Kultur

Saknar representasjon av minoritetar i kyrkja

– Det er heilt fantastisk å sjå ein indisk, kinesisk eller ein svart Jesus, seier den anglikanske presten April Almaas. Ho meiner alle skal kunne ha førebilete dei kan spegle seg i.

«I kveld gikk jeg inn i Vår Frue kirke for en konsert og så to av Mark Dukes ikoner henge foran meg. Jeg visste at de ville være der, men var totalt uforberedt på den kraftige følelsesmessige reaksjonen det var å se et religiøst ikon i en norsk kirke som så ut som meg.»

Dette skreiv April Almaas, anglikansk prest i Trondheim, på Facebook etter at ho høyrde John Coltranes «A Love Supreme» bli framført i ei fullsett Vår frue kirke under Olavsfestdagene.

LES OGSÅ: Nye russiske ­ikoner bryter tradisjonen

Verdifulle

I kyrkja hang også to av den amerikanske kunstnaren Mark Dukes ikon, det eine av St. John Coltrane, laga spesielt til Olavsfestdagene, det andre av Maria som er svart kvinne som held hendene i veret, «Our Lady Against All Gun Violence». Der vi vanlegvis ser Jesus, er det ein liten, svart silhuett i trådkrossen til eit skytevåpen.

– Å sjå den veldig kvite Kristus ved sida av eit ikon som såg ut som meg, var heilt overveldande, seier Almaas til Vårt Land. Vi møter henne på ein kafé i Trondheim to dagar etter konserten, og fire dagar etter at nynazistar demonstrerte fritt i Kristiansands gater.

– Det at desse hendingane skjedde etter kvarandre, gjorde heilt klart opplevinga i kyrkja sterkare. Den truande beskjeden frå demonstrantane «Den nordiske motstandsbevegelsen» var klar: Folk som ser ut som meg, er ikkje velkomne i Noreg.

LES OGSÅ: Kirken symbol på etnisk norsk

Under konserten framførte musikarane også komposisjonen «Alabama», som vart skriven som eit svar på Ku Klux Klans bombeangrep mot ei kyrkje i Alabama i 1963. Festivalsjefen, Petter Myhr, fortalde i forkant av framføringa om hendinga, der fire afroamerikanske jenter vart drepne.

– Bodskapen vi kunne ta med oss frå denne kvelden, var ein heilt annan: Menneske med minoritetsbakgrunn og deira liv og kulturelle bidrag vart løfta fram som verdifulle.

Flytta frå USA

April Almaas er utdanna luthersk prest i USA, og flytta til Trondheim frå San Francisco for åtte sidan. Ho er godkjend prest både i Den norske kyrkje og i The Church of England og held gudstenester i Nidarosdomen og Vår Frue kirke. Ho er også den første utanlandske minoritetskvinna som er blitt ordinert i Nidarosdomen.

Det var ho som foreslo for festivalarrangørane å hente inn Mark Dukes, då ho høyrde at temaet var idol.

– Eg hadde sett Dukes kunst før, og tenkt at dette er mektig. Men det var noko ganske anna å sjå det sjølv i den kyrkja der eg vanlegvis held gudstenester.

Det gjorde også inntrykk å sjå ei nokså kvit forsamling sjå opp på ei svart Maria og høyre musikken til ein afroamerikansk musikar med begeistring – stadfesta av ein ståande ovasjon.

LES OGSÅ: Kunsten som gjorde oss til protestanter

Viktig kjensle

Det å kjenne seg att i ikon eller gode førebilete er ifølgje Almaas kjempeviktig, anten det er i reklame og film eller i kyrkjekunsten.

– Det gir ein ei kjensle av å vere velkomen, av å høyre til, av å vere normal – i staden for å kjenne seg framand, ikkje ønskt, feil.

Når menneske med minoritetsbakgrunn stadig blir framstilt veldig stereotypt i film og reklame, meiner ho det kan få konsekvensar for korleis samfunnet ser på dei.

«Hvilke fjes og kropper som blir valgt (eller valgt bort) i reklamer gir en indikasjon på sosiale normer for hva som er akseptabelt, vakkert & en suksess», skriv ho vidare i Facebook-statusen.

– I mange tilfelle er det slik at dei einaste rollene dei kan få, er som mordarar, langarar, tjuvar, og det forsterkar sjølvsagt fordommar. Eit anna fenomen som kan få negative effektar, er det som kallast «kvitvasking» – der Hollywood gjenskapar filmar som opphavleg hadde minoritetar i hovudrollene og fyller desse rollene med kvite skodespelarar.

Tendensen ser vi også i religiøs kunst; Jesus er i dei fleste samanhengar framstilt kvit som porselen, ikkje sjeldan med blå auge og lyst brunt hår – jamvel om er lite sannsynleg at det var slik han såg ut.

– Vi er så vane med å sjå Jesus som kvit at det å sjå eit ikon av han eller jomfru Maria som svart, nok kjennest nærmast kjettersk for mange. Men vikingversjonen av ein kvit Kristus er like langt frå den historiske røynda som Mark Dukes svarte Madonna.

LES OGSÅ: Kirkekunst skaper trosdialog

Alle er velkomne

Korkje den kvite eller den svarte versjonen er feil i Almaas' auge.

– Poenget er ikkje om han var svart eller kvit, og eg meiner ikkje å kritisere det bildet dei aller fleste har av Jesus. Men det er fint og viktig at det kan finnast fleire versjonar, som også ikkje-kvite kan spegle seg i. Alle skal kunne føle seg velkomne av Gud.

Ho trekker fram den indiske kunstnaren P. Solomon Raj, den kinesiske kunstnaren He Qi og den amerikanske kunstnaren Mark Wantanabe, som alle skapar alternative bilde av Jesus, i tillegg til Mark Dukes, som er diakon i St. John William Coltrane African Orthodox Church i San Francisco.

– Det er heilt fantastisk å sjå ein indisk, kinesisk eller ein svart Jesus, for det for oss til å tenkje at ja, Jesus har sagt at alle er velkomne til bordet!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur