Kultur

Vårt Lands utviklingsredaktør Åshild Mathisen går til NRK

Blir direktør for samfunnskontakt.

Vårt Lands utviklingsredaktør Åshild Mathisen (40) blir direktør for samfunnskontakt i NRK. Der får ho ansvar for kontakt med styresmaktene og sentrale samfunnsaktørar. Ho skal også vere kommunikasjonsrådgjevar for kringkastingssjefen og den øvrige toppleiinga i NRK.

– Eg vil gratulere NRK med at dei har fått tak i ein flink medieperson. Vi skulle gjerne hatt Åshild Mathisen lenger hos oss, men må akseptere at det er rift om flinke folk, seier sjefredaktør Helge Simonnes til Vårt Land.

Betydeleg stemme. Åshild Mathisen har vore utviklingsredaktør i Vårt Land i drygt to år. I tillegg har ho vore ein profilert kommentator i avisa.

– Ho har vore betydeleg både som kommentatorstemme og som strategidesignar, seier nyheitsredaktør Magne Henriksen.

Han peikar på at Åshild Mathisen har gjort ein forskjell i Vårt Lands redaksjonelle linje, at ho vore ein tydeleg leiar og at ho har bygd bru mellom redaksjon og marknad.

Ser fram til oppgåvene. I ei pressemelding frå NRK seier Mathisen at ser fram til å ta fatt på oppgåvene i NRK.

– Eg skal bidra til at offentlegheita er godt kjent med NRKs samfunnsoppdrag og allmennkringkastarens betyding for norsk demokrati og kultur. Eg gler meg til å jobbe i ein institusjon som har så høg tillit i folket. Denne tilliten meiner eg dannar det beste grunnlaget for posisjoneringa av NRK inn i framtida, seier Mathisen.

I tillegg til Vårt Land, har Åshild Mathisen redaksjonell bakgrunn som spaltist og kommentator frå blant anna Dagens Næringsliv, VG og Morgenbladet. Hun har også vore kommunikasjonsrådgjevar for KrFs stortingsgruppe og politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet.

– Viktig bidrag. Mathisen tiltrer 20. oktober. Stillinga som direktør for samfunnskontakt rapporterer direkte til kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

– Eg er veldig glad for at Åshild Mathisen har takka ja til å bli direktør for samfunnskontakt i NRK. Vi har ein ambisjon om å være synlege og opne i debatten om NRKs samfunnsoppdrag og vår rolle som allmennkringkaster. Med si erfaring frå politikk, journalistikk og samfunnsliv har Åshild definitivt kunnskap og bakgrunn som vil vere eit viktig bidrag for NRK i dette arbeidet, seier Eriksen i NRKs pressemelding.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur