89 år gamle Johanna Sunde står ved treet i hagen, veret ser ikkje ut til å vere det beste, heller sunnfjordsk grått. Men ho er pynta i bunad. Ho har mista son og svigerdotter, men no er ho klar til dåp av oldebarna Jakob og Heidi. Bildet pryder førstesida av boka Jølster 2008.

Det er eit bilete av livet Oddleiv Apneseth har teke, ein liten mole av det store fotoprosjektet Jølster 2008. No er prosjektet vorte bok, eit storverk om livet i Jølster - og om døden i Jølster. «Dette Jølster» er elles overskrifta på føreordet av Ragnar Hovland, barnebarn av Ranvald Indrebø og ein av brukarene av dei gilde bispehyttene ved Jølstravatnet. Boka har også eit stålande bilete av hyttetunet, Sunnfjord er truleg einaste staden der ein kan få utbrettsbilete av bispehytte og brukarar i staden for halvnakne damer.

Helsing heimanfrå. Vi som er knytta til dette landskapet skulle kan hende ha bede andre om å sjå gjennomJølster 2008, sjølve kan vi kome i skade for å sjå boka som ei helsing heimanfrå utan å oppdaga at dette er ei bok om livet frå byrjing til slutt. Vi kjenner denne Jølster-blandinga av det lokale og det universelle gjennom Nikolai Astrup.

Bøker som dette kunne ein laga om kvar einaste stad på kloden, men det kan vere at det er lettare å få eit oversyn over ei slik vestlandsbygd, oversiktleg, velorganisert og mangesidig som ho er. Jølstringane har djupe røter, men bygda deira er moderne.

Liv og død. I januar 2008 fekk Jostein Helgheim melding om at det ikke var råd å stogge kreftsjukdomen, og dagen etter tok Apneseth bilete av «ein mann som veit han skal døy. Snart...» Og like etter kjem biletet frå gravferda frå Helgheimkyrkja.

Og så er det livet, det nye livet og eit bilete av Arne Årdal i sauefjøsen: «Om våren skjer det noko på gardane. Grove sterke arbeidshender blir mjuke og forsiktige når små nye lam kjem til verda.»

Nonner og vegetarmat. Det er mange med urban bakgrunn som trur livet kan verte stille og keidsamt i dei kaffe latte-frie bygder. Det er ikkje rett, sjå berre på 12. juni i 2008. Då var ei gruppe buddhistiske nonner innom Audhild Vikens vevstove på Skei, og dei hadde tinga seg vegetarlunsj. Dei ynskjer seg ikkje-vald og respekt for alt liv og eit godt måltid utan dyr. Vevstova måtte hyre inn eigen vegetarkokk (her lyt eg skyte inn eit personelg minne frå siste sumar. Eg var innom vevstova og fann mellom anna denne gledes-meldinga frå kafeen: «No har vi raspeballar kvar dag!»)

Nonnene var nøgde med lunsjen i Sunnfjord, og ei av dei kjøpte med seg ein engel heim til Taiwan. Men ikkje før var dei vinka av garde av butikkeigaren før meldinga kom: Det er skote bjørn! «Og frå dei buddhistiske nonnene reiste vi vidare til feiring av ein død bjørn.»

Bjørnen enda livet sitt i fager vestlandsnatur på breen mellom Fjærland og Jølster, og med det same starta striden om kvar den vesle bamsen skule leve sitt nye liv som utstoppa. Han gjekk inn for landing på Jølst, og vart sunnfjording etter døden. Landinga var elles ei av dei hendingane som i 2008 samla flest folk på Jølster.

Frå slåtten. Heilt personleg lyt eg då vise til biletet på sidene 146 og 147 frå slåtten i Stardalen. Under krigen var det 74 fastbuande på Fonn, no er dei fire att. Denne dagen var det godver og dei nytta høvet til å kverve høyet. For meg er dette biletet som å kome heim til ein liknande dal litt lenger vest. Men det var ikkje ofte vi fekk høyet i hus så lettvint.

Det hende mykje på Jølst i 2008. Blant anna vart den gamle utedoen på prestegarden riven, sokneprest Vidar Bjotveit ville bytte han ut med garasje. I si tid var nok dette den største utendoen i Jølster med fire seter på eine sida og to på baksida, og i 2008 var han nesten den einaste.