Musikk

Rock og bøn med Patti Smith

Rockelegenda Patti Smith spelte både inderleg og intenst på Norwegian Wood. Jo Nesbø såg ut som ein skulegut i forhold.

KONSERTMELDING: I år er det førti år sidan eit av rockehistorias beste album kom ut – Patti Smiths debutalbum Horses. Eg har ikkje eit nøytralt forhold til Patti Smith, som til og med har bursdag på same dag som meg. Horses er ein vesentleg del av det forholdet, så for meg var det ekstra spennande då det vart kjent at ho skulle spele albumet i sin heilskap på Norwegian Wood. Albumet kom i 1975. Har 68-åringen framleis gneisten?

For å seie det enkelt og greitt: Ja! Frå første stund var det klart at Patti Smith ikkje var komen til Oslo med entusiasmen på lågbluss. Ho hadde med seg det faste bandet sitt – Lenny Kaye (gitar/bass), Jay Dee Daugherty (trommer) og Tony Shanahan (tangentar), samt sonen Jackson Smith (gitar/bass), som ho fekk saman med Fred «Sonic» Smith. Dei køyrte i gang med ein «Gloria» som inneheldt den same nerven og trøkket frå debutalbumet. Kven har vel brote seg veg inn i rocken med ei meir opprørsk setning – «Jesus died for somebody's sins, but not mine»? I utsegna ligg det ein desperasjon som rommar både tilnærming og avvising. Patti Smith kjem sjølv frå ein kristen heim, og har alltid hatt mykje religiøst stoff i låtane sine.

LES OGSÅ: Rocker ved mannsbastion

Bønestund

Under konserten fredag toppa det sakrale seg mot slutten av Horses-gjennomspelinga, der låten «Elegie» blei nærmast som ei inderleg bønestund – ei minnestund for dei døde vi hadde kjær her i livet. Før Smith gjekk rett over i «Privelege», med tilhøyrande resitering av Salmane i Bibelen. Det vart ein heil del bonus-spor til sjølve Horses-prosjektet, blant anna «Dancing Barefoot» og megahiten «Because the Night», som ho skreiv saman med Bruce Springsteen til minne om ektemannen sin.

Då Patti Smith spelte under Månefestivalen i Fredrikstad i fjor, vart Fred «Sonic» Smith (som eigentleg heitte Frederick) hylla i særleg grad – naturleg nok, i og med bynamnet. Den avdøde ektemannen var i høgste grad «til stades» i Oslo også, men denne gongen vart også Ramones-medlemmene og Lou Reed trekte saman og sørgja over, saman med matematikaren John Nash og jazzmusikaren Ornette Coleman.

Patti Smith er både punk og jazz, og ho skriv låttekstar som ikkje står tilbake for den fremste poesi. Faktisk er ho ein av dei sjeldne artistane, på linje med Bob Dylan, som kunne vore aktuelle for nobelprisen i litteratur.

LES OGSÅ: Superkule Patti Smith slo seg laus

Skuleguten Nesbø

Det er ikkje Jo Nesbø, sjølv om bøkene hans funkar særs godt som bestseljande sjangerlitteratur. All ære til Nesbø, som er eit multitalent, men då han blei invitert med på scena av Patti Smith, såg han først og fremst ut som ein skulegut. Stiv og konsentrert på sidelinja, nokså sjarmerande i grunnen, var han med på «People Have the Power» og avslutningsnummeret «My Generation» (The Whos klassiske låt). Det var ingen tvil om kven som var stjerna denne kvelden – sjølv om Patti Smith skal vere fan av Nesbø og har lese inn den amerikanske versjonen av Blod på snø på lydbok.

Patti Smith framførte ein sterk fridomsbodskap under konserten på Norwegian Wood. Ikkje minst på den lange låten «Land», der ho tilpassa teksten både til Oslo-opphaldet og vår tids teknologi- og overvakingsproblematikk. Og i det «My Generation» avslutta festen, gjentok ho bodskapen for eit publikum som bestod av fleire generasjonar, sekstiåringar og tenåringar side ved side. Predikanten Patti hadde nådd heilt heim.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk