Kultur

Engasjert litteratur må sprenge norske rammer

Norske forfattarar vil gjerne skrive engasjert litteratur, men det er mange som ikkje får det til. Det er mykje på grunn av den litterære tradisjonen vi står i, meiner forfattar Lars Petter Sveen.

Fleire gonger har det blitt etterlyst engasjement og samfunnskritikk blant norske samtidsforfattarar, og reaksjonen på etterlysinga er ofte ein motstand som botnar i ei oppfatning av engasjement som einstydande med moralisme. «Når det frå tid til anna blir etterlyst større engasjement blant unge forfattarar, får eg ofte ei guffen kjensle av at det er ein ganske bestemt type engasjement ein spør etter», sa Roskva Koritzinsky under ein debatt på litteraturfestivalen på Lillehammer i fjor.

Freddy Fjellheim uttalte nyleg­ til Vårt Land at det kan verke som ein del forfattarar er redde for at det inneber ei forflating av litteraturen å skrive aktivistisk. ­Engasjement og litterær kvalitet blir ofte sett opp som motpolar i den offentlege samtalen kring norsk samtidslitteratur, men er det slik at dei som skriv engasjert, skriv dårlegare litteratur?

Meistre det litterære

– Eg tenkjer mykje på dette. Alt eg har skrive til no, kjem frå koplinga mellom engasjementet mitt og målet om høgst mogleg litterær kvalitet, fortel forfattar Lars Petter Sveen til Vårt Land i ein e-post frå Tanzania, der han bur saman med kona som arbeider for Kirkens Nødhjelp.

Sveen fekk Tarjei Vesaas ­debutantpris i 2008 for novelle­samlinga Køyre frå Fræna og har seinare skrive romane Eg kjem tilbake (2011) og Guds barn (2014). Til hausten er han aktuell med ein roman om fem ­somaliske flyktningar som flyktar gjennom Afrika. Sjølv har han skrive om terror, vondskap, religion og vald i bøkene sine.

– Når eg skriv, er det alltid ei utfordring å gjere kunsten, teksten, så god som mogleg. Sam­tidig er det ei stor utfordring korleis bringe engasjementet inn i teksten. Eg stiller meg alltid spørsmålet om kva eg vil skrive om. Kva er det eg vil, kvifor vil eg det, seier han.

Han trur at det å vere ung forfattar i Noreg i dag handlar ­mykje om å meistre det litterære.

– Det handlar om å få til å skrive­, det er der mysteriet ligg for det store fleirtalet. Nesten ­ingen snakkar høgt om at det litterære er kopla til å fortelje ei historie, og til å fylle den historia eg fortel med det eg sjølv som forfattar bringer til torgs. Vi lærer oss å skrive gode setningar, gode opningar, og ha eit godt språk. Men vi lærer oss ikkje kva vi vil med bøkene våre, seier han.

Han understrekar at det finst fleire forfattarar som er både ­politiske og engasjerte.

– Men kvifor tek dei ikkje dette med i tekstane sine? Kvifor skal det å skrive krinse inn mot det personlege?

LES FORFATTARINTERVJU: – Vi er i ferd med å øydelegge jorda vår, seier Ingvild Burkey. 

Fri skriveprosess

Forfattar Ingvild H. Rishøi (biletet) har ei heilt anna tilnærming til skriveprosessen. Jamvel om novellesamlinga Vinter­noveller (2014) i stor grad har blitt lese politisk, var det ikkje det eit mål for skrivinga.

Forfattar Ingvild H. Rishøi peiker på at det er vanskeleg å skrive engasjert om noko som ikkje er ein del av si eiga erfaring, sitt eige liv.

– Det var ikkje noko eg tenkte på då eg sette meg ned for å skrive. Eg hadde ikkje tenkt gjennom dei politiske spørsmåla som folk las inn i novellene, seier ho.

Om ho skal skrive noko bra, kan ho ikkje byrje med ein tanke om at ho skal skrive noko morosamt eller trist – eller politisk.

– Skriveprosessen må vere fri. Eg har opplevd at når eg prøver å skrive til dømes om klima, så blir det ikkje bra.

– Er det noko i tanken om at litterær kvalitet og samfunns­engasjement er motsetnader?

– Det treng det ikkje vere. Den amerikanske forfattaren Toni Morrison skriv politiske bøker, og ingen kan seie at dei ikkje er bra. Men det politiske er så forankra i hennar person og erfaring, og då kjem ein ikkje utanom å skrive politisk. Det blir noko anna. Det å skrive om dei svarte sine rettar, er for henne å skrive om livet. Det er ikkje noko skilje mellom det politiske og personlege.

Arven etter Ibsen

Lars Petter Sveen er samd i at det å skrive engasjert kan vere ei fallgruve for forfattaren.

– Kunst er noko anna enn ­politikk, for i politikk skal du ha klare svar og løysingar. Kunst tek opp i seg politikk, men om kunsten skal ha klare svar og løysingar, så blir det fort ein pamflett eller dårleg litteratur. Eg tenkjer ikkje at norske forfattarar er redde eller ikkje vil skrive engasjert, eg trur mange berre ikkje får det til.

Han er ikkje i tvil om at den norske litterære tradisjonen gjer det vanskelegare å skrive engasjement inn i litteraturen enn i andre land, ein realistisk tradisjon med vekt på psykologiske skildringar av karakterane, i lukka rom, med få scener og få karakterar.

– Dette trur eg er arven etter­ Ibsen og Solstad. Det finnes sjølvsagt unntak, men når alle skal operere i denne tradisjonen, så blir det vanskeleg å finne løysingar for korleis ein kan skrive ut det politiske. Sjå på våre største forfattarar, som Inger Elisabeth Hansen og Øyvind Rim­bereid, dei skriv om flyktningkrisa, ­oljesamfunnet, miljøproblematikk, kolonialisme, finanskrisa. Korleis får dei det til? Det er lett å seie at dei får det til fordi dei er ekstremt dyktige. Men dei får det òg til fordi dei sprenger dei tradisjonelle, norske rammene som mange av oss er lærte opp til å lese og skrive i.

LES OGSÅ: Trenger bøker om fattige barn 

På bakkenivå

Også Eivind Hofstad Evjemo (biletet) trur det er annleis å skrive om politiske tema i ein norsk samanheng. Han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris i 2009 og har fått mykje merksemd for romanane Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet (2012) og Velkommen til oss (2014), som krinsar rundt institusjonar og ordningar i ein norsk kommune og 22. juli-traumet.

– Heile det norske samfunnet er godt toppstyrt, seier ­forfattar Eivind Hofstad Evjemo, og meiner få har opplevd urettferd på kroppen.

– Heile det norske samfunnet er godt toppstyrt og alle er relativt nøgde, anten ein er forfattar, eigedomsmeklar eller journalist. Det er noko anna å oppleve urettferd på kroppen enn å sjå det på ein skjerm. Eg tenkjer ofte at ein skyv på argumenta før ein har forstått djupna i dei og at det sirkulerer ei slags tomheit som gjer i alle fall meg makteslaus. Vi har eit samfunn som er fullt av meiningsprodusentar og skrive­føre pennar, men som ­saknar kroppsleg erfaring og gode ­lyttarar og lesarar.

Eivind Evjemo fortel at han byrjar på bakkenivå, med eit enkeltmenneske, og ikkje med ei bestemt sak.

– Som forfattar er det innsnevrande for meg å tenkje at mennesket berre er i sitt eige liv med sine eigne tankar. Ein står alltid i ein samanheng. Eg er interessert i relasjonane personen har til omgjevnadane sine og freistar undersøke forholdet mellom samfunnet som politisk og ideologisk struktur og enkeltmennesket som kropp, vilje og medvit. Å vere politisk er ikkje noko ein berre kan velje som forfattar – politisk truverd vinn ein ved at forfattaren evnar å kombinere eiga erfaring og kunnskap med sterk sjølvkritikk.

LES OGSÅ: Kjempet mot gudsskrekk 

Bastante meiningar

Både Evje­mo og Sveen peiker på ei utbreidd forventning om at alle skal ytre bastante meiningar i dagens offentlegheit, også forfattarar. Han meiner at motstanden mot koplinga mellom engasjement og litteratur hos norske forfattarar først og fremst ligg i det å snakke politisk om eigen litteratur.

– Ytringstekstane tar så mykje plass i ålmenta, så eg trur forfattarar ser på skjønnlitteraturen som eit anna rom å jobbe i, med eit meir dempa perspektiv. Eg trur litteraturen alltid vil vere langsam, og verke etter andre parameter, seier Evjemo.

– Altfor ofte ønskjer media, kritikarane, intervjuarane og iblant forfattarane sjølve, at forfattaren skal meine noko politisk der og då. Eg synes dette er ei kortslutning. Engasjementet skal ligge i kunsten, i bøkene, i teksten. Det er litteraturen vår som skal ta opp dei store spørsmåla i samfunnet vårt, ikkje vi som offentlege personar. Kort sagt: Engasjement skal inn i kunsten, ikkje ut av kjeften på forfattaren, seier Sveen.

LES OGSÅ: Frykter børsen skygger for litterær kvalitet 

Les mer om mer disse temaene:

Arne Borge

Arne Borge

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur