Bøker

'Eg fann mi eiga stemme då eg starta å skrive nynorsk'

Forfattar Lars Petter Sveen vann Nynorsk litteraturpris for romanen Guds barn.

– Eg kan bli sliten av å heile tida få påpeika at eg skriv nynorsk, seier Lars Petter Sveen.

I dag vann han Nynorsk litteraturpris for romanen Guds barn, men han blir litt oppgitt av å få spørsmål om kvifor han ikkje skriv på bokmål.

– Det er så personleg og sjølvsagt for meg å skrive nynorsk at det er vanskeleg å snakke om det.

Skrivinga lausna

Sveen bytta frå nynorsk til bokmål på ungdomsskulen. Som 24-åring bytta han tilbake til nynorsk.

– Eg oppdaga at skrivinga mi lausna noko valdsamt. Eg hadde ein avstand til teksten og ei akademisk tilnærming til det eg skreiv om då eg skreiv på bokmål. Da eg starta å skrive på nynorsk, fann eg mi eiga stemme. Det opna seg eit nytt univers, og då starta også den profesjonelle skrivinga mi, seier Sveen.

Som tenåring slutta han å skrive nynorsk fordi han var sliten av å bli sett på som annleis.

– Eg ville passe inn, ikkje skilje meg ut. Eg ville skrive som i alle avisene og berre vere normal. På ein måte ga eg opp meg sjølv for å gli inn i mengda, seier Sveen.

LES OGSÅ: Var klar for å gå på trynet

– Nynorsken ligg i blodet

«Prisvinnaren har skrive ein samansett roman om det gode, det vonde og det vakre. Ein roman av eit slag ein aldri heilt har sett maken til, og som vil leve vidare hos lesaren lenge etter at lesinga er over,» skriv juryen i si grunngjeving.

Noregs Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret står bak prisen, som er eit diplom og 30.000 kroner. Guds barn blir også rosa av juryen for at han «gjer bruk av krafta, rytmen og poesien i det bibelske språket, og gjer det moderne, vakkert og brutalt.»

Lars Petter Sveen set stor pris på å vinne Nynorsk litteraturpris, spesielt fordi språket er så viktig for han.

– Eg kan ikkje heilt forklare kva det er med nynorsken. Det ligg i blodet mitt. Eg kunne aldri fått til å skrive utan nynorsk, seier Sveen.

LES KOMMENTAREN: Religion på litterært alvor

Fått uventa reaksjonar

Men når han er på bokturnear, opplever han at folk seier dei ikkje vil lese Guds barn på grunn av målføret ho er skrive på.

– Eg har fått mange reaksjonar eg ikkje hadde venta å få. Bokhandlarar som ikkje vil løfte fram boka fordi ho ikkje er på bokmål, til dømes.

– Kva trur du det kjem av?

– Manglande kunnskap gjer at folk har ei feil oppfatning av kva nynorsk er. I tillegg er det akseptert å snakke nedsetjande om nynorsk offentleg. Det er ingen som seier at dei vel bort matte fordi det er fælt, mens politikarar kan snakke stygt om nynorsken på same måte. Foreldre støttar barna sine dersom dei vel bort nynorsk, seier Sveen, som meiner vi framleis har mykje å gå på når det kjem til status for nynorsken.

– Det er utruleg kjipt når nokon ikkje vil lese boka di berre på grunn av at ho er på nynorsk.

Skriv ny bok

For tida bur Lars Petter Sveen i Dar-Es-Salaam i Tanzania, der kona jobbar for Kirkens Nødhjelp. Han skriv på ei ny bok, men vil ikkje seie så mykje meir.

– Det er spanande å skrive frå ein ny plass, så får vi sjå om det påverkar skrivinga mi.

Les mer om mer disse temaene:

Ane Bamle Tjellaug

Ane Bamle Tjellaug

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker