Film

Skremmande katastrofefilm frå Sunnmøre

Når fjellet ein gong fell, ser det stygt ut for folket langs Storfjorden. Bølgen ruvar ikkje like høgt som veggen av vatn, men er ein godt utført sjangerfilm.

Eg er vaksen opp langs fjorden på Sunnmøre, på Sjøholt, ikkje så langt frå Geiranger. Emnet for den første norske katastrofefilmen er difor ein reell trussel. Når fjellpartiet Åkerneset (eller Åkneset, som ein gjerne seier lokalt) ein gong rasar ned i fjorden, vil det utløyse ein tsunami som kan skylje over barndomsheimen min.

Roar Uthaug skal ha takk for å male ut katastrofescenariet med brei pensel – no blir det nok ein del søvnlause netter på naustloftet i åra som kjem.

Mektig inntrykk

På Sunnmøre har Stranda kommune allereie arrangert informasjonsmøte for å hindre at barn og unge – kanskje nokre vaksne også? – blir skremte av Bølgen. Inntrykket av den massive bølgja på det kvite lerretet er mektig, og skaper ein aldri så liten knute i magen hjå underteikna. Det har gått liknande ras på Sunnmøre før, i Tafjorden i 1934 døydde 40 menneske av flodbølgja. Det er sannsynleg at det vil skje igjen.

Like fullt var aldri Åkneset ei kjelde til traumar i oppveksten. Dei fleste som bur i området har nok også i dag eit avslappa forhold til utvidingane i den store fjellsprekka.

Utgangspunktet for ein spennande film er derimot til stades. Manusforfattarane John Kåre Raake og Harald Rosenløw-Eeg gjer eit genialt grep ved å fjerne tryggleiken som skredovervakinga gir. På filmen skjer det forskyvingar på djupare nivå i fjellmassivet. Dermed kan skredet komme overraskande på, utan at skredekspertane får slått alarm før thrillersjangerens sedvanlege ti minutt står att.

LES MER: Her er årets Amanda-vinnere

Hollywood

For Bølgen er ein sjangerfilm av typen vi kjenner godt frå Hollywood. Kristoffer Joner spelar den nervøse skredforskaren som luktar lunta ein god del tidlegare enn kollegaene sine. På eit tidspunkt i filmen går han frå å vere skredforskar til å vere klassisk filmhelt som skal berge familien sin. Parallellane til den nylege amerikanske katastrofefilmen San Andreas er påfallande, sjølv om denne er for ny til at Uthaug og kompani kan ha latt seg inspirere.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Truverdig helt

Kristoffer Joner er uansett ein ti gonger betre helt enn Dwayne «The Rock» Johnson. Kristian er eit meir truverdig menneske, ei lett plaga sjel, bergtatt på eit vis, som ikkje kan få Åkneset ut av rynkene i panna. Ane Dahl Torp er handlekraftig som kona Idun. Ho har sine siste jobbdagar på Hotell Geiranger, heilt nede ved fjorden, i det katastrofen skjer. Korleis skal paret redde borna Julia (Edith Haagenrud-Sande) og Sondre (Jonas Hoff Oftebro) frå den dødelege tsunamien som brølar innover fjorden?

Historia blir nok for prega av gjenkjennelege scener frå verktøykassa for katastrofefilm til at Bølgen skil seg kraftig frå liknande filmar i sjangeren. Men det finst absolutt nokre store tematikkar her, slik det ofte er når Harald Rosenløw-Eeg har hatt ei hand på manuset. Spørsmålet om liv eller død blir svært konkret for alle som må ta raske avgjerder: Skal ein skal flykte for sitt eige liv eller kjempe for familien og sin neste? Her byr filmen på noko meir enn mange katastrofefilmar eg har sett tidlegare – nokre etiske val som i seg sjølv er nesten umoglege, og som både er djupt problematiske og fullt forståelege i ein desperat situasjon. Her nærmar Roar Uthaug seg den svenske regissøren Ruben Östlunds Turist meir enn han nærmar seg det klassiske Hollywood-formatet.

Tøysete

Desperasjonen i eit rom som blir fullare og fullare av vatn er til å ta og kjenne på. Desse scenene fungerer svært godt, sjølv om dei altså minner sterkt om tilsvarande scener i San Andreas.

Motsett blir det tøysete når dei som er att inne på hotellet i det den over 80 meter bølgja skyl over dei, spring gjennom hotellgangane med vatn i hælane. Var det nødvendig å bruke slike overdramatiserande grep?

Søvnige turistar

Ein påfallande ting er den svake prosenten – og for så vidt uttalen – av sunnmørsdialekt i denne filmen. Turistar er det heller ikkje så mange av, og ingen av dei latar til å stå opp når tsunamivarselet går. Kriseberedskapen verkar dessutan å vere så svak på Sunnmøre at Kristoffer Joner får ha heile katastrofeområdet for seg sjølv i lange tider. Men dette får bli detaljar. Alt blir sjeldan hundre prosent logisk i katastrofefilmar.

Sjøuhyre

Teknisk er Bølgen fullt på høgde med store filmar frå Hollywood. Gimpville, som har vore sentrale i arbeidet med den enorme bølgja, har laga noko nær eit frådande sjøuhyre. Men truverdig, absolutt.

Magnus Beites musikk er viktig for filmen og fungerer effektivt og godt.

Skodespelet er gjennomgåande bra. Kristoffer Joner og Ane Dahl Torp står fint til kvarandre, slik dei også gjorde det i Gymnaslærer Pedersen frå 2006.

Den skremmande filmen maktar likevel ikkje å slå så hardt som eg hadde håpa. Kanskje er det fordi handlinga dreier bort frå dei mange lagnadene langs fjorden til fordel for det litt stereotype helteeposet?

Norge har uansett fått sin første store katastrofefilm, og Bølgen er ikkje eit dårleg bidrag til sjangeren.

Han vil nok likevel ikkje ruve like høgt i filmhistoria som monsterbølgja ruvar over Geirangerfjorden.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film