Bøker

Bibelsk harpesang

Levi Henriksens­ nye bok er ­gjennomsyra av bibelstoff og bedehusmusikk.

Bedehuset Eben Ezer dukkar stadig opp i Levi Henriksens forfattarskap. Men den nye romanen Harpesang opnar faktisk i Vinger kirke på Kongsvinger. Her får plateprodusenten Jim Gystad ei slags musikalsk «vekking» av å høyre tre 80-årige­ pinsevennar, søskena Maria, Timoteus og Tamar Thorsen, synge i ein barnedåp.

– Eg kunne ikkje ha skrive denne romanen før no, seier Levi Henriksen til Vårt Land.

– På ein måte byrjar han i mars 1996, i gravferda til far min. På minnesamveret etter­på song mamma, som har pike­namnet Thorsen, klassiske pinse­vennsongar saman med ein yngre bror og ei søster. Opplevinga har ligge og spira i meg sidan då.

LES OGSÅ: Hyller Bibelen som inspirasjonskilde

Ny livsmeining

Det personlege­ aspektet i Harpesang er med andre ord openbert. Henriksen er full av lovord om si eiga mor, som framleis lever. Det rustne og trestemte hjå søsken som syng, har dessutan noko spesielt ved seg, meiner forfattaren. Det er dette som får hovudpersonen hans til å flytte frå Oslo­ og slå seg ned på den fiktive­ staden Skogli ved Kongsvinger for å finne ny meining med livet.­ Gystad, som er på desperat leiting etter noko å tru på, set seg føre å lage ei plate med dei syngande 80-åringane.

– Som forfattar har eg aldri tidlegare brukt pinsevennen og musikaren i meg meir enn i denne boka. Eg kjenner blant anna mykje av musikken som kom ut på plateselskapet til pinsevennane,­ Klango.­ ­­Favorittbandnamnet mitt er utan tvil De 10 søsken Kolbjørnsrud, seier Henriksen.

Enormt platesal

Klango heldt det gåande mellom 1959 og 1991. Blant dei største artistane finn vi Kjell og Odd (Kjell Andreassen og Odd Bergum), som selde 250.000 plater på fem år.

– Då eg gjorde research til romanen, møtte eg Kjell Andreassen i New York. Dagen etter møtte eg Tommy Ramone frå The Ramones. To store opplevingar på kort tid.

Egil og Arne (Egil Solheim og Arne Gundersen) var ein annan kjent Klango-duo, til liks med Milly og Oddny (Kårtvedt). I arbeidet med Harpesang har Henriksen blant anna late seg inspirere til å skrive eigne låttekstar med typiske vendingar frå Klango-­artistane – gjort både med humor og varme. Låttitlar som «Forbi månen til Perleporten» og «Tretti sølvpenger oppå vår Faders bibel» er også Henriksens verk.

– Songen og musikken spelte­ ei heilt sentral rolle i familien­ vår, slik han også gjorde på pinse­vennmøta på bedehuset. Eg ville ikkje ha bytta bort denne songen og musikken for noko i verda. Han har ei inderlegheit og ein nærleik som eg ikkje finn nokre andre stader. Samt klokke­klar diksjon, for bodskapen skulle nå fram, seier forfattaren.

I boka harselerer han litt med gamle peikefingrar i kristne miljø,­ der trommer og dans var noko forførerisk og skummelt. Til og med plekteret var mistenkeleg og verdsleg. Det kunne ta merksemda vekk frå bodskapen.

LES OGSÅ: Rett hjem for Levi

Fekk helvetesangst

Sjølv er Henriksen ein rockar som er særleg glad i countrygospel. Både Johnny Cash og Ira Louvin er artistar som har inspirert romanfiguren Timoteus Thorsen.

– Johnny Cash er det største førebiletet mitt uansett kunstnariske uttrykk. Rockemusikk var i oppveksten litt «fy» å høyre på, og eg fekk helvetesangst då bror min hadde fått tak i ei plate med The Animals. Men eit søskenbarn av meg hadde ein kassett med Johnny Cash, som eg fekk kjøpt for fem kroner og eit par solbriller, og sidan har han alltid vore med meg. Eg tok det utruleg tungt då han døydde.

Den amerikanske produsenten Rick Rubin fekk Cash til å lage nokre av sine beste plater på slutten av karrieren, den såkalla «American Recordings»-serien. Henriksen vedgår at Rubin er ein inspirasjon for hovudpersonen Jim Gystad, slik Cash er det for Timoteus Thorsen.

– Elles er Aage Samuelsen også ein person å ha i bakhovudet under lesinga. Eg har litt fleipete hevda at han var pinsevennane sin Elvis, seier Henriksen.

I romanen heiter huset til dei tre søskena Thorsen, som bur saman, Hallelujagaten – eit nikk til ein av Samuelsens mest kjente songar, «Huset i Hallelujagaten».

Lettare å tru

– Eg er fascinert av at Samuelsen ikkje alltid var like from i det han sa og gjorde. Humoren hans gjorde også sitt til at han var ein mann eg blei glad i. Det var noko frigjerande med han, på same måten som med Johnny Cash. Slike folk gjer det lettare for meg å forsøke å utøve mi eiga tru, seier forfattaren.

– Har du tatt vare på denne trua i vaksen alder?

– Ja. Då eg vaks opp, var alle rundt meg pinsevennar, så eg trudde at heile verda bestod av pinsevennar. Eg forstod etter kvart at det verdsbiletet var litt skakt. Men trua har eg hatt i alle år, og den er sterkare enn nokon gong. Sjølv om eg alltid har hatt kjensla av at eg er for kristen for dei verdslege og for verdsleg for dei kristne.

Som barn blei Levi Henriksen tatt ut av konfirmasjonsundervisinga – saman med ein human-etikar – fordi han var pinsevenn. I dag går han til gudstenester i Den norske kyrkja, og kona sit i kyrkjelydsrådet.

– Eg likar å gå i kyrkja, men du verda kor eg saknar musikken frå bedehuset, seier forfattaren.

LES OGSÅ: Kvifor er Henriksen så opptatt av det lågkykjelege

Brukar trua litterært

I mange av bøkene sine skildrar han kristne miljø. Men han har ikkje eigentleg møtt skepsis til dette i møte med det litterære miljøet.

– I starten følte eg kanskje at somme rynka litt på nasen og lurte på kva dette var for noko. Men då eg fann den litterære stemmen min, var det ein stor augeopnar å lese Flannery O’Connor og sjå korleis ho brukte trua i litteraturen ho skapte.

Henriksen trur også det er ei større åndeleg nysgjerrigheit i dag, der det er lov for forfattarar å utforske bibelske og religiøse tematikkar utan å miste sitt intellektuelle image.

– Det er blitt meir hipt, på eit vis. Berre tenk på ein så kul fyr som Nick Cave, som så opent har soleklare bibelske referansar i tekstane sine. Då er det også lov for forfattarar å bruke bibelstoff i bøkene sine utan å bli «uhipp».

Ei oppgåve

Harpesang er spekka av bibelske referansar, både i direkte tilvising til bibelstader, i biletbruken og i språket.

– Dermed ikkje sagt at ein ikkje kan skrive skittent, hardt og truverdig. Når eg skriv, har eg berre ei oppgåve, og det er å skrive så godt eg kan. Om eg trampar folk på tærne, så får det berre vere slik, seier Levi Henriksen.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker