Kultur

Akkurat kva døden inneber og korleis vi ser på han, har endra seg frå epoke til epoke og samfunn til samfunn. I heile menneskja si historie har døden like fullt vore del av liva våre, eit punkt i framtida som ingen kjem utanom, noko vi til ei kvar tid har vore opptekne av. Det er også eit emne det er skrive enormt mykje om innanfor rammene av Edvard Munchs kunstnarskap.

Det skremde ikkje doktorgradsstipendiat i filosofi ved UiO, Gustav Jørgen Pedersen, frå å hive seg i kast med tematikken i avhandlinga «On the Pictorial Thinking of Death» om dei to Munch-måleria «Det syke barn» og «Stoffveksling. Liv og død».

– Til å byrje med var det spørsmålet om sjølvforståinga til mennesket eg var interessert i. Om ein kunne finne nokre svar hos Munch på spørsmåla om kva eit menneske er, kva det vil seie å eksistere. Derifrå var det kort veg til døden, til det å slutte å eksistere, seier Pedersen.

Piktoral tenking