Ein smørjehall på eit par hundre kvadrat. Kanskje ikkje den mest opplagte staden å arrangere festival på. Men det er akkurat det Havresekken, ei nystarta konsertforeining med tilhaldsstad i Oslo, gjer. 6. til 8. august går Bøgrend Autofest av stabelen.

– Korleis vi kom på å ha det her? Det er jaggu meg eit godt spørsmål. Sjølv er eg vaksen opp med å drikke Solo og kjederøyke på plassen, seier Asgaut Bakken i Havresekken.

 

Debutant. Han fortel at det heile starta som ein venefest, og at ideen om å arrangere ein festival dukka opp etterkvart. Så langt står Valkyrien Allstars, Aasmund Nordstoga, Morudes (Amund og Henrik Maarud) og fleire lokale band på programmet.

– Publikum får også servert ein debutant i form av forfattar Erlend Kaasa, kjent med boka Thunder Road frå Det Norske Samlaget, som debuterer som artist med sitt prosjekt Judas Booth. Han vil bli akkompagnert av kjende musikarar, seier Bakken, men vil ikkje røpe nokon namn.

 

Festivalcamp. 200 festivalpass og 100 dagspass er lagt ut for sal. Marknadsføringa av festivalen har stort sett skjedd gjennom sosiale medier.

– Ideen om Bøgrend Autofest kom i april, og vi samarbeidar med bygdemobiliseringsprosjektet Liv i Vinje om festivalen. Vi planlegg å ha ein liten festivalcamp, og håpar at både lokale og andre interesserte tek turen, seier grunnleggjaren. Drifta av stasjonen vart lagt ned for nærmare ti år sidan, og har blitt brukt som lager for det lokale Røde Kors. No skal scene, lys og lyd på plass i smørjehallen.

 

Tverrkulturelt. Havresekken har til vanleg arrangement ein gong i månaden i Oslo. Deira motto er å presentere artistar du ikkje visste du likte, på stadar du ikkje visste du kom til å trivast.

– Det starta med ein ide om å presentere folkemusikk, men utvikla seg til å bli tverrkulturelt. Som regel set vi opp fire ulike artistar per kveld utan å fortelje folk på førehand kven det er, fortel Bakken.

I august er Havresekken tilbake i Oslo. Då arrangerer dei tog og pub-til-pub-runde som kick-off til Kongene på Haugen-festivalen. Men først står altså musikkfesten i Vinje for tur.