Film

Suverent familiedrama frå Joachim Trier

Louder Than Bombs er ein mykje betre film enn ein del av meldingane så langt skulle tilseie.
 Joachim Trier står fram som ein mogen filmskapar som evnar å løfte materialet sitt til kunst.

Det byrjar å bli ei stund sidan Joachim Triers Louder Than Bombs hadde internasjonal premiere på filmfestivalen i Cannes. I morgon har omsider filmen ordinær kinopremiere i Norge.

Trier har fått mange fine tilbakemeldingar både i utlandet og her heime, men totalt sett har dei norske kritikkane vore ein smule reserverte. Det er rart, for Louder Than Bombs er ein svært god film.

Rik forteljing

Trier og Eskil­ Vogt, som han samarbeider med på manussida, har denne gongen laga eit mangefasettert ­relasjonsdrama. Fire synsvinklar vert fletta saman til ei rik forteljing med briljante skodespelarar i rollene. Gabriel Byrne spelar læraren og den tidlegare skode­spelaren Gene, som slit med å komme innpå den yngste sonen sin, tenåringen Conrad (Devin Druid). Den eldre sonen Jonah (Jesse Eisenberg) bur seks timar i bil unna og jobbar som professor i sosiologi.

For få år sidan mista Gene kona si, den internasjonalt anerkjente krigsfotografen Isabelle (Isabelle Huppert). Eit galleri ønskjer å lage ei retrospektiv utstilling med Isabells fotokunst, og spør om Gene har tilgang til upubliserte bilete som blei att etter henne. Jonah, som nettopp er blitt far, kjem difor heim og blir heime nokre dagar for å gå igjennom materialet.

LES OGSÅ: Kontroversiell Muhammed-film er iransk oscarkandidat

Utfordringar

Filmen teiknar på ulikt vis opp dei relasjonelle utfordringane til Gene, Conrad, Jonah og – i retrospekt – Isabelle. Allereie heilt i starten av filmen får vi eit hint om at den nybakte faren Jonah ikkje har det optimalt i forholdet. Det er likevel Conrad som først blir skildra som eit problembarn – før vinkelen endrar seg og vi blir klar over det problematiske ved Genes oppførsel overfor han. Vi får også vite at Isabelle truleg har tatt sjølvmord, at ho sleit med depresjonar, og at ho sleit med å finne seg ordentleg til rette i spennet mellom jobben der ute og familien der heime.

Slik rører historia seg framover i små skritt, med stadige perspektivskifte. Det er ikkje ei monumental og bardus forteljing vi er vitne til her, men ei forteljing som «loddar i djupet med stille sprengkraft», som filmkritikarjuryen i Haugesund formulerte det då vi gav filmen heiderleg omtale.

LES OGSÅ: Hellig lyd fra Det sixtinske kapell

Poppe-parallell

Nokre av spørsmåla i filmen minner om Erik Poppes spelefilm Tusen ganger god natt, som hadde Juliette­ Binoche i rolla som internasjonalt anerkjent krigsfotograf. Desse dreier seg om kor mykje ein er villig til å ofre for kunsten, for å følgje «kallet».

Denne viktige tematikken blir likevel berre eit uttrykk for den overordna heilskapen, som slik eg ser det er strevet etter å finne sin eigen plass i tilveret, å finne sin sanne identitet. Det var dette Isabelle ikkje klarte til sjuande og sist, ei utruskapshistorie blir også avdekka etter kvart.

Gene slit med det same, ein mann som truleg har ofra draumen sin for familien for så å oppleve at familien går i knas mellom hendene hans. Slik er det for Conrad, som i mangt kan lesast som den ­eigentlege kunstnaren i filmen – den dataspelande og inneslutta tenåringen som er eit råskinn i skrift. (Det går med litt velvilje an å tolke Melanies (Ruby Jerins) voice-over mot slutten av filmen som eit utdrag frå Conrads kommande roman.) Og slik er det definitivt for Jonah, som lik den bibelske profeten har rømt frå kallet sitt – å vere saman med kona og det nyfødde barnet – og er i ferd med å bukke under i ei blanding av identitetskrise og gamal lidenskap.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Av desse fire, er det Conrad som ved første augekast synest å ha mest trøbbel, som talsperson for ein generasjon av mutte og lett nerdete 15-åringar. Samtidig er det faktisk han som har vore til stades i familien heile tida, det er han som har «sett» alt. Og trass i at vesentleg informasjon er blitt halden skjult for han: Conrad er både profeten, som sannseiar, og poeten, med det undrande og opne blikket. Conrads opne blikk er viktig for filmforteljinga også visuelt sett. Ho lener seg innimellom tungt på dette.

Sterk symbolikk

Det er beint fram sagt mykje poesi i Triers filmkunst, med sterk biletsymbolikk frå draumar og tankeflukter. Nokre av dei sterkaste visuelle scenene er førestellingar om Isabelles dødskræsj, samt ein eksplosjon ho kom utfor som krigsfotograf. Det vektlause ved splintane og steinane i sakte film skaper ei unik stemning som fangar både dramatikken, uroa og det udiskutabelt vakre i personen Isabelle. At Isabelle Huppert er eit funn for ein film som denne, burde vere unødvendig å poengtere – Trier har i det store og heile lukkast maksimalt med castinga til Louder Than Bombs.

Middelklassen

Med denne filmen har Trier lukkast med å gi råkande skildringar av både ungdomstid, ung vaksentid og moden vaksentid i ein amerikansk middelklassefamilie. I dei tidlegare filmane sine har han først og fremst skildra den unge norske middelklassen. No er perspektivet breiare, men penselen framleis presis, og miljøskiftet har ikkje gjort filmen mindre universell.

Joachim Trier står med Louder Than Bombs fram som ein særs moden filmskapar som vågar å fortelje ei historie utan bruk av billige triks. Det er film med risiko, og nettopp den typen film vi treng meir av i Noreg. Trier fortener all den heider han kan få.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film