Kunst

Ein liten­ stein som gneg i ­lomma

Det ord seier med lyd, seier eit bilde med stillheit, sa kirkefaderen Basil den Store på 300-talet. I dag er ikkje bilde alltid så stille lenger, ofte skrik dei så høgt at vi knapt høyrer dei.

Essay av Bjørn Sortland

Som skjønnlitterær forfattar har eg lenge hatt eit salsargument til barn og unge som ikkje les: Bøker skaper bilde inni deg, på ein annan måte enn film. Men på eit klassebesøk nyleg møtte eg ein gut som sa at han ikkje såg eit einaste bilde når han las. Han var nøydd til å sjå filmen. Er det verkeleg sant at barn no slit med å skapa­ eigne bilde? Eg har alltid tenkt at ­djevelen er ein som sensurer, skjuler, ein som ikkje vil at vi skal vita. Men er han heller ein som vil visa oss alt – absolutt alt? Bilde rasar mot oss 24/7 frå alle skjermar og kanalar. Augo våre er svoltne som haiar, men kanskje for lengst stappmette.

Holocaust som klisjé?

Nylig gav ­illustratør Hilde Kramer meg ein ­liten pakke – kvitt papir med eit brunt kjerretau rundt. Utanpå var det trykt i rødt: THIS IS A HUMAN BEING. Kramer er også professor ved Kunsthøgskolen i Bergen. Ho hevder at det vi tar inn gjennom synet, er dominant i forhold til andre sansar. Om vi let synet bli for einerådande, står vi i dag i fare for å bli immune mot det bilda eigentleg fortel. THIS IS A HUMAN BEING er eit illustrasjonsprosjekt som har eit todelt mål: 1) Å strekkja omgrepet illustrasjon så langt som råd er, gjennom å illustrera på ein anna måte enn gjennom bilde. 2) Å finna nye måtar å fortelja om Holocaust på til barn og unge.

Det industrielle massemordet ­Holocaust var, står framleis i ei særstilling i historia. Indirekte stiller Kramer likevel spørsmålet om Holocaust nærmast kan bli ein klisjé, om ein viser fram til dømes Henryk Ross sine svartkvitt-bilde av fornedra jødar i gettoen i Lodz. Det er eit betent spørsmål, for det er avgjerande­ å kunna dokumentera. Men etter mange­ klassebesøk, ser eg at barn trass i Wikipedia og alt, har vanskeleg for å skilja det eine frå det ­andre i den store straumen. Holocaust kan verta like fjernt som slaget ved Waterloo. (I min store sløvskap på ungdomsskulen assosierte eg lenge Waterloo med ein Abba-låt.)

Må sjå den enkelte

Det er 25 år sidan premieren på Steven Spielbergs Oscar-tunge film Schindlers liste. Saman med Anne Franks dagbok har filmen ofte blitt brukt i skulen for å fortelja historia om Holocaust. Men sjølv gode filmar står i fare for å framstå daterte. Formidling må alltid bidra til at vi går bak dei store drapstala og ser enkeltindivida. Viss ikkje, mister vi både identifikasjon og empati. Det heile kan bli til eit grusomt Grimm-eventyr austanfor sol og vestanfor måne. Mister bilda til Ross og Spielberg si kraft, blir dei berre klisjear i grusomheitas estetikk. For vi kan distansera oss frå bilde av tallause lik stabla oppå kvarandre, akkurat som vi sakte kjører forbi ei dramatisk bilulukke og tenkjer «Ja, ja, dette såg fælt ut, godt at dei ikkje sperra vegen for lenge». Hadde vi visst noko om dei som var ramma, derimot. Spørsmålet THIS IS A HUMAN BEING-prosjektet stiller, er: Når blir eit enkelt menneske borte for alltid? I dødsaugeblinken? Eller når ingen lenger veit at ein har levd?

Ein liten stein

Inni pakken eg fekk, var det ein liten stein. På workshopen til Kramer får eg beskjed om å teikna steinen på sjølve pakkepapiret – som også er eit byråkratisk skjema med eit maskinskrive nummer: 5.831. Eg sjekkar nummeret mot ei liste. Der finn eg eit namn: Minia Obarzanek, ei tretten år gammal jødisk jente. Eg går bort til eit detaljert kart over gettoen i Lodz: Minia har budd i Hanseaten 30, leilegheit 30. Og i Kamienna 18. Minia vart deportert den 23. mars 1942. Det seiest at barna var glade, for endeleg skulle dei får komma ut av den klaustrofobiske gettoen, ut på ein spennande kjøretur. Minia vart stabla inn i ein spesiallaga lastebil. Bilen var eit rullande gasskammer. Eksosen vart kobla slik at han kom inn i det forsegla lasterommet, og Minia leid ein langsam og grufull død. Faren Mendel, mora Sura, og søskena Kiwa, Aria Lajb, Aron Szlama og Majer Wolf vart også myrda. Familien vart dumpa i dødsleiren Chelmno, som seinare blei øydelagt. Det finst bilde frå gettoen, men Hilde Kramer har vald å ikkje visa noko av dette. Ho ber oss halda fast på steinen.

Utan grav

Minia og familien har inga grav. I jødisk gravskikk blir ein stein lagt på grava for å minnast den døde, slik dei siste bilda i filmen Schindlers liste viser oss. THIS IS A HUMAN BEING ønskjer å knyta identitet til ein unik stein, og slik prøva å framkalla Minia Obarzanek.

Kramer seier: « … tegningen av steinen handler om at du er nødt til å ta steinen i nærsyn. Du må la blikket dvele, få overblikk, lete etter det spesifikke ved nettopp denne steinen. Slik festes sanseinntrykk både gjennom taktil berøring, gjennom temperaturendring. Og mens du tegner avleires et mentalt bilde, et avtrykk av steinen i ditt sinn. Og slik du har hentet fram informasjon om jenta og valgt å søke opp mer informasjon etterpå, håper jeg også andre vil gjøre dette: Lete videre, dypere og slik utvide sin kunnskap og empati for et menneske, en barndom, en slekt og et folk man ikke har kjent.»

Angsten blir apati

Eg har ei god stund kjent på ei veksande uro, ja, ein slags angst når eg har sete ufokusert og prokastinert framfor skjermen. Eg er kanskje meir opplyst enn nokon gong, men går det eg ser inn? På den glatte skjermoverflata til ein ipad opptrer bilde i same flate hieraki, dei er like gyldige. Eg glor på eit nærbilete av Therese Johaug som gret over leppekrem, rett ved sida av det livredde, blodige ansiktet til eit barn i Aleppo. Og, sjå der! – ein hund som ammar ein liten kattunge! Angsten min blir apati.

Forfattar Maria Parr har sagt: «Kvar gong eg ser eit barn, tenkjer eg at der går ein heil barndom.» Tusenvis av barndommar blei drepne av nazistar i Lodz og andre stader. Korleis formidle dette til barn og unge som ikkje eingong veit kva dei ønskjer seg til jul? ­Etter første verdskrigen med sine milliontap, var det få europearar som trudde at det skulle bli ein ny, grufull krig. Det enorme omfanget, effektiviteten; Hitler og Eichmann såg menneske som avsjela varer som skulle fraktast. Det var ikkje berre millionar av jødar. Og det slutta ikkje i 1945. Bilde av massedrap, krig og djevelskap er det framleis nok av. Dokumentasjonen er meir tilgjengeleg enn nokon gong. Kambodsja. Rwanda. Srebrenica.­ Og som eg las, på Facebook (!): «Om sju år kjem det kanskje ein spelefilm frå Aleppo. Den vinn muligens nokre ­Oscar, og folk seier: Korleis kunne det skje?» Det skjer når massedrap blir redusert til mas om drap. Det hjelper ikkje åleine at det er dokumentert.

Analogt og konkret

Hilde Kramer ønskjer å nå barn og unge med noko så analogt og konkret som ein liten stein. I ei tid der politikarar lanserer horrible, fatale omgrep som «alternative fakta», er det avgjerande å formidla faktiske hendingar på ein slik måte at vi kjenner det i kroppen. Den digitale verda trugar med å slå ut den verkelege. Eg er redd eg er like mykje i cyberspace som med levande folk. Kan Holocaust skje igjen? Kanskje. Eg les, på nettet sjølvsagt, at det i dag finst jødar i Norge, Frankrike og elles som igjen er redde. Går det inn? Også i kroppen? Vi treng ein stein som gneg i både lomma og i sjela.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kunst