Anmeldelser

Gjendiktigsbragd

MELDING: Den amerikanske poeten Robert Bly er meir utfordrande enn nokon gong, i ei meisterleg gjendikting til norsk.

Den amerikanske poeten Robert Bly har norske forfedre frå Bleie i Hardanger, noko han sjølv ofte nemner. Men bortsett frå det genetiske og bortsett frå at han voks opp på ein gard i det «norske» Minnesota, er det meir fransk, spansk og tysk modernisme enn trygg heimstaddikting i lyrikken hans. Rett nok finst det ein åndeleg slektskap mellom Bly og ein fruktdyrkar frå Hardanger, Olav H. Hauge. Dei tek begge gjerne utgangspunkt i velkjende bilete frå natur, gardsdrift og hagebruk for så å føra diktet inn i eit meir komplisert landskap av lærdom og sjelsdjup. Hauges djupe spirituelle og metafysiske, ja religiøse, forankring er elles sterkt underkommunisert i det biletet av Hauge som vart så entusiastisk løfta fram av den radikale Profil-krinsen på 1960 og 1970-talet.

Meir enn ting

Bly skapte ei motbylgje i amerikansk poesi ved å opponera mot tradisjonen frå amerikansk modernisme, som han meinte vart for enkel i sin objektivitet. Tinga er lysande klåre også i hans poesi, men han vil noko meir enn det tinglege: Ei frigjering av tanken, eit rom for det subjektive og for det undermedvitne.

Dette har òg ein viss samanheng med Blys interesse for Carl Jung, som ein kan sjå har innverknad på ei sentral side ved hans poesi der poeten finn vegar inn til djupare indre plan ved hjelp av Jungs teoriar om arketypar og det kollektivt undermedvitne. Bly hentar eit rikt tilfang frå fleire religionar, kulturar, mytar, folkeeventyr og eldre litteratur med meir.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Poesien uskadd

Den samlinga med Robert Bly-dikt vi no har fått på norsk, Den natta Abraham ropte til stjernene, er gjendikta av poeten Odd Goksøyr. Gjendiktinga er eit lysande døme på nettopp gjendikting i motsetnad til omsetjing: Her har vi å gjera med ei diktsamling der poesien er berga så godt som uskadd over frå det eine til det andre målet. Ei slik gjenskapingsgjerning kan berre den som sjølv er poet gjera. Det einaste eg er usamd med Goksøyr i, er at han overfører den angelsaksiske tradisjonen med å byrja kvar line med majusklar til dei norske versjonane. Det verkar som ei unødvendig hindring for tileigninga av diktet for ein som er fortruleg med norsk majuskel-tradisjon i poesien.

The Night Abraham Called to the Stars kom ut i 2001: Den då 75 år gamle poeten tek her eit drygt steg vidare innover i ei indre verd, men vi får holer i eit meir velkjend landskap til å smyga oss med diktet inn mot den åndelege verda (sjeleleg ville han truleg ha kalla det). Desse meir velkjende landskapa vi byrjar i, kan vera referansar til bibelske og andre forteljingar, eller til dyr og landsens landskap.

Abraham

Som det går fram av tittelen, er vi i delar av boka førde til den gamaltestamentlege Abraham, som jo er stamfar til mange stammar og patriark såvel i jødedom og kristendom som i islam. Dette nemnt fordi Bly forsyner seg av mange kulturtradisjonar også i desse dikta, og stundom sveipar lenger enn den abrahamittiske sfæren, til dømes til sumerisk religion. Den bibelske er éin av tradisjonane, men når han kjem til Jesus er det ofte med gnostikarens forståing. Og freistar ein vri ut ein teologi eller tru ut av desse dikta, kjem ein ikkje i mål, iallfall gjer ikkje denne lesaren det.

Det same gjeld om ein vil destillera ut eit tydeleg meiningsplan. Jau, eg tek poeten på ordet når han (i «Slaget ved Ypres, 1915») skriv at «Dei grådige av oss trår etter katastrofe, at ting/ Slår feil, at krigen skal ta til (...)». Grådugskapen er eit nøkkelord, krigen dukkar òg opp fleire stader hos den gamle fredsaktivisten Bly. Eit tredje nøkkelord er fornuft: I «Isolde og grevlingen» formulerer han at «Det vi kallar fornuft, er måten snyltaren/ Overlever på i tjukktarmen til den heilage.» Andre slike nøkkelord er overflod, lyst og einsemd.

Gamalarabisk form

Og som om ikkje det var nok – med dei mange referansane til kulturar, mytar, religion, litteratur, historiske hendingar, natur, dyr og så bortetter – legg han seg tett inn mot gamalarabisk diktskaping i strofebygginga. I eit lite, men opplysande, forord fortel gjendiktaren om dette mønsteret, ghazal, og korleis Bly på ein fri måte legg det som ein struktur for diktboka. Goksøyr gjev òg opplysande kommentarar til motivkrinsar og viktige omgrep hjå Bly. Per Olav Kaldestad supplerer med eit etterord der han dreg lengre liner i denne sentrale forfattarskapen i amerikansk litteratur, som «utvidar tankane våre og får oss til å sjå tilværet med friske augo.»

Ja, og takk for det! Her har vi ei perle. Ros skal òg det vesle forlaget Ura Forlag ha for ei gjennomførd vakker og kultivert diktbok.

Dette er dikt som eg kjem til å lesa mange gonger, for dei set i gang meddiktande prosessar i meg, lesaren.

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser