Anmeldelser

Vågal og sakral Sufjan Stevens

Sufjan Stevens trefte ikkje med alle grepa sine i Oslo Spektrum. Men den amerikanske artisten står framleis som kongen av indierock.

Den amerikanske multiinstrumentalisten Sufjan Stevens har sidan tusenårsskiftet svinga seg opp til å bli sjølve kongen av kompromisslaus og original indierock. Og er det noko som står sterkt i den norske hovudstaden, er det nettopp denne litt ulne, men kredible sjangeren.

Stevens har også ein stor norsk fanbase blant musikkinteresserte med bakgrunn i kristne miljø. Eg trur eg sjeldan har vore på ein konsert i Oslo Spektrum der eg kjente fleire i publikum. Det seier kanskje mest om meg. Men Sufjan Stevens' høge status gjer han til ein identitetsmarkør for mange.

Om fanbasen grensar til kyrkjelyd, trur eg er å trekke det litt langt. Det sakrale hadde uansett sin plass på konserten laurdag kveld, både i tekstar og visuell sceneutforming.

Geniale låtar

Å rose Sufjan Stevens for ein konsert, er som regel høgst fortent og samtidig like kjedeleg som å rose sola for varmen. Mannen har skrive så mange geniale låtar at det sjeldan kan gå heilt gale i konsertsamanheng. Så også denne gongen.

Når eg prøvar å unngå panegyrikken, er det for å utfordre min eigen fascinasjon for artisten. Og det låg ei lita spenning i lufta før konsertstart. Tidlegare har eg sett han spele på relativt små scener i både Noreg og USA. Korleis ville overgangen bli til svære (om enn avdelte) Oslo Spektrum?

Følg oss på Facebook og Twitter!

Sterk sjølvbiografi

Det var den nye plata, Carrie & Lowell, som var grunnplanken i konserten. Dette er ei beint fram glitrande plate som tek utgangspunkt i Stevens' forhold til si eiga mor. Artisten vart forlaten av mor si, Carrie, som barn – ho sleit blant anna med rusproblem. Og då mora på ny vendte attende til livet hans, døydde ho av kreftsjukdom, i 2012.

Det sjølvbiografiske utgangspunktet gjer desse låtane ekstra sterke. Samtidig brukar Stevens som vanleg ei rekke både mytologiske og bibelske referansar i låtane, og legg fleire fiksjonlag til sjølvbiografien. Resultatet er tekstar som ofte står fram med ei særleg sterk biletkraft. Som når Stevens på konserten laurdag song «No Shade In The Shadow Of The Cross».

Nye drakter

På mange av låtane, ikkje minst dei sterke opningslåtane «Death With Dignity» og «Should Have Known Better», startar artisten solo. Det er kanskje her han formidlar aller sterkast. Nokre av låtane hadde fått heilt nye arrangement, og eg er tvilande til om den nye musikalske drakta gjorde dei berre godt.

Det ligg i Stevens' natur å eksperimentere, og ikkje minst kombinasjonen av elektronika og akustisk folkrock har følgd han gjennom karrieren. På nokre av låtane laurdag prøvde han å tre ei litt for trong elektronisk drakt over det som i utgangspunktet er såre akustiske folkrocklåtar. Eg likte det ikkje altfor godt. På eit tidspunkt følte eg meg nesten som Pete Seeger på veg fram til Bob Dylans gitarkablar med øks.

Vågalt grep

Det høyrer med til historia at eg sjølv set det nedstrippa albumet Seven Swans skyhøgt over elektronikken på The Age of Adz. Andre kan ha det annleis. Det var uansett eit vågalt grep.

Dersom eg skal vere litt gretten: Sufjan Stevens song ikkje like godt som han brukar, og han var uheldig med teknikken ved eit par vesentleg høve. Ein innkommande meldingslyd fekk publikum til å humre midt i den vakre og lågmælte «Eugene». Og på «John My Beloved» hadde nokon skrudd ekkoboksen fem hakk for høgt.

Givande

Samtidig: Stevens spelte alle elleve låtane frå det nye albumet, og sjølv det av og til skurra litt i mine øyrer, er dette elleve av dei beste låtane som er komne på plate i år. Det var givande å høyre dei live.

I det ordinære settet fekk vi berre «The Owl And The Tanager» frå EP-en All Delighted People og «Vesuvius» frå The Age of Adz i tillegg til Carrie&Lowell-låtane. Dei fem ekstralåtane ga oss derimot «Concerning the UFO Sighting Near Highland, Illinois», «John Wayne Gacy, Jr» og avslutninglåten «Chicago» frå albumet Illinoise, samt «Futile Devices» frå The Age of Adz og det verkeleg høgdepunktet, den bibelinspirerte «To Be Alone With You» frå Seven Swans.

Då var det messe i Oslo Spektrum. Sufjan Stevens var attende som konge og øvsteprest.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser