Onsdag ettermiddag fekk den kanadiske filosofiprofessoren Holbergs internasjonale minnepris i Håkonshallen i Bergen. Kronprinsesse Mette-Marit sto for sjølve prisoverrekkinga.
Holbergprisen er ein pris som vert delt ut for «fremragende vitenskapelig arbeid innen samfunnsfag, humaniora, juss og teologi».
Hacking sjølv er nokså beskjeden:
Kanskje jeg fortjener å stå på en liste over 2-3000 forskere, men resten er hell, seier han.
Leiande filsosof. Ragnar Fjelland og Roger Strand ved Senter for Vitenskapsteori ved Universitetet i Bergen meiner at Hacking er ein av verdas leiande filosofar og vitskapshistorikarar. Dei påpeiker at Hacking er blitt omtalt som «ein sann brubyggjar».
Hackings originalitet og elegante penn, samt den omfattande produksjonen hans i generelle tidsskrifter og aviser, har også vunne han eit breitt publikum, meiner dei.
Framifrå. I grunngjevinga frå Holbergsprisens fagkomité står det blant anna: «Ian Hacking er en fremragende filosof og vitenskapshistoriker. Hans kombinasjon av stringent filosofisk og historisk analyse har fundamentalt endret vår forståelse av hvordan sentrale begrep oppstår gjennom vitenskapelig praksis og i bestemte sosiale og institusjonelle sammenhenger.»
I ettermiddag blei også Nils Klim-prisen delt ut. Denne går til yngre nordiske forskarar under 35 år, og innanfor Holbergprisens fagfelt.
Kristin Halvorsen delte ut prisen, som gjekk til David Bloch.







