Kultur

TV 2 Humor er bakpå frå start

Nisjekanalen TV 2 Humor skal kjempe med TVNorge om dei unge sjåarane. Det er tvilsamt om Step by Step og Fresh Prince i Bel-Air kan gjere jobben.

Med humor og sport skal folket vinnast. TV 2 har kjøpt attende rettane til Tippeligaen, iallfall dersom Konkurransetilsynet godkjenner oppkjøpet av C More Norge. Og i går gjekk startskotet for nisjekanalen TV 2 Humor. Dette blir Noregs første reindyrka humorkanal, og eit viktig ledd i strategien for å skaffe yngre TV 2-sjåarar. Der TVNorges suksess på humorfronten har gitt dei ein gjennomsnittleg sjåar på rundt 42 år, er TV 2-sjåaren vesentleg eldre. I fjor haust runda den gjennomsnittlege TV 2-sjåaren 50 år og tok dermed eit lite sidesteg ut av den kommersielt interessante målgruppa 20-49. At NRK1-sjåaren er endå eldre, med sine 58 år på baken, er ei mager trøyst for kanalen som no kastar seg inn i humorkappløpet.

LES OGSÅ: Komiker beklaget Downs-vitsing i TV 2-program

Lyst på livet

TV 2-sjef Olav T. Sandnes har rett nok prøvd å skru ned forventingane til TV 2 Humor. I eit intervju med Dagsavisen forklarte han at dei startar humorkanalen for «moro skyld», som noko ein kan slå på «når man trenger å se litt lysere på livet». Det spørst om det er hald i resepten. Den nystarta humorkanalen har eit programtilbod som vekker nostalgiske minner frå ungdomstida mi på 1990-talet. Programlista for det første døgnet er i det heile munter lesing, for å seie det slik. Når vi vaknar til dei amerikanske seriane Frasier og Step by Step, veit eg ikkje lenger om eg skal gråte eller le.

LES OGSÅ: Den beste ateistvitsen er kåret

Muggen pizza

Både Full House, Step by Step og Fresh Prince i Bel-Air er seriar som sirkulerte på amerikansk fjernsyn lenge før TV 2 gjekk på lufta hausten 1992. Korleis desse gamle seriane, som for all del var morosame i si tid, skal skaffe TV 2 yngre sjåarar, er for meg ei gåte. Hadde det berre vore ein liten bit av pakka. Men nei, nesten heile programtilbodet består av resirkulert og tilårskome stoff. Ikkje rart at TV 2 i går fronta Jimmy Fallon på nettsidene sine, der den amerikanske talkshow-verten fekk skryte litt av oldefaren frå Fredrikstad. The Tonight Show ser i første omgang til å stå sørgeleg åleine når vi snakkar fersk import frå USA. Frasier er frå 1993, South Park frå 1997 og That '70 Show og Pizzagjengen frå 1998. Det er temmeleg muggen pizza.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Humortrona

Grunnen til at TVNorge har erobra humortrona, er satsinga på norske humoristar. Ylvis-brørne har nådd ei heil verd med ablegøyane sine. Espen Eckbo sette Abildsø på kartet med sitt Asbjørn Brekke-show. Lene Kongsvik Johansen har briljert i eit utal vittige roller. Thomas Giertsen har gjort suksess med situasjonskomedien Helt perfekt. Då veteranane Harald Eia og Bård Tufte Johansen meldte overgang frå NRK, hadde dei med seg eit tonn av humoristisk kredibilitet i bagasjen.

Dersom TV 2 Humor skal bli ein relevant utfordrar til tittelen som humormeister, er dei heilt nøydde til å satse på norsk, nyprodusert innhald. Dette må det komme meir av etter kvart, elles vil kanalen lide samme lagnad som TV 2 Filmkanalen, som no blei lagt ned. Spørsmålet er likevel om ikkje TV 2 Humor burde hatt meir eigeprodusert innhald å slå i bordet med frå første dag. Den første veka finn kanalen plass til berre ei norsk nyvinning, nemleg humormusikalen Suksesskolen. Dette er ein slags spinoff av Kollektivet, med Fridtjof Stensæth Josefsen, Sebastian Brynestad, Jakob Schøyen Andersen, Kevin Vågenes og Cecilie Steinmann Neess i dei store rollene.

Stussleg

Vi kan nok vente oss sprekt og godt innhald både frå denne gjengen og frå resten av TV 2s komikarlag etter kvart.

Ved lanseringa ser TV 2 Humor litt stussleg ut, lik den halvgamle onkelen som prøvar å fenge ungdommen med utdaterte vitsar.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur