Anmeldelser

Thorvalds saga

Thorvald Steens triumf av ein roman konfronterer lesaren med eksistensielle spørsmål om menneskeverd og retten til liv, om skam og forteiing og avvik.

Nyleg las eg ein roman av ein av våre mestseljande krimforfattarar: Ja, tenkte eg etterpå, dette er godt komponert, her er det død og dop og svik og kamp og intrigar. Men likevel: Romanen fortalde meg ikkje noko nytt om å vera menneske, eg hadde berre fått nokre timars underhaldning. Eg visste ikkje meir om å vera menneske etterpå, eg sjølv var den same.

Mysteriet mennesket

Thorvald Steens forfattarskap har eit anna utgangspunkt enn å snikra seg ei underhaldande forteljing som folk kjøper. Dét er vel skilnaden mellom forfattarskap og diktekunst: Diktekunst, om det er prosa eller poesi, er fortetta forklaring av mysteriet mennesket – for å bruka i overkant store ord.

###

Det er dette som ber Steens bøker, både serien med historiske romanar og ikkje minst dei fire bøkene der hans eige liv som berar av ein arveleg muskelsvinnsjukdom, er utgangspunkt for ein fiksjon som får oss til å sjå både medmennesket og oss sjølve og til å stilla dei fundamentale spørsmåla om menneskets verd og retten til liv.

Fallet

Årets roman, Det hvite­ badehuset, er eit framhald, kanskje avslutninga, av den romanrekkja som byrja med barne- og ungdomsskildringa med nederlaget i skibakken som i seg sjølv høyrer til høgdepunkta i moderne­ norsk forteljekunst.

Den forteljande eg-personen er no ein vaksen mann, avhengig av rullestol og tekniske hjelpe­middel. Den ytre handlinga vert utløyst av eit fall: Telefonen ringjer og han dett ut av rullestolen­ då han skal gripa telefonen. Der vert han liggjande på golvet, musklane er ikkje der til å reisa han opp att. Og i denne situasjonen passerer livet revy. Det vil si: Det er først og fremst dei eksistensielle spørsmåla knytte til han sjølv, sjukdomen, skam og forteiing som står i sentrum. Og då med mora, som fornekta både hans og familiens genetiske avvik som eit hovudmotiv.

Moras forteiing

Kvifor fekk han ikkje vita om sjukdomen? Kvifor fekk han ikkje vita at morfaren hadde den same? Kvifor fortalde ikkje mora at ho hadde­ ein bror som òg fekk denne ­arven? Kvifor vil ho aldri­ snakka­ om sjukdomen hans? Det er ikkje før ei til då ukjend kvinne, som presenterer seg som søskenbarnet hans, tek kontakt at han byrjar gå tett innpå mora, for å få henne til å fortelja kven han sjølv og familien hans er.

Medan han ligg hjelpelaus på golvet memorerer han dei vanskelege møta med den no kreftsjuke mora. Dette kunne lett ha blitt til ei forteljing om ei slem mor og hennar lidande barn, men Steen unngår svart/kvitt-teikninga ved å få oss til å spørja om kvifor skam oppstår rundt sjukdom og liding, kvifor vi dekker over det som er annleis. Og: Kva er – når alt kjem til alt – menneskeverd og eit verdi­fullt liv? Kan menneskeverd graderast? Kvifor er vi så redd avviket?

Forteljestilen

Forteljestilen er knapp og usentimental som i ei norrøn soge. Komposisjonen er lysande gjennomført med veksling mellom detaljert skildring av kroppen som ligg hjelpeslaus på golvet, minne frå samtalane med mora og historiske tilbakeblikk til det som vert avslørt gjennom oppnøsting av fakta. Vi møter òg i prosalyriske parti poeten Steen som med få ord maktar å skapa ei rørsle frå det heilt nære til det kosmiske.

Berre éin stad – som set romanen inn i eit svært aktuelt perspektiv – drøftar han direkte samanhengen mellom rasehygiene og arvehygiene.

Rasehygiene

Medan rasehygienikarane stod på tiltalebenken i Nürnberg, minnar Steens hovudperson oss på den amerikanske nobelprisvinnaren Herman Joseph Muller som i 1956 skreiv at ingen har «rett til å overføra så mange genetiske, ­eller delvis genetiske, skavanker, at samfunnet får en enda større byrde å bære».

Og han minnar om at presidenten for den internasjonale perinatalmedisinske foreninga, Aris Antaklis, så seint som på verdskongressen 2015 tala om «dagens teknologiske muligheter til å diagnostisere avvik hos fosteret. Han reiste ingen etiske motforestillinger eller spørsmål. På kongressen var den medisinske og farmasøytiske industrien godt representert. Perinatalmedisinerne har overtatt arvehygienikernes rolle fra 1930-tallet.

Gradering av menneskeverd?

Romanen får oss til å stilla spørsmål om menneskeverd kan graderast? Har nokon meir rett til liv enn andre? Ein tysk lege som tilhøyrde mindretalet på kongressen hevda at «selv individer dere vil sortere vekk, som har sine mangler, kan, om de får leve, levere bidrag til menneske­heten».

Eg-personen, som det er lett å oppfatta som Thorvald Steens­ ­alter ego, grublar over moras motiv for å teia: «Skyldes noe av det ondskap? Det kan være forakt, for ikke å si frykt for annerledeshet og svakhet (...) Den gang som nå ville staten og samfunnet ha færrest mulig av mitt slag.»

Grunnlagsdokument

Som roman – og det er jo ein roman – er dette eit gneistrande godt skriftstykke som har alt ein kan forventa av stor diktekunst: Språkleg, komposisjonsmessig, episk. Dette er nok Thorvald Steens største siger som forfattar.

Og endå meir: Eit viktig grunnlagsdokument i den samtalen vi endå tydelegare må ha om etikk, arvehygiene og bioteknologi.

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser