjenner som islam. Men regimet har berre valt ut dei delane av religionen som kan kue folket og halde dei lojale mot styresmaktene. Eit viktig poeng for Sansal er at dette er politisk islam – religionen menneska i boka er underkasta, bygger på ein lysande fortidig religion som menneska har øydelagt.

– Dagens islam er ein karikatur av det opphavlege islam, seier Sansal.

Han viser til dei store, muslimske tenkarane som skreiv i dei første hundreåra av islam, som Averroë, Avicenna og Ibn Khaldun.

– Når ein samanliknar det med det som vert skrive, sagt og gjort i dag i den muslimske verda, vert ein heilt mållaus av regresjonen som desse samfunna er falne inn i.

Sansal har tidlegare skrive ein del om dei historiske etappane som det opphavlege islam har gått gjennom for å kome fram til islamismen som han meiner dominerer i den muslimske verda i dag.

– Kva gjeld framtida, kan vi berre framsette hypotesar og derfor er det betre å gå via fiksjonen for å seie det som ikkje er stadfesta, det som ikkje er mogleg å stadfeste med det same. Eg gjer dermed som mange vitskaplege forskarar, som i randsona av laboratorieforskinga si, skriv sci-fi under pseudonym for å seie det dei ikkje kan seie som forskarar ved offisielle institusjonar. Det er gjennom fiksjon, forteljingar og skrøner at ein kan uttrykke det som samfunnet og institusjonane ikkje vil høyre frå offisielt hald.

LES KOMMENTAR: The Handmaid's Tale minner oss på hvor skjør friheten vår kan være

Tru og ikkje-tru

I 2084. Verdens undergang følgjer vi hovudpersonen Ati på reisa hans frå eit opphald på eit sanatorium og tilbake til sivilisasjonen i verdas hovudstad, Qodsabad. Han har alltid vore ein god truande, som har levd i tråd med forskriftene utarbeidd av Apparatet og Rettferdas brorskap etter viljen til Gud. På reisa tilbake, som tar mest eit år, snur ei arkeologisk oppdaging heile Atis verdsbilde på hovudet og han byrjar å tvile – på staten og på Gud, som ikkje er til å skilje.

Ati oppdagar også at det ikkje er så nøye om du faktisk trur, så lenge du er fullstendig lojal overfor regimet; det er den frie tanken som eigentleg er forbode: «Frihet er dødens vei i deres verden, den forstyrrer, gjør vondt, vanhelliger. Å ombestemme seg er en umulighet også for dem med absolutt makt, for de er fanget av Systemet og de mytene de selv har diktet for å dominere verden og være dogmets strenge voktere, den totalitære maskinens ivrige tjenere.»

Det å tru i denne religionen, inneber strengt tatt ikkje anna enn å te seg som ein som trur; det er kamera på kvart hushjørne og varslarar i alle systemets krikar og krokar. Faktisk så er det nesten best om du ikkje trur så veldig, for om du trur, kan du også tvile, og med tvil følgjer opprør.

– Er det noko vi kan sjå spor av i dagens samfunn?

– Grensa mellom å tru og ikkje tru er flytande. Historia fortel oss at folk alltid har trudd oppriktig på læra til religionen sin, samtidig som dei aldri har trudd på dei religiøse som har lært dei om denne religionen. For at systemet skal fungere og ikkje spinne ut i kaos og vald, må dei derfor vere trongsynte og kjempe mot all tvil, seier Sansal, som meiner det moderne demokratiske samfunnet fungerer på grunnlag av same prinsipp.

– Folket tenkjer at politikarane lurer dei og er ikkje det spor overtydde, mens politikarane tenkjer at folket er konservativt og reaksjonært.

Samtykke

2084 er Karl Marx' utsegn om religion som opium for folket i ekstremversjon. I Abistan fører religionen si hypnotiserande effekt til fullstendig underkasting, noko Sansal karikerer med å flette inn små dryss av magisk realisme. Språket, abilang, som er det einaste tillatne språket, er upoetisk og militært. Det minner såleis om Orwells nysnakk, med ein sterkt hypnotiserande effekt. Ati meiner det inneheld kjernekraft, og reint fysisk er i stand til å oppløyse eit sinn.

Likevel betyr Gkabul, namnet på religionen, samtykke.

– Å omsette ordet islam med underkasting, slik ein gjer i Europa, er feil. Denne omsettinga betyr at muslimar er underlagde religionen gjennom tvang, ut av frykt. Det er feil. Den truande underkastar seg av seg sjølv.

Han meiner at muslimane stort sett ikkje kjenner seg underkasta, og peiker på at dei fleste kvinner som ber slør, har bestemt dette sjølv. Sløret ikkje er ei doktrinær plikt.

– Dei som i dag konverterer til islam, og desse vert stadig fleire på verdsbasis, gjer det frivillig. Derfor har eg valt ordet Gkabul som betyr aksept, samtykke, for å vise til religionen i Abistan. Problemet er ikkje å gå inn i islam, ein går inn der slik som på eit hotell, fritt. Problemet er at ein ikkje kan kome ut igjen. Å forlate islam er apostasi, og straffa for det er døden, seier Sansal.

LES OGSÅ: Dystopier i ny oversettelse

Totalitarisme

Jamvel om dette er ein skrekkscenario som tar for seg religionens totalitære potensial, minner Abistan med si overvaking, snikmelding og sitt byråkrati også om meir eller mindre sekulære diktatur, både frå fiksjonen og frå røynda, frå Stalins Sovjet til 1900-talets fascistdiktatur i Europa, DDR under den kalde krigen, Pinochets Chile, dagens Nord-Korea og så bortetter. Og når George Orwells klassikar frå 1948 no har klatra på bestseljarlistene og attpåtil er blitt nyomsett til norsk, er det andre trekk i dagens samfunn vi fryktar kan resultere i totalitarisme enn islamisme.

Det er klimaproblematikk, høgreekstreme krefter og politiske omveltingar. Og det er fundamentalistisk kristendom, slik vi blant anna ser i Margaret Atwoods roman The Handmaid's Tale, no aktualisert som TV-serie. På same måte som hos Sansal er det ein forenkla versjon av religionen. «Sæle dei audmjuke», seier autoritetspersonane for å minne folket om deira plass. Resten av bibelsitatet er forbode: «... dei skal arva jorda. Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.»

HBO-serien , basert på ein roman av Margaret Atwood, er også ein framtidsdystopi der religion vert nytta som maktmiddel, men her er det kristendommen som blir grunnlaget for ei ny og undertrykkande lov. Foto: George Kraychyk/NTB scanpix

Grensene mellom politisk religion og alle slags diktatur er ifølgje Sansal utflytande.

– Orwell skreiv om det han såg: totalitære, sekulære system, som bygde på sekulære politiske ideologiar. I dag finst andre totalitære system i konkurranse med desse: Eitt gjeld utviklinga av ei globalisert verd dominert av finanssystemet, eit anna søker dominans gjennom vitskapen. Sistnemnde vinn terreng på grunn av global oppvarming og aukande fattigdom i verda. Og så finst systemet med politisk islamisme.

Han meiner at totalitære, sekulære ideologiar i det lange løp endar opp med å likne på religionar.

– Diktatoren blir ein halvgud, ideologien vert nedteikna i ei grunnleggande, heilaggjort bok og dei religiøse systema låner frå dei sekulære systema, sidan dei, for å utøve makta si, treng verdsleg kunnskap om kommunikasjon, atomkraft, reklame, økonomi.

LES OGSÅ: Margaret Atwood kallar til handling for rettferd og miljø 

Stemninga i romanen er til dels apokalyptisk, opprør ligg i lufta, og det kan verke som Ati klarer å lokalisere og kome seg over grensa frå Abistan, ei grense ingen trudde fanst.

– Kan ein også lese noko håp inn i dette?

– Uansett kor sterkt eit totalitært system styrer menneska, har mennesket ein joker som gjer det mogleg å fri seg: Det kan gjere opprør og slåst, det kan ta sitt eige liv, det kan gå inn i systemet og finne ei nisje der det er mogleg å leve under diskré forhold, eller det kan krysse grensa og forsvinne.

Den vanskelegaste løysinga meiner Sansal er å krysse grensa.

– Først må ein finne denne grensa og kunne krysse ho i live, og førebu seg psykologisk på det som ventar på den andre sida. Kva vil i røynda møte ein? Vil ein klare å tilpasse seg, integrere seg, som ein seier i dag? Vil ein kunne gløyme si gamle verd og gå inn i den nye?

Sansal peiker på integreringsproblema vi ser i dag.

– Unge forlèt landa sine, som har blitt uuthaldelege for dei. Dei kjem til framande land dei ikkje kan noko om. Og der ligg problemet: Slutten på den gamle verda og starten på problema i den nye verda. Desse problema, som kan vere enorme, må løysast innan kortast mogleg tid.

LES OGSÅ: Kristenhetens tid er forbi i Houellebecqs seneste roman

Åtvaring

2084. Verdens undergang er blitt lese opp mot den franske forfattaren Michel Houellebecqs (bildet) Underkastelse, som kom ut same år, i 2015. Houellebecq skriv også om eit islamistisk diktatur som veks fram som resultat av den politiske utviklinga i dagens Frankrike.

– Bøkene våre har som mål å leie merksemda mot eit fenomen av globalt og stadig veksande omfang, som politikarar og leiarar ikkje tør namngi og avsløre. Dei er fanga i sine vanskelege relasjonar til landa som er kjelde til islamismen: Saudi-Arabia, Qatar, Iran, Tyrkia. Problemet er ikkje mest at den muslimske verda trass alt aksepterer å leve side om side med islamismen, men at resten av verda og særleg Europa lar seg vinne over av same regressive fenomen. Åtvaringa er først og fremst til dei, seier Boualem Sansal.

Han er redd for at denne åtvaringa ikkje skal bli lytta til.

– Den «politisk korrekte» kulturen er blitt totalitær. Han har låse alt, og gjort all debatt umogleg. Slik signaliserer han slutten på demokratiet.

Ida Hove Solberg har omsett svara frå fransk

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kultur