Anmeldelser

Skotske heltar i strålande solskin

Det skotske bandet Belle & Sebastian er den perfekte blandinga av indie-karismatikk, legendestatus og anonymitet. Dårleg lyd dempa inntrykket, men bookinga får full pott.

Strålande sol, fine artistar og blide festivalfolk gjorde den første dagen på Øyafestivalen til det reinaste Postkort-Øya. Musikken var det likefullt sting i, allereie med bærumsjenta Fay Wildhagen, som imponerte med sart stemme og godt gitarspel.

Seinare på kvelden leverte også den australske rockejenta Courtney Barnett givande gitarbasert rock, om enn av eit meir grovkorna kaliber enn Wildhagen. Desse to er berre to av mange døme på at kvinnene i høgste grad er til stades på Øyafestivalens program i år. Anneli Drecker var også blant dei som spelte i Tøyenparken onsdag.

Held koken

Det skotske bandet Belle & Sebastian har ikkje ei framtredande «Belle», om enkelte skulle ha misforstått bandnamnet som er inspirert av ei fransk barnebok. Derimot blei det stifta av to menn ved namn Stuart – Stuart Murdoch og Stuart David – for snart tjue år sidan. David har slutta i bandet, men Murdoch held framleis koken.

Murdoch er ein spennande fyr som også har fått ein del merksemd for si kristne tru. I våre dagar er det ikkje uvanleg med rockeartistar som er aktive kyrkjegjengarar, men for delar av den sekulære musikkpressen har nok dette vore ein smule eksotisk.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Original pop

Uavhengig av livssyn er artisten Murdoch først og fremst kjent for sine interessante tekstar, kombinert med lyse, lette og likefullt originale popmelodiar. Konserten på Øysfestivalen var ikkje noko unntak i så måte, og Belle & Sebastian spelte både gamle klassikarar som «The Boy With The Arab Strap» og låtar frå det nye albumet Girls in Peacetime Want to Dance,

Opningslåten «Nobody's Empire» frå den nye plata blei følgd av «I'm a Cuckoo» frå Dear Catastrophe Waitress (2003). Vidare spelte Belle & Sebastian dei nyare låtane «The Party Line» og «Another Sunny Day», før vi fekk «Seeing Other People» frå den klassiske plata If You're Feeling Sinister frå 1996.

Dårleg lydmiks

Det relativt korte settet inkluderte også låtane «Perfect Couples», «Piazza, New York Catcher», «I Didn't See It Coming», den nemnte «The Boy With The Arab Strap», «We Are The Sleepyheads» og «Judy and The Dream Of Horses».

Dårleg lydmiks i starten hindra ikkje at dette blei ei fin oppleving, der delar av publikum til og med blei inviterte opp for å danse på scena. Belle & Sebastian har nok spela endå betre og meir dynamiske konsertar før, men ein time med Stuart Murdoch slår sjeldan feil.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser