Bøker

Omsider eit kvinneperspektiv frå Knausgård

Med Fuglene under himmelen skriv Karl Ove Knausgård seg opp mot Kierkegaard, Peer Gynt og den bibelske Bergpreika. Han nærmar seg Guds rike med kvinneleg perspektiv.

Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel.

Karl Ove Knausgård nye bok, Fuglene under himmelen, spring ut av Det nye testamentet, slik romanen En tid for alt (2004) sprang ut av Det gamle. Overraskande er det ikkje. Så seint som for eit halvt år sidan skreiv eg eit bokessay her i avisa om Knausgårds kamp med Gud gjennom ein samla forfattarskap. Der viste eg at dei fleste av bøkene hans, ikkje berre En tid for alt, i stor grad interesserer seg for bibelske tematikkar og spørsmålet om Gud. Det same er altså tilfelle for Fuglene under himmelen, som går så langt som til å diskutere Guds rike. Å, som det spritar opp samtidslitteraturen!

Bibelen og Kierkegaard

Knausgård skriv seg altså opp imot Jesu ord om liljene på marka og fuglane under himmelen, som vi kjenner frå Bergpreika i Matteusevangeliet (passasjen står i Matt 6,25–34). Jesus bed oss om ikkje å vere urolege for morgondagen, men i staden søke Guds rike og hans rettferd først. Det er eit råd som menneska ofte har hatt vondt for å følgje.

Det bibelske førelegget kjem hos Knausgård i den danske filosofen Søren Kierkegaards tapping. I 1849 kom Kierkegaard med boka Liljen på marken og fuglen under himmelen. Tre gudelige taler (omsett til norsk 166 år seinare, i 2015). Det er denne boka Knausgårds hovudperson og eg-forteljar, Solveig, ein gong har dratt ut av bokhylla på seminar i Danmark: «Da jeg hadde lest den ut, føltes det som om jeg stod ved kanten av Guds rike. At Guds rike var her, men at vi var stengt ute fra det. Og at liljene og fuglene var inngangen.»

LES OGSÅ: Karl Ove Knausgårds essayistiske kraft er så stor at ho risikerer å bli ein snublestein i forfattarskapen hans.

Absolutt tillit til Gud

Dette er ikkje berre ein strøtanke frå Solveig, men noko som etter kvart blir eit definerande element i Knausgårds tekst: «Det som vederfarer fuglen, vedkommer den ikke, skrev Kierkegaard. / Er det mulig å tenke sånn for oss? / At det som hender oss, ikke vedkommer oss? / Det ville fri oss fra all lidelse, og fra all smerte. Og det ville åpne Guds rike for oss. / Jeg merket at jeg smilte. / Det krevde en absolutt tillit og en absolutt hengivenhet til Gud. Det var det liljen på marken og fuglen under himmelen hadde.»

Solveigs lengsel etter Guds rike får eit nesten like fyndig nedslag som Dag Solstads visjon av Guds trone i romanen 16.07.41.

Nytolking

Der Knausgård i den stramme og gode prosateksten – kall han gjerne for ei novelle – brukar Kierkegaards bok som eit viktig førelegg, er også ein annan 1800-talstekst, Ibsens Peer Gynt (1867), med i veven. Fuglene under himmelen dannar utgangspunktet for teaterførestellinga Venter i regi av den katalanske regissøren Calixto Bieito, som nyleg hadde premiere på Festspela i Bergen. Koplinga til Peer Gynts Solveig er tydeleg, sjølv om det ved første augekast ikkje verkar slik. Indirekte er likevel den «mest trufaste kvinneskapnaden i norsk litteratur», som litteraturprofessoren Vigdis Ystad har kalla Ibsens Solveig, forklart på ein interessant måte. I mi tolking: Solveig, for å kunne vente så lenge på Peer, må ha nådd heilt inn til Guds rike, den augeblinken som liljene på marka og fuglane under himmelen alltid er i.

LES OGSÅ: Plutselig innså Knausgård at det var snakk om en virkelig gutt: «Han var død, og jeg forstod plutselig hva døden innebar.»

Kvinneblikk

Hos Knausgård handlar det om sjukepleiaren Solveig som har utfordringar med ei pleietrengande mor og ei inneslutta dotter, og som strevar for å gjere godt. Den kortfatta teksten er meir reinskåren enn skrinn, slik forfattaren lykkast i å måle fram store lengslar på lita flate. Boka inkluderer elles også eit knippe fascinerande fuglefotografi av Stephen Gill.

Vel så interessant er likevel valet av kvinneleg perspektiv, ein aldri så liten akilleshæl i Knausgårds virke og forfattarskap. Det mannlege blikket hos Knausgård, både i og utanfor litteraturen, har provosert enkelte. Omsider får vi altså ein fiksjonstekst med kvinneperspektiv, som jamvel er rykt laus frå birolla i Peer Gynt.

Ibsens Solveig stod i tru, håp og kjærleik og frelste Peer frå Knappestøyparen. Knausgårds Solveig står ved kanten av Guds rike og alt er framleis ope.

---

Fuglene under himmelen

  • Novelle av Karl Ove Knausgård
  • Forlaget Oktober, 2019

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker