Kultur

Helga Hjorth svarer søstera i ny roman

Røyndomslitteraturens etiske dilemma vart haustens store kulturdebatt i fjor, etter at Vigdis Hjorth gav ut romanen Arv og miljø. No kjem søstera Helga Hjorth med sin versjon av historia – i romanform.

I går vart romanen Fri vilje av Helga Hjorth lansert på Kagge forlag. Romanen er eit klart motsvar til Arv og miljø, også ifølgje Hjorth sjølv, slik ho uttrykker det i eit intervju med Aftenposten: Ho ønskjer ikkje meir merksemd kring familiens privatliv, men vil bidra til å skape ein prinsipiell debatt om etikk i litteraturen når det kjem til bruken av levande modellar.

– Eg synest det i og for seg er eit morosamt grep å svare med ein roman, seier filosof Lars Fr. H. Svendsen, som tidlegare har uttalt at ein må skilje mellom estetisk og etisk vurdering av litteratur.

– At ei bok er godt skriven, betyr ikkje at ho også er moralsk god. Men eg vil jo seie at det er nøyaktig dei same grunnpoenga som vil gjere seg gjeldande her, sjølv om eg ikkje har lese denne boka enno. I den grad Vigdis Hjorths roman skulle vere moralsk problematisk, vil eg tru at denne romanen er problematisk på eit liknande vis. Motsvaret er ikkje nødvendigvis meir høgverdig.

LES OGSÅ: Arv og miljø er nådeløs og lysende

Tvilsame kompliment

Litteraturprofessor Erik Bjerck Hagen ved Universitetet i Bergen har før uttalt at høg litterær kvalitet kan gjere det enklare å forsvare litteratur som elles kan vere moralsk tvilsam.

– Ein tilgir meir når det er godt utført. Dessutan meiner eg ein bør ta det som eit kompliment å bli godt skildra i ein roman, slik både faren til Knausgård og søskena til Hjorth blir, etter mi meining.

Professor Marianne Egeland ved Universitetet i Oslo er meir kritisk til bruken av levande modellar i røyndomslitteraturen. Ho trur ikkje naudsynleg at eit formalisert regelverk for forlag og forfattarar vil hjelpe.

– Men eg trur det vil vere av det gode om nivået på den etiske refleksjonen blir høgare – det gjeld også blant dei som kommenterer, anten det er litteraturprofessorar, psykologar eller psykiatrar, seier Egeland.

Ho meiner det går igjen blant mange kommentatorar at lesaropplevinga blir sett høgare enn det etiske ansvaret og konsekvensane bøkene kan ha for dei involverte.

Bjerck Hagen kjem ikkje på liknande døme der nokon har skrive sin eigen roman som ein motversjon til ein tidlegare roman.

– Denne utgivinga er nok eit symptom på at røyndomslitteraturen har tatt endå nokre omdreiingar dei seinaste åra. Å ta til motmæle i romanform er eit naturleg neste steg. Det har sterkare verknad enn å skrive ein sur kronikk. Sånn sett burde onkelen til Knausgård ha skrive ein roman i staden for å forsøke å stoppe Min kamp, seier professoren.

LES OGSÅ: Den etiske kritikken blir skarpare når kritikarane meiner det estetiske ikkje held mål

Belasting

«Skulle vår samtid så sterkt preget av selvpromotering og ekshibisjonisme, kunne påberope seg en spesiell beskyttelse – mot kunsten?» spør forfattaren Knut Faldbakken i ein kronikk som stod på trykk i Dagbladet i haust – då debatten om røyndom og moral i Vigdis Hjorths roman Arv og miljø raste som verst. Kunsten har alltid utfordra sin samtids herskande syn på moral, meiner han. Det betyr ikkje at forfattarar står heilt frie til å gjere kva dei vil.

– I utgangspunktet er det slik at eg står hundre prosent på forfattarane si side i deira val om å skrive frå røynda, men dei må kunne ta konsekvensane det vil få for deira forhold til menneska rundt seg. Å skrive frå røynda er ofte eit tvingande naudsyn, og som forfattar er dette ei belasting du må bere med deg, seier Faldbakken, som i år feirar 50-årsjubileum som forfattar.

Han har sjølv opplevd å få mykje kjeft for å hente røynda inn i litteraturen, blant anna i romanen Bryllupsreisen (1982).

– Ein opplever ofte å bli mistenkeleggjort som forfattar, men det må vi tole. Det er ei naudsynleg følgje av å ta kunsten på alvor.

LES OGSÅ: Litteraturen er verkeleg på villspor dersom vi innrettar han etter krav om det private

Bok og motbok

Det vi ikkje skal tole, meiner han, er at somme gjer seg til dommarar over moral og umoral i kunsten.

– Mange meiner jo at Vigdis Hjorth gjekk for langt i Arv og miljø, og at boka er eit argument for at vi må ha reglar for kunsten. Men ein Ver varsam-plakat for litteratar høyrer ikkje heime i eit fritt samfunn. Røynda går inn og ut av litteraturen som ein røyskatt i steingjerdet.

Helga Hjorths form for motsvar synest han er heilt riktig.

– Ho vil med boka forsøke å rette opp det ho opplever som ei vrangfortolking i Vigdis' attgiving. Det er bok og motbok, noko vi ikkje har sett maken til sidan førre hundreårsskifte, då litteraturen verkeleg kosta forfattaren noko, og der ein slik moralistisk tone vi ser døme på i denne debatten, ikkje høyrde heime. August Strindberg ropte til ein av sine fiendar på gata: «Vi sees i min neste bok!»

Han meiner det blir feil å sjå Fri vilje som ein hemnroman. For Helga Hjorth var det nok like tvingande naudsynleg å skrive denne romanen, som det var for Vigdis Hjorth å skrive Arv og miljø.

– Denne litterære holmgangen er ein utmerkt demonstrasjon av  korleis litteraturen kan vise kor ulikt folk opplever hendingar og detaljar. Bok og motbok skulle vi hatt meir av, kunstnarisk forløyste, heller enn skitkasting i offentlege medium. Det blir spennande å sjå korleis kritikkane blir, om dei byrjar å setje litterær kvalitet i dei to bøkene opp mot kvarandre – heller enn å byrje å undersøkje nærmare kva som faktisk er sant og ikkje.

Les mer om mer disse temaene:

Arne Borge

Arne Borge

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur