Kultur

Eit nytt opprør mot fornuften

Romantikken tok oppgjer med fornuften som einaste rettesnor for å forstå verda. I dag ser vi ei liknande lengt etter at det skal vere meir mellom himmel og jord.

Vi har alle eit forhold til romantikken. Dei fleste av oss kanskje først og fremst gjennom skulepensum. Vi tenkjer på Edvard Grieg og Henrik Wergeland, kanskje på Rousseau, Goethe, Novalis og Blake. Og i alle fall på vill natur og sterke kjensler. Kortversjonen er at romantikken er ein mangfaldig epoke som var ein reaksjon på opplysningstidas rasjonalitet.

Tysk bølgje

I Tyskland ser vi no konturane av ei nyromantisk bølgje, der unge, romantiske intellektuelle vender seg mot dyrkinga av rasjonalismen. Dette gjer dei ved å sette kjenslene, fantasien, det gåtefulle, alt som ikkje så lett lar seg kategorisere, i sentrum for kunsten og verdsforståinga. I spissen står forfattaren Leonhard Hieronimy med manifestet Ultraromantik, og forfattaren Simon Strauß. Hans kritikarroste roman Sieben Nächte, «Sju netter», kjem også ut på norsk til neste år. Boka er romantisk i den forstand at det er ei reint subjektiv og inderleg bok, slik forfattaren ser det.

– Det handlar om ein person som snart fyller 30 år, som vil gjere alt for å finne fram til kjenslene sine, sitt sanne eg, det som skjuler seg i sjelas indre. Derfor inngår han ei pakt med ein ven, om at han igjennom natta skal gjere seg skuldig i sju synder. Kvar gong utløyser han eit lengselsfullt og sjølvkritisk blikk på seg sjølv. Det handlar om å føle seg ubeskytta, seier Strauß til Vårt Land.

Boka skal vere ein motsats til den rasjonalistisk innretta verda vi lever i i dag, som handlar om kommers og karriere. Ho ber i seg eit håp om ei breiare, meir løyndomsfull verd, der tru, kjærleik og død blir anerkjent som fundamentale teikn på eit følande medvit.

Omdiskutert

Romantikken som sjangernemning er omdiskutert. Han er både enkel og kompleks, munter og dyster, religiøs og trulaus på same tid, og det er ikkje berre enkelt å seie noko kort om kva som dannar førestillinga om det romantiske. Det synest heller ikkje forfattar Geir Uthaug, som er aktuell med boka Romantikkens univers. Kunsten, naturen, mennesket.

Undertittelen gir oss ein peikepinn på kva som står i sentrum i den romantiske forståingsramma – det er ikkje akkurat småtteri.

– Det er mange som har prøvd å beskrive romantikken, men det er vanskeleg. Den historiske romantikken var veldig ulik i ulike land, seier Uthaug.

Inngangen til stoffet måtte bli personleg for den norske forfattaren.

– For meg er denne boka eit manifest. Romantikarane hadde ei oppfatning av verda som mykje større enn slik vi ser henne i dag. Anten det er snakk om politikk, økologi eller underhaldning, manglar vi eit holistisk syn på verda, ei oppfatning av at det er meir mellom himmel og jord enn det vi kan forstå. Og for meg er ikkje romantikken ein epoke vi har forlate, men eit tankegods vi godt kan hente fram, seier Uthaug.

Han vil ikkje kalle det korkje rørsle eller ideologi, men eit kultursyn, og kanskje til og med eit livssyn, som gav seg til utrykk i filosofien, i litteraturen, i målarkunsten, musikken og religionen.

– Mangfaldig, fleirtydig og motstridande er ord du nyttar for å skildre det romantiske universet. Nokon fellesnemnarar finst vel?

– Det som knyt romantikarane saman, er trua på mennesket og kjærleiken. Individet kjem i sentrum, og det handlar om ein visjon av kva det vil seie ikkje berre å vere kunstnar eller diktar, men menneske på jorda. Og viktigast av alt er avvisinga av materialismen: Det romantiske universet er eit åndsunivers.

LES OGSÅ: – Nazismens hjemsted måtte bli Tyskland

Caspar David Friedrich var ein av dei fremste representantane for tysk romantisk målarkunst. Dette bildet av korset på berget er frå 1807/1808. Forfattar Geir Uthaug les det som ei oppfordring om å ta korset på alvor. Foto: Wikimedia commons (utsnitt)

Det uoppnåelege

I boka skriv Uthaug at romantikken i sitt vesen har eit element av intens lengsel i seg, etter eit fjernt og uoppnåeleg mål. «Det er denne intensiteten som så sterkt understreker det menneskelige, for i menneskets avmakt ligger også en styrke. Slik er det også innenfor troen. Det store eksempelet er Jesu lidelse. Religionen streber etter å oppnå kontakt med det guddommelige, som ligger utenfor erfaringen». For å forsterke denne kjensla, dyrka romantikarane lengsla. Ifølgje Uthaug eig det uoppnåelege ei kraft som langt overstig det ein kan oppnå frå ein realistisk synsvinkel.

– Vegen frå romantikken og inn i det religiøse er ikkje lang. Det synest eg det er viktig å understreke, fortel forfattaren.

Andre aspekt som går igjen i Uthaugs skildringar av romantikkens idear, er vektlegginga av fridom, ei førestilling om grenseløyse, og eit oppgjer mot dogmatikken.

– Den tyske romantikken har sin føresetnad i Martin Luthers opprør mot ei definert pavemakt. Han fristiller mennesket, og banar veg for nye måtar å tenke på.

Opprør

Eit liknande opprør mot autoritære strukturar ser vi i store delar av romantikken.

– Luther og protestantismen skapte eit politisk og religiøst klima som danna grobotn for nytenking. Lekmannsrørsler som pietismen viste veg til individualismen, som heile den tidlege, tyske romantikken var eit uttrykk for, seier Uthaug.

Han viser mellom anna til forfattaren og filosofen Karl Wilhelm Friedrich Schlegels kritikk av rasjonalisme og einsretting. Schlegel meinte at ein måtte sjå alt i samanheng. Poesi, vitskap, filosofi, og grenseoverskriding, hevda han, var nettopp romantikkens program.

Denne heilskapelege tenkinga var også viktig for Friedrich Schleiermacher, ein av romantikkens viktigaste religiøse tenkjarar. Det er det heile mennesket som lengtar etter Gud, meinte han. Kjensler, tru og kjærleik var for han drivkraft bak all handling.

– For å oppfatte verda og ha ein religion i det heile, må mennesket oppdage det menneskelege, og det gjer ein gjennom kjærleiken, seier Uthaug.

François-René de Chateaubriand skreiv også romanar med kristne tema, blant andre Atala (1802), om kristne misjonærar i Amerika. Her ser vi Atalas død av Rodolfo Amoedo (1883).

Framstegsfiendtleg 

Annleis var det i Frankrike, der klimaet etter revolusjonen var relativt religionsfiendtleg.

– Den franske revolusjonen hadde verkeleg prøvd å utradere kristendommen, mellom anna med ein ikonoklasme ein knapt har sett maken til, fortel Uthaug.

Her vart adelsmannen og politikaren François-René de Chateaubriand ei avgjerande røyst. Der Voltaire, med opplysingsideane i ryggen, hadde gått til angrep på kristendommen som fiende av både framsteg og kunst, fører Chateaubriand ein kamp for dei kristne verdiane.

– I verket Génie du Christianisme, «Kristendommens ånd eller genialitet», viser han korleis kristendommen snarare fører mennesket og sivilisasjonen vidare. At ein ikkje kunne sjå kunsten, litteraturen og humanismen som vaks fram i renessansen, uavhengig av kristendommen, inspirerte renessansehumanismen. Boka vart så populær at det førte til ei ny vekkelsesbølgje i Frankrike.

I England prøvde poeten og filosofen Samuel Taylor Coleridge seg på eit liknande slag for kristendommen.

– I boka skriv du at Chateaubriands idé om kyrkja som nasjonens livsnerve fekk feste i Frankrike, men ikkje i England – kva skjedde?

– Materialismen var på frammarsj i Frankrike også, men i England fekk nyttefilosofien enorm betyding. Med den industrielle revolusjonen følgde auka velstand og byrjinga på ein irreligiøs liberalisme, og Coleridge talte for døve øyre.

LES OGSÅ: Leter frem skogens svar

Åndeleg verd

«Den som ser det grenseløse i alt, ser Gud. Den som kun ser Ratio, ser bare seg selv», skreiv den engelske 1700-talspoeten William Blake. For han kunne framsteg like godt bety dehumanisering. Som uttalt kritikar av rasjonalismen og materialismen såg han den nye verda som grunnlagt på eigenkjærleik heller enn nestekjærleik, og åtvara mot å sverje til vitskapen som sanning som kan bevisast.

– Det fysiske universet var ikkje noko anna enn slik vi opplevde det gjennom sansane våre, og for Blake var tilværet fullt og heilt av ånd. Særleg i dei store kristne, profetiske bøkene sine, Milton og Jerusalem, opphøgjer han det spirituelle og åtvarar mot egoisme og rein materialisme.

Religionen i romantikken var ikkje unntatt dei same karakteristikkane som alt anna: mangfald, grenseoverskriding og motstridande idear. Blant romantikarane fanst det alt frå agnostikarar og fritenkjarar, via panteistar, til protestantar og katolikkar. Og ikkje minst konvertittar, som Schlegel, som byrja som agnostikar og enda som katolikk. Eller den engelske poeten William Wordsworth, som gjekk frå panteisme til ei sterk evangelisk tru.

– Variasjonen hang sjølvsagt også saman med at åndslivets stilling var mykje friare. Med individualismen kom moglegheitene for eit meir personleg val også når det gjaldt 
religiøs overtyding.

Men først og fremst meiner Uthaug at det er det religiøse som påverka romantikarane, idet ei inderleg åndelegheit gir seg uttrykk i det kunstnariske: Manifestasjonen av vårt eige strev mot guddomen, ei lengsle etter noko større enn menneska.

William Blakes mytologiske guddom Urzen i Den gamle av dagar (1794).

Idyllisert bilde

Då Uthaug først byrja interessere seg for det romantiske universet, møtte han lite forståing for at han skulle inn i dette sentimentale, dramatiske.

– I dag sit vi att med eit idyllisert bilde av romantikken som noko fint og ufarleg, men det fanst jo her eit tankegods som rasjonalistane meinte var så farleg at dei måtte legge lokk på det, seier Uthaug, som meiner dette er i ferd med å endre seg.

Strauß meiner vi er komne til eit idéhistorisk endepunkt, der alt er forklart, dekonstruert og løyst frå fortryllinga.

– Opplysinga har blitt vulgær. Ho er mutert til vegvisar for eit funksjonalistisk liv, neddopa av effektivitet og transparens, og det har oppstått eit tomrom der det tidlegare var mysterium, kjensler og fellesskap, seier Strauß.

Slik Strauß ser det, manglar det i dag ein emosjonell, irrasjonal og frisinna måte å grunngi tilværet på. Nettopp dette kan ein no finne i den nyromantiske rørsla: ein tenkemåte som utgår frå bilde og språkets rikdom. Men den tyske forfattaren understrekar at rørsla ikkje har noko å gjere med partipolitikk eller politisk-ideologiske strøymingar.

– Den nye romantikken vil kjempe for at språket er viktig. For at kjensler også skal telje. For indelegheit. Romantikken var både konservativ og progressiv, men han bar i seg eit element av antityrannisk fridomskamp, meiner Strauß.

LES OGSÅ: Ny bedehustrend

Paradigmeskifte

Geir Uthaug trekker linjer mellom den tyske nyromantiske rørsla og 1700- talets Sturm und Drang-rørsle.

– Den gang var det lidenskapens opprør mot fornuftsdyrkinga. No trur eg det er kjenslenes opprør mot stivna former som har sørgja for så lite armslag at mange kjenner seg emosjonelt knebla.

Uthaug ser mange tendensar i tida som tyder på at vi beveger oss mot ein ny romantikk: arkitekt-opprøret mot modernismen, den enorme interessa for fantasysjangeren, og avansert kvantefysikk som skrinlegg den klassiske fysikken.

– Vi er nok inne i eit paradigmeskifte. Romantikken har hatt ei lang inkubasjonstid. Men no er det mykje som vil opp og ut.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur