Legen og debattanten Johan Scharffenbergs legegjerning, samfunnskamp og menneskesyn har i Espen Søbyes biografi fått eit imponerande monument vi kan bli kloke, undrande og provoserte av.
Då Scharffenberg døydde i februar 1965 hadde psykiateren mest heile livet kjempa gjennom milelange – og for mange trøyttande – kronikkseriar. Og han sette spor gjennom brev og rettspsykiatriske erklæringar. Søbye har gjort ein arkivstudie, også av ufullførte arbeid. Han har hatt uvanleg mykje å ta av.
Forbod. Gjennom tiår kjempa Scharffenberg for eit brennevinsforbod. Ettertida har dømt forbodstida nord og ned. Men Søbye får fram bakgrunnen. Det var, slik Scharffenberg såg det, dei svakaste som tapte på spritflaumen - og alkoholen var på side skuldig i å degenerere menneskeslekta.
Ei interessant side ved Scharffenbergs utfall var kampen mot drikkeskikkane til overklassen og alkoholbruken i offentlege møte. Hans kamp mot innføringa av pengelotteriet for 100 år sidan, fortener også merke i margen: Spel og hasard sto i pakt med det usle i menneskenaturen som fråhaldsfolket freista å nedkjempe, som lettsinn, havesykje og vinning utan arbeid.
Sterilisering. Mest kjend er Scharffenberg for kampen for steriliseringa. Lova vart vedteken i Stortinget mot éi røyst i 1934, eit lite ærerikt kapittel i norsk sosialpolitikk. Scharffenberg meinte det ikkje nytta med sterilisering i ny og ne: Her måtte det eit krafttak til mot minst 20.000 som burde ut av avl. Skulle steriliseringa monna, måtte ein nok gå til tvang slik Tyskland hadde gjort, meinte han.
I eit intervju har forfattaren kalla Scharffenberg «en slags rasist». Men strengt teke var Scharffenberg ikkje rasist. Heilt frå Hitler fekk makt i Tyskland i 1933, tok Scharffenberg knallharde oppgjer med Hitler, raseteoriane og nazismen. Han fekk absolutt tale- og skriveforbod under krigen.
Men Scharffenberg hadde på si side eit menneskesyn som ofra dei svakaste – dei måtte hindrast i å føre genane sine vidare. Han var sosialdarwinist til fingerspissane. Forakt for det svake gjorde han altså ikkje nazist. Scharffenberg meinte dårlege genar måtte lukast ut i alle rasar for å hindre fødsel av skarar av barn som trengde offentleg omsorg alt frå fødselen av.
Omstreifarmisjon. Norsk Misjon Blant Hjemløse har fått nok å ta oppgjer med frå si historie blant omstreifarane. Søbye viser korleis Scharffenberg gjekk mykje hardare ut enn omstreifarmisjonen. Han refsa misjonen for å byggje barneheimar utan å ville hindre omstreifarane i å setje barn til verda. Misjonen hevda at barneheimar var det beste midlet til å få barn ut av armoda og inn i samfunnet - og til å redusere barnetalet. Scharffenberg hevda at sigøynarar og omstreifarar uansett var mindreverdige avlsindivid, og sterilisering var einaste midlet. Det nytta ikkje, hevda Scharffenberg, å få gauken til å byggje reir.
Espen Søbye fastslår at Johan Scharffenberg er ein mann «fra forgangne århundrer». Hans syn på omstreifarar viser eit uverdig menneskesyn vi har teke oppgjer med. Men kanskje er ikkje kronikkane hans berre minne om ei forgangen tid? I kampen for steriliseringa av «imbesiler, idioter og omstreifere» kjempa han same sak som Karl Evang og Aase Linonæs. Den eine blei helsedirektør, den andre vart leiar i Nobelkomiteen – samfunnsstøtter lenge etter at ein gløymd Scharffenberg hadde skrive den siste kronikken sin. Og sjølv om vi kvitta oss med steriliseringssyndromet i oppgjeret med Hitler-Tyskland, har delar av ideologien dukka opp i ny innpakning: Fostertestar som opnar for klappjakt på foster med Downs syndrom. Så kor forgangne er alle desse åra?
Lengde og rot. Det har brote ut ein litt tøvete debatt om kor vidt biografiar er blitt for lange. Espen Søbyes 850 sider pluss 100 sider med notar og register er eit døme på at ein grundig gjennomarbeidd biografi kan vere eit bolverk mot det overflatiske. Det er ikkje lengda, men innhald og skrivekunst som avgjer. Søbye har gjeve oss eit storslagent og imponerande oppslagsverk om Scharffenbergs virke i viktige samfunns- og verdispørsmål, medrekna motstanden hans mot både dødsstraff og legalisert dødshjelp. Men skrivekunsten kunne på nokre punkt vore skjerpa: Biografien blir stundom litt lite lesevenleg når forfattaren kronologisk skal dra lesaren med gjennom flaumen av skriftlege kjelder med hopp mellom ulike tema.
Men dei som har slite tyngst med lengda er Oktober forlag. På minst to plassar er avsnitt på pinleg vis blitt feilplasserte. Til dømes: På side 547 dukkar eit avsnitt om Scharffenbergs hulking i unge Peter Grepps gravferd opp midt i eit oppgjer med Hitlers raseteoriar og ei utgreiing om steriliseringslova i Nazi-Tyskland. Oktober burde klare dette betre – midt i jubileumsfesten.
Oppslagsverk. Søbye har altså valt å late primærkjeldene tale for seg utan at han analyserer og leitar fram svar, til dømes om den politiske plasseringa til Scharffenberg som i mellomkrigstida låg nær Ap. Det hindrar likevel ikkje at kunnskapstørste har fått ei bok vi kan slå opp i for finne ut kva Scharffenberg meinte om det aller meste som rørte seg i eit knapt og intenst hundreår tett opp mot vår tid.
Les i papiravisen: Olav Egil Aune anmelder Enzo Bianchis bok «Hvorfor be, hvordan be.»






