Anmeldelser

Pinleg katastrofefilm

San Andreas får meg til å lure på om Hollywood har nedfelt ei skriftleg lov mot smart katastrofefilm.

Jordskjelv er ikkje noko å spøke med. Vi såg det nyleg i Nepal, der meir enn åtte tusen menneske døydde og mange fleire tusen vart skadd i eit jordskjelv med styrke 8 på Richters skala. Det største kjente skjelvet i historia hadde ein styrke på 9,5 – det kom i Chile i 1960. Eit av dei mest katastrofale var jordskjelvet i Kina på 1500-talet, som drap over 800.000 menneske.

USA er eitt av landa i verda der jordskjelv er ein overhengande fare. Det er mindre enn eit år sidan California hadde eit skjelv med styrke 6,0. San Andreas-forkastinga strekkjer seg 1.300 kilometer gjennom vestlege og sørlege delar av delstaten som husar store delar av amerikansk filmindustri. Ikkje rart at jordskjelv er eit veleigna emne for katastrofefilm, som i regissør Brad Peytons ferske San Andreas.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Platt og dumt

Dessverre er det San Andreas som er blitt ein katastrofe. Med den kjente fribrytaren Dwayne «The Rock» Johnson i hovudrolla er filmen ein parademarsj i klisjear og flaue augeblikk. Mens verda skjelv under føtene hans, er The Rock helten som kan berge familien sin frå den sikre undergang. Prisverdig oppdrag, så absolutt, men det heile blir så platt og dumt at eg nærmast må tvinge meg til å sitte dei to timane ut.

Allereie i opningsscena er dumskapen knapt til å halde ut, der brannhelikopterpiloten Ray (The Rock) kjekkar seg for ein journalist mens han fører helikopteret ned i ei livsfarleg løft og bergar ei jente som har køyrt utfor vegen. Scena seier oss likevel ikkje noko om Ray som person. I neste sekund er han den einaste personen som er oppe i lufta med helikopter når bygningane i området byrjar å rase saman. Sjølvsagt klarer han å redde eks-kona si frå taket på eit samanstyrtande hus. Deretter er det av stad i helikopter, bil, fly og båt for å redde dottera, som spring rundt i eit samanstyrtande San Francisco. Når alt styrtar saman, er det behov for ei klippe.

LES OGSÅ: Fornøyelig førtiårskrise

Vanskeleg sjanger

Problemet til San Andreas, slik det ofte er for katastrofefilmar, er kanskje at emnet er for alvorleg til å tøyse med. Actionfilmar generelt er jo som regel overdrivne og ikkje superrealistiske, men det er vanskelegare for katastrofefilmen å redde seg i land med ein porsjon humor. I San Andreas er humoren lite til stades, til fordel for ein nesten pervers variant av amerikanske familieverdiar: Her skal den sterke mannen berge både ekteskapet og sine to kvinner. (Alexandra Daddario spelar dottera Blake.)

Nokre morosame scener finst det rett nok i filmen, som når Paul Giamattis rollefigur, ein seismolog som nettopp har oppdaga korleis ein kan varsle jordskjelv, får spørsmålet «Who shall we call?» Han svarer: «Everybody!» Mens humoren ikkje er heilt passande når Ray og eks-kona midt i infernoet landar i fallskjerm på ein baseballbane og han seier at det er lenge sidan han har fått henne til «second base».

Det er nokså stussleg det heile. Klisjeane ligg for tjukt på, også når eks-konas nye mann viser å vere ein skikkeleg feiging.

LES OGSÅ: Sprek helgenkåring

Eg trur ikkje det er umogleg å lage smart katastrofefilm. Men Hollywood gjer stadig vekk det motsette, som om det skulle vore forbode ved lov. San Andreas er eit lågmål innan sjangeren. Denne filmen er det ingen som fortener å lide seg gjennom.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser