Film

Sorgfulle høgder i spelefilmen Jackie

Natalie Portman imponerer i rolla som Jacqueline Kennedy. Men den biografiske spelefilmen Jackie skrevar ein smule mellom eksistensiell djupne, tårescener og kjølig historieforteljing.

Historia om Jacqueline Kennedy er ei historie full av tunge lagnader. Ho nådde dei store politiske høgder saman med mannen John F. Kennedy, som var president i USA frå 1961 til 1963. Samtidig opplevde ho å miste to barn – eitt dødfødd og eitt som berre levde i 39 timar – før mannen hennar blei skoten mens han sat ved sida av henne i ein open bil.

Storslått gravferd

Den biografiske spelefilmen Jackie skildrar Jackie Kennedy i dagane etter attentatet, og korleis ho planlegg den storslåtte gravferda for mannen. Jackie ønskte ein gravferdsparade gjennom gatene, sjølv om dette utgjorde ein stor tryggleiksrisiko både for henne sjølv og for alle statsleiarane som kom for å delta i gravferda til John F. Kennedy.

Sentralt i filmen står elles to samtalar – med journalisten og presten. Begge samtalane tilfører filmen nye eksistensielle nivå, der det vondes problem er sentralt i sistnemnte.

Overtydande

Natalie Portman er nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for tolkinga av Jackie Kennedy, og det er fullt fortent – iallfall om overtydande etterlikning av historiske personar er eit kriterium for prisen. Både stemmebruk og mimikk er hundre prosent på plass, sjølv om det er vanskeleg å fri seg frå tanken om at det er Natalie Portman vi ser.

Og kanskje sviktar det litt i det emosjonelle nivået i filmen. For historia skulle vere sterk nok – kvifor taler ho då ikkje sterkare til meg? No bør det ikkje vere eit krav at filmar skal lokke fram sterke kjensler, då nærmar dei seg gjerne melodramaet. På somme punkt er filmen likevel noko uforløyst; han evnar ikkje å gripe oss slik han truleg burde, fordi han sprikar mellom eksistensielle samtalar, emosjonelt trykk og ei meir kjølig form for historieforteljing.

Sjåverdig

Regissør Pablo Larraín må likevel seiast å ha laga ein sjåverdig film, som i hovudsak blir halden oppe av Portmans sterke rolletolking.

LES FLERE ANMELDELSER:

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film