Anmeldelser

Sanse som eit barn

Dikt som sansar barnlege gleder og sorger, finn du i den nye boka til Ruth Lillegraven.

Skrive dikt for born må vera svært vanskeleg når ein er vaksen. For det er ikkje slik at ein berre kan velja nokre enkle ord, og plassere dei på korte liner slik at dei blir lette å lesa og så vips har ein laga dikt for born.

Det viktigaste med dikt er at dei talar til lesaren slik at han eller ho kjenner seg att, kjenner sitt eige blod flyte litt fortare i årene, at tankane byrjar danse­ litt anleis langs stiane, at ein ­smiler for seg sjølv, får lyst til å dele, eller seier «Ååå», eller «Ja!» eller «Hm…».

Skarpt

Om Ruth Lillegraven sine dikt i denne boka verkar slik på born, kan eg ikkje påstå, men eg held det for mykje truleg. Hennar blikk for det som rører seg i små kroppar, er skarpt, og ho skildrar det med varme. Truleg har ho godt minne også, for vi har alle vore born (somme har det berre veldig travelt med å bli vaksne).

Noko av det finaste med dikta i denne boka, er at dei gjev akt på hårfine 
nyansar.

Illustrert

Dikta i boka skiftar farge som årstidene. Dei fire ­bolkane er illustrerte av Mari Kanstad Johnsen. Hennar bilete er laga med halv-naturalistiske figurar og klåre flater. Sommaren er glad og litt sprelsk, våren mystisk, løfterik og drøymande.

Hausten har den mest talande­ illustrasjonen, med vaktsame­ dyrefjes som er på veg inn i det ukjende, saman med jenta i boka, som byrjar på skulen og går inn i ein fase med mykje nytt å lære seg. Ikkje berre reglar, brøk og likningar, men desse nye kjenslene som kastar seg over ein: «Kjærleik/gjer som han vil/Kjærleik er som/ei fuglefjør mot kinnet/men like etter/eit piskeslag over handa …» skriv Lillegraven.

LES OGSÅ: Ruth Lillegraven dro ut – nå dikter hun seg hjem igjen

Trygg

Men før vi kjem så langt, har vi vore djupt i våren og sommaren. Så fint og stilt let ho jenta­ reflektere over starten på alt liv, det vesle frøet. Det fløymer, ­boblar og syng av forventning og lengt etter alt som kan vere mogleg for eit lite frø.

Men Lillegraven set henne også inn i eit større perspektiv: «…Eit lite menneske/på ein ­diger jordklode/rundt og rundt i eit endå/større verdsrom …». Det gjer godt. Ein blir ikkje mindre av å vita at ein er del av noko stort.

Dikta er i det heile prega av trygg livskjensle, også der det smertar. Og gjennom det heile går dette intense, smittande, at ho er til stades i livet med alle gleder og utfordringar: Eg er eg er eg er!

LES ALLE VÅRT LANDS ANMELDELSER HER

Barneblikket

Noko av det ­finaste med dikta i denne boka, er at dei gjev akt på hårfine nyansar. Ho tek barnelivet på kornet – så flyktig, svingande mellom sommarfugldans og sparkesint sorg.

Som i diktet Skimrande, der ørsmå rørsler frå ein utvald person får det til å «blåse fønvind i villjentehjartet», eller I trappa, som så fint skriv fram kor ekstatisk opphissande eit møte kan vera jamvel om ingenting skjer, berre nesten.

Slike dikt kan tale sterkt også til vaksne. For kjem ein langt nok inn i oss, er ikkje skilnaden på born og vaksne sine kjensler så stor. Men perspektivet flyttar seg. Tydeleg blir det i diktet Vaksne, der Lillegraven set opp spegelen for oss vaksne gjennom barneblikket. Det er humoristisk og tankevekkande. «Kanskje er vaksne/ berre store barn som/ får bestemme sjølve».

LES OGSÅ: Fikk Notodden kirke til å koke etter 50 års pause fra musikken

Gåve

Vi visste at Ruth Lillegraven skriv gode dikt for vaksne­. Ho vart heidra med Brageprisen i 2013 for diktsamlinga Urd. Eg er eg er eg er er den fyrste diktsamlinga hennar for born. Den samlinga syner at også denne­ vanskelege kunsten meistrar ho. Den er ei gåve til både vaksne og born.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser