Kultur

– Paven er ingen god lagspelar

Pave Frans’ forsøk på å reformere Vatikanet har ført til borgarkrig i Den katolske kyrkja, meiner den italienske journalisten Marco Politi.

Denne helga er den italienske journalisten og forfattaren Marco Politi på besøk i Oslo. I meir enn 40 år har han dekka Vatikanet og Den katolske kyrkja for fleire italienske aviser, og i fjor kom boka hans om pave Frans ut i heimlandet. Her fortel Politi historia om den argentinske jesuitten Jorge Mario Bergoglio, som vart den første paven frå det amerikanske kontinentet, til enorm glede for mange og til frustrasjon for andre. Boka skildrar Bergoglios veg inn i pontifikatet, hans forsøk på å reformere Den katolske kyrkja, og motstanden han møter. No er boka ute på norsk på Vårt Land forlag, med tittelen Frans blant ulvene. Fra innsiden av en revolusjon.

– Paven har vunne hjarte over heile verda, ikkje berre hos katolikkane, men hos andre kristne, hos muslimar, jødar og ikkje-truande. Kva er dei viktigaste faktorane bak populariteten hans, slik du ser det?

– Etter pavedømmet til Benedikt XVI, som var ein intellektuell teolog, men ikkje ein særleg god formidlar, venta katolikkane på ein som var varmare. Dei venta på ein som snakka meir om nåde enn om prinsipp, seier Politi til Vårt Land.

– Så kom Frans og formulerte at kjernen i kristendommen er at Gud elskar oss, og at kyrkja skulle ikkje lenger skulle vere ein tollpost som fører rekneskap over synder og bestemmer kven som er inne og ute. Kyrkja skulle vere eit fellesskap, til hjelp og trøyst i kvardagen.

LES OGSÅ: Beskylder paven for kjetteri

Bana veg

I boka skriv Politi også noko som kan tolkast som at tida no var inne for ein slik pave, formulert som at Den katolske kyrkja stort sett har lykkast i å velje pavar som har forståing for tida dei lever i, heller enn kardinalar som har mista kontakten med samtida. For Frans er ikkje berre pave, han er politikar.

– Frans er ikkje berre ein religiøs leiar. Han er ein geopolitisk leiar når han snakkar om fattigdom, om menneskehandel, migrasjon og miljø, og korleis alt heng saman.

Då forgjengaren hans, pave Benedikt XVI, abdiserte, var det ikkje ei sterk og samla kyrkje han etterlet seg, men ei som var prega av skandaløse avsløringar om seksuelle overgrep og korrupsjon, av paralyse og oppløysingstendensar. Politi kallar Benedikts avgang eit statskupp, som bana veg for ein pave som Frans. Ifølgje kanonisk rett må også dei mektige leiarane for kyrkjas sentralstyre, kurien, gå av når paven abdiserer, og slik ville Benedikt XVI ifølgje Politi sørgje for at neste pontifikat kunne starte med blanke ark. Det var eit staskupp som tok makta frå alle fraksjonane i kurien, slik at det var mogleg å gjennomføre eit uavhengig val.

– Pave Benedikts avgang skapte stor forvirring. Dette var første gang i historia at ein pave abdiserte heilt frivillig. Men kardinalkollegiet samla til val, konklavet, ønskte seg først og fremst ein som kunne rydde opp i Vatikanet, ein som kunne reformere kurien, og som hadde meir kontakt med biskopane verda rundt, enn det Benedikt, som var ein meir isolert og tilbaketrekt pave, hadde hatt, fortel Politi.

LES OGSÅ: Paven overrasker: Jeg har gått i terapi

Ikkje for perfekte

Dette fann dei i Bergoglio, som var tydeleg og karismatisk, og god til å kommunisere.

– Men dei hadde ikkje føresett den revolusjonen han sette seg føre å sette i verk. Hadde dei visst det dei veit no, hadde dei nok stemt annleis, meiner han.

– Kva for slags revolusjon er dette, og kva er målet?

– Han vil omskape pavedømmet. Paven skal ikkje vere keisar med gullkross, kappe og raude sko. Kyrkja skal vere fellesskap, ikkje autoritet, og biskopane skal ikkje vere byråkratar eller prinsar. Dei skal vere hyrdar som luktar som sauane sine, vere ein del av samfunnet dei leiar, seier Politi.

Han understrekar at det paven først og fremst vil oppnå, er å stadfeste evangelias bodskap om nåde, kjærleik, brorskap. Det er ofte ein audmjuk reformator vi møter i dei tallause framstillingane av paven, også her.

– Er dette bildet ei sanning med modifikasjonar, så lenge han teologisk er like konservativ som sine forgjengarar?

– Det stemmer at han ikkje er ideologisk liberal eller venstrevridd. Men sjølv om han teologisk held seg til ei tradisjonell fortolkingsramme, er han ikkje dogmatisk, seier Politi, og bruker nattverden som døme.

– Han har opna for at skilte som har gifta seg på nytt, kan gå til nattverd, noko som tradisjonelt ikkje har vore mogleg. Haldninga hans er at nattverden er til nettopp for syndarar – ikkje for dei perfekte. «Kven er eg til å dømme», seier han når konservative prøver å stenge ute homofile frå sakramenta. Dette er interessant, for det viser korleis Bergoglio endra seg etter at han vart pave. Han kom frå eit teologisk konservativt miljø, men som pave har han uttalt, som den første romerske pontifeks, at vi må få kvinner inn i leiande 
stillingar i kyrkja.

– Men han vil framleis ikkje tillate ordinasjon av kvinnelege prestar?

– Dette er eit veldig konfliktfylt tema, og det er vanskeleg å forstå for mange kvifor det ikkje skal vere lov. Etter mi meining er grunnen til at Frans ikkje gjer noko med dette at han ikkje er sterk nok. Han veit at majoriteten av biskopane er konservative, og at han ikkje ville få nok støtte per i dag.

Men, skal vi tru Politi, gir ikkje paven seg med det.

– Behovet for prestar er stort, og mange kyrkjer ønskjer å opne for kvinnelege og gifte prestar. Frans prøver å få lokale prestar til å formulere eit forslag om endring, for slik å starte revolusjonen nedanfrå. Han kan ikkje gjere fleire endringar ovanfrå og ned akkurat no, og det veit han. Det er no ein borgarkrig i gang i Den katolske kyrkja.

LES OGSÅ: – Colombia trenger pavens drahjelp

Ulvane

Politi snakkar om fiendar blant biskopar og kardinalar som Frans må samarbeide med.

– Opposisjonen mot Frans blir større og større. Fleire geistlege har gått ope ut og kalla det han gjer for kjettersk, i bøker og i brev adresserte til paven. Motstanden kjem særleg til syne gjennom ulike nettsider som hevdar at Frans fornedrar det heilage ved pavedømet, gjer kyrkja protestantisk og så vidare. Historikaren Andrea Ricardi meiner at dei siste 100 åra ikkje har vore ein så stor opposisjon mot paven som det vi ser no.

Opposisjonen er for det meste fragmentert, men samla seg mellom anna under familiesynodane i 2015. Den samla motstanden fekk stoppa ei dokument som opna for nattverd for gjengifte.

– Dette dokumentet finst no ingen stad. I sine personlege dokument skreiv paven det likevel inn i ei fotnote, og slik klarte han likevel å opne for dette.

Han gjekk inn bakvegen, som Politi uttrykker det.

– Men dette bildet av Frans som den gode hyrding mot «ulveflokken», blir det ikkje eit noko forenkla bilde?

– Poenget med analogien er ikkje at Frans er god og kjempar mot det vonde. Det viser til legenda om då pavens namnebror St. Frans av Assisi temma ein ulv, og står i kontrast til dagens situasjon, der ulvane, motstandarane av reforma, blir meir og meir aggressive, og maktkampen eskalerer. Dei ønskjer ikkje å styrte paven, for det er ikkje mogleg, men dei sørgjer for å influere det nye konklavet, så dei ikkje får ein pave som vil vidareføre Frans’ revolusjon.

LES OGSÅ: Overgrepsskandale i Den katolske kirke

Revolusjon ovanfrå

Problemet, meiner Politi, er at det denne gongen ikkje er ei sterk rørsle frå grasrota som er drivkreftene bak revolusjonen, slik tilfellet var med det andre vatikankonsilet. No kjem det ovanfrå. Og sjølv om folk over heile verda støtter pave Frans, og er for reform, er dei passive.

– Færre og færre går i kyrkja, eller deltar i kyrkjefellesskapen. Nokon har skildra det som ein stadion med ein einskild spelar, paven sjølv, med ein full stadion av applauderande publikum, men ingen som speler med. Han har ikkje ei sterk reformrørsle rundt seg.

– Har du nokre tankar om korleis paven kan manøvrere gjennom dette?

– Eg gir aldri profetiar. Men eg kan seie med stor sikkerheit at vi er i andre omgang av pontifikatet no, og at det ikkje er mykje tid att til å reformere. Pavens tilhengarar understrekar at det no er viktig at paven skapar eit lag rundt seg, men han er ingen sterk lagspelar. Han skifta heller ikkje ut mange i kurien då han overtok, og det kan ein jo seie er veldig nobelt. Men det er også skjebnesvangert. Blant dei er mange som ikkje er uttalte fiendar, men som berre er passive, som ikkje drar lasset, men berre ventar på den nye paven. Og det er jo ein måte å motarbeide på, det òg.

LES OGSÅ: Paven på trøstetur til Egypt

Politi meiner at bildet av den smilande paven som møter oss overalt i media, kan skugge over for det faktum at dette er eit dramatisk pontifikat, prega av maktkampen mellom ein pave som prøver å få gjennom reformer og ein sterk opposisjon, som det skal godt gjerast å knuse.

– Korleis blir den neste paven?

– Det eg kan seie, er at det er umogleg å gå tilbake. Pave Frans har endra bildet av kyrkja så drastisk at det er umogleg å ha ein reaksjonær pave. Men vi kan vente oss ein kamp i konklavet for å få ein meir moderat pave neste gong, seier Marco Politi.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur