Kultur

Gir opp å forsvare ateistar

Dialogvennlege ateistar i USA må tåle sterk kritikk frå andre ikkje-religiøse. Miljøet er i ferd med å splittast, ifølgje Even Gran i Fri tanke.

Chris Stedman er godt kjend i det amerikanske humanistmiljøet, som ein som argumenterer for ateisme og humanisme på nett og i media.

Men no orkar han ikkje lenger, skriv han i den amerikanske avisa The Washington Post.

På TV

Grunnen skal mellom anna vere reaksjonane han fekk etter å ha vore gjest i programmet «The O'Reilly Factor» på den konservative TV-kanalen Fox News for nokre år sidan.

Etter programmet skal Stedman, som er oppteken av livssynsdialog, ha fått positive tilbakemeldingar frå sjåarar som ikkje hadde eit positivt inntrykk av ateistar frå før.

LES KOMMENTAR: Etter oppbruddet 

Ateistar i USA er ein liten og relativt uglesett minoritet i landet, ifølgje USA-ekspert Jan Arild Snoen. Mange amerikanarar opplever at ateistar absolutt vil krangle om det meste, og gjerne på ein aggressiv måte, seier han.

Det har også ateisten Stedman fått kjenne på kroppen.

– Fleire prominente ateistbloggarar kritiserte intervjuet. Dei meinte eg gjorde ein forferdeleg jobb og at eg allierte meg med O'Reilly, skriv Stedman.

Anonyme kommentatorar meinte mellom anna at han burde takke nei til framtidige TV-invitasjonar fordi han er «for feminin».

LES OGSÅ: Fleirtal trur ikkje på Gud

Splitta miljø

Det er delte meiningar i ateistmiljøet i USA om korleis ein skal møte dei sokalla militante ateistane, ifølgje Snoen. Han vil gjerne forsvare gruppa.

– Det har vore tronge kår for å vere ateist i USA. No har dei høve til å ta igjen, og det er ein av grunnane til at det blir konfrontasjon, trur han.

Even Gran, journalist i Fri Tanke, har skrive om Stedmans avgjersle om å gi opp å nyansere biletet av ateistar i USA. Det er ein debatt som Human-Etisk Forbunds nettavis gjerne vil følgje.

– Eg tykkjer det er spanande, seier Gran.

LES OGSÅ: «Ja til opplyste ateister»

Ifølgje han fekk nyateismen, ei sosialpolitisk rørsle som oppstod i 2006, eit mykje større preg av vekking i USA enn her i Noreg.

– Det er nok fordi at USA er meir prega av bokstavtru kristendom. Mange blir oppdregne til at ei gudstru er nødvendig for å ha god moral. Når dei vart merksame på at det ikkje er slik, så var behovet ekstra stort for å rope høgt om det.

Men no er miljøet i ferd med å splittast, trur Gran.

– Det er ein del som føler at livet må vere meir enn å rope om at Gud ikkje finst. Vi må ha verdiar å styre etter. Det blir litt tynt å berre avvise gudstru.

Felles verdiar. Jan Arild Snoen er usikker på om det vil oppstå meir livssynsdialog i USA i åra som kjem.

– Det er mange amerikanske kristne som ikkje er interessert i å snakke med dei vantru, for å seie det sånn, seier han.

LES OGSÅ: Kirkelig medlemsras etter ateistisk reklamekampanje

Kristendomen vil stå sterkt i USA i lang tid, trur Snoen. Han meiner at dei som har ein mindre militant ateistisk ståstad, som Stedman, vil erkjenne at religiøse og ateistar kan ha felles verdiar.

– Då er det grunnlag for dialog. Men der vil alltid vere konfrontasjonar på fløyene.

Politikk og religion

Han trur at politikken i USA har mykje av skulda for at forholdet mellom religiøse og ateistar blir polarisert.

– Fram til 1960-talet var det ikkje stor forskjell på demokratar og republikanarar når det gjaldt religion. Men sidan 1980-talet har det å vere veldig religiøs blitt meir og meir det same som å vere republikanar, seier han.

Nesten alle ateistar i USA er demokratar og mange ser på president Donald Trump som det ultimate beviset på at kristne på høgresida ikkje har integritet, ifølgje Snoen.

– Mange religiøse er begeistra for presidenten, sjølv om han ikkje oppfyller krava for moralsk livsførsel. Det ser dei gjennom fingrane med. Det aukar konfrontasjonen med ateistane.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur