Kultur

– Det handlar ikkje berre om det som er gale med India, det handlar om det som er gale med verda­, seier Arundhati Roy, ­indisk forfattar og aktivist, til ein fullsett Wergeland-sal på Litteraturhuset i Oslo. Dette er andre kvelden på rad at ho vitjar scena, men billettane er likevel utselde.

423317_NP.jpg
Vis

Frå å vekse opp i fattige kår i Kerala i India, som dotter av ei kristen-syrisk kvinne og ein fråverande far, er Arundhati Roy blitt ei slags superstjerne. Ho er elska og hata i heimlandet og kjend over heile verda for sine litterære evner og for sitt engasjement for dei fattigaste og mest sårbare gruppene i eit mangfaldig, moderne og korrupt India. No er ho aktuell med romanen Ministeriet for den høyeste lykke, 20 år etter at ho debuterte med eit brak i 1997.

LES OGSÅ: Religionens voldelige side