Kultur

Fornøyeleg mafia på Lillehammer

Steven Van Zandt og resten av gjengen i Lilyhammer maktar å more og underhalde med kombinasjonen av norsk småbyliv og mafiøse «kulturforskjellar».

Lilyhammer har vore på alles lepper lenge før serieoppstart i kveld. Debatten om produktplassering har gått høglydt sidan NRK stoppa serien på grunn av ulovleg skjult reklame før jul i fjor. I etterkant er serien blitt klippa på nytt, og det som var i strid med norsk lovgiving, er blitt teke ut. Den mest profilerte merkevaren eg kunne få auge på, var ein pizza Grandiosa – der hovudpersonen i serien, Frank Tagliano à la Giovanni Henriksen (Steven Van Zamdt), kastar pizzaen i søpla og brukar eska til å fryse ned amerikanske dollar.

Hopp-tortur. Nokre flotte oversiktsbilete av Lillehammer er framleis med, men ingenting som får ein vanleg sjåar til å stusse. Den viktigaste lokalgeografiske scena er når Giovanni og den norske kumpanen Torgeir Lien (Trond Fausa Aurvåg) nyttar Lysgårdsbakkane som torturreiskap. Dei pressar ein mildt sagt skjelven skurketype utfor hoppbakken på Liens gamle ski. Slik går det når New Yorks skruppellause mafiakvardag møter eit godlynt norsk småbyliv. Her er det berre nisselua som manglar. Giovanni går kledd i OL-dressen frå 1994. Manusforfattarane Anne Bjørnstad og Eilif Skodvin har openbert kost seg godt når dei har utvikla konseptet.

Amerikanarar kjem truleg til å le seg skakke av denne serien. Eg må innrømme at eg humra godt sjølv også. Kanskje skal eg ikkje hevde at Lilyhammer skårar full pott i alle ledd, men serien inneheld så mange morosame karakterskildringar og snurrige episodar at eg får lyst til å henge med vidare. Og det er godt gjort, for eg er ingen serieslukar i det heile.

The Sopranos følgde eg derimot med på, det er herfrå vi kjenner Steven Van Zandt best, som Silvio Dante. Mange vil nok også kjenne han som gitarist i Bruce Springsteens E Street Band, og nokre få som radiovert i Little Steven Underground Garage og plateselskapsjef med ein neve norske band i porteføljen. Eit av desse heiter Cocktail Slippers, og har fått speletid i episode nummer to av Lilyhammer. Problematisk, meiner medieetiker Gunnar Bodahl-Johansen. Han er nok inne på noko.

Bisarr. Om vi her skal konsentrere oss mest om sjølve serien, er konseptet problemfritt nok, om enn nokså bisart: Eit mafiamedlem frå New York tystar på bossen og krev vitnevern på Lillehammer i Noreg, ein stad han forelska seg i under OL i 1994. Dermed hamnar han plutseleg i rolla som arbeidslaus innvandrar i ein norsk småby, med alt det fører med seg av mistanke, forviklingar og «kulturelle forskjellar».

Ein ting Giovanni lærer nokså fort, er at han ikkje kan betale norske kommunetilsette med ein bunke dollar for å få fortgang i søknaden om å starte eigen bar. Snart skal det derimot vise seg at andre pressmiddel fungerer vel så godt. Jan Johansen (Fridtjov Såheim) på det lokale NAV-kontoret er ein sleiping godt over grensa til det irriterande. Svin på skogen i emning! Jajamenn!

Solid. Av dei mest sympatiske er Giovannis «love interest» Sigrid Haugli (Marian Saastad Ottesen), ei smånaiv og sjarmerande åleinemor som får rolla som Giovannis norsklærar. Andre sentrale personar er Roar Lien (Steinar Sagen), lensmann Laila Hovland (Anne Krigsvoll) og politibetjent Geir Tvedt (Kyrre Hellum).

Det er eit solid knippe skodespelarar som er involverte her, med andre ord. Aller best er kanskje Fridtjov Såheim, sjølv om NRK-komikaren Steinar Sagen også imponerer med lett og ledig spel.

Steven Van Zandt sjølv er ingen stor skodespelar, men brukar underleppa og Sopranos-pondusen for alt det er verdt og kjem ganske så greitt ut av det heile.

Resultatet er ein serie som både morer og underheld i skuggane av dei olympiske Lysgårdsbakkane. Lilyhammer har tatt sats, så får vi sjå om han står svevet ut.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur