Anmeldelser

Trøndersk Snyder

Ein symbiose av råe bilete og kvardagsslit med åndsimpulsar frå japansk poesi og buddhisme pregar dikta av amerikanske Gary Snyder – som er komen i fyldig utval og gjendikting ved Mathias R. Samuelsen

Det er eit imponerande arbeid den unge lyrikaren Mathias R. Samuelsen har gjort med å gjendikta nesten samtlege dikt frå amerikanaren Gary Snyders tidlege produksjon frå 1950- og 60-talet. Tittelen viser til innhaldet: Tidlige dikt.

Beat og buddhisme

Snyder, født 1930, er ei viktig røyst i moderne amerikansk lyrikk, men er frå før lite kjend her i landet. Grunnen til det er kanskje det motseiingsfylte i hans poetiske ståstad: Han var i høgste grad med på å introdusera ein ny poesi som gjerne vert kalla «beat-lyrikken», men vil samstundes ikkje identifisera seg med den. Han har lært av eldre poetar som Ezra Pound og William Carlos Williams. Men like mykje har han lært av japansk poesi: Han budde i lengre periodar i Japan på 1950- og 60-talet og vart då sterkt påverka av buddhismen.

LES OGSÅ: Casper André Lugg har ei nesten kviskrande poetisk røyst

Hippierørsla

Om han skal reknast til nokon amerikansk «retning», er det vel helst til den såkalla «San Francisco-renessansen», men denne er ikkje enkel å skilja heilt frå «beat». Det er dessutan liten tvil om at Snyder var med på å kveikja «beat-poetanes» interesse for buddhismen og likeeins for det «primitive» og naturnære. Då Snyder vende attende frå sine mange år i Japan og andre austlege kulturar, var det for å bli omfamna av den då nytilkomne hippie-rørsla, som òg gav viktige tilskot til amerikansk og européisk litteratur (også her i vårt land).

Sublim blanding

Det sublime ved denne poesien ligg i blandinga av direkte, ofte råe, bilete og munnleg språk, ofte ord som ikkje eignar seg for sitering i vår kristelege avis – med akademisk skolering og innslag av austleg åndstradisjon. Han skriv om sjømannens og landarbeidarens slit og hardbalne liv, han er i og med tinga, for så å gje dei ein mediativ funksjon gjennom omskapinga i ord og sinnlege fenomen.

Vegvisar

Som innleiing har Samuelsen teke med eit stutt essay, «Buddhistisk anarkisme», som Snyder let prenta i 1961. No, i ettertid, virkar det ganske naivt i si framtidstru på ei betre verd, men som dokument frå hippie-tida er det interessant nok. Og ikkje minst som ein vegvisar inn til dei sjokkerande dikta – med det grovt vulgære og det finstemte side om side – som Snyder skreiv i ei tid då Amerika var prega av kommunistjakt og materialisme.

Samuelsen brukar etter måten stor plass på å kommentera dette essayet som òg inneheld Snyders forsvar for cannabis-røyking, fri seksualitet både på polygamt, polyandrisk og homofilt vis: Ein del av hippie-bodskapen på 60-talet, også her.

LES OGSÅ: Når Jon Fosse overskriver Henrik Wergeland, er det som om han omfavner en gammel nabo

Vanskeleggjering

Samuelsen gjendiktar til ein (fin)trøndersk dialekt. På meg, og sikkert på mange lesarar, virkar dette som ei unødvendig vanskeleggjering av dikta. Apokope og omgjering til einstavingsord fører ikke Snyder nærare andre enn dei som er fortrulege med denne delen av trøndersk dialektområde (som eg trur er Trondheim m/omland). Hippierørsla var jo eit urbant fenomen, bønder var ikkje hippiar men hippiane ville ut til bøndene for å dyrka blomar og fri sex, for fred og kjærleik på jorda.

Men Samuelsen er poet god nok til å lokka meg til å kliva over dette trønderske språkgjerdet. Eg trur nok likevel han bør vurdera – når han skal gje seg i kast med den seinare delen av Snyders poesi – å velja anten bokmål eller nynorsk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser