Film

Patrioten Snowden

Oliver Stone har laga eit helteportrett av Edward Snowden med sin nye spelefilm. Filmen er grei nok, men tilfører ikkje så mykje nytt.

Debatten om korvidt Edward Snowden var ein skurk, ein helt eller 50 prosent skurk og 50 prosent helt, rullar framleis med full styrke i USA. Førre helg skreiv The Washington Post ein oppsiktsvekkande leiarartikkel der dei gjekk inn for at Snowden ikkje bør få straffefridom, men derimot stillast for retten for spionasje. Dette er oppsiktsvekkande fordi det var nettopp The Washington Post som saman med The Guardian som først skreiv om den hemmelege masseovervakinga som varslaren Snowden avslørte. Snowden gav The Washington Post materialet avisa vann ein Pulitzer-pris for å presentere, informasjon om det såkalla PRISM-programmet.

ANMELDELSE: Dette hadde gjort «Kongens nei» til en enda bedre film

Prisar

Her i Noreg har vi for lengst trykt Edward Snowden til vårt bryst. Han er blitt tildelt både Bjørnsonprisen og Norsk PENs Ossietzkypris, og han er invitert til Noreg i november for å ta imot den sistnemnte prisen. Føresetnaden for å komme er at han ikkje risikerer å bli gripen og utlevert til USA. Slike forsikringar har ikkje norske styresmakter gitt.

Oliver Stone kjem derimot til Noreg for å promotere spelefilmen som har norgespremiere neste fredag. Er filmen god, og kan han skape politiske bølgjer?

Stone fortel historia om Snowden på nokså nøkternt vis, men med ei klar forståing av Snowden som ytringsfridomshelt i botnen. Til ein viss grad uttrykker filmen også ein politisk bodskap, slik Snowden går frå å vere ein intelligent «konservativ» (omsett i den norske underteksten som «høgrevridd») til å bli ein meir og meir ansvarsbevisst «liberal» (omsett til «venstrevridd»).

Joseph Gordon-Levitt spelar Snowden i filmen, med unntak av nokre autentiske scener heilt i slutten. Gordon-Levitt spelar rolla med overtyding, og spelefilmen får ofte noko dokumentarisk over seg. Samtidig slår ikkje Stones film like hardt som Laura Poitras' Oscar-vinnande dokumentarfilm Citizenfour – det kjennest som om ein har sett det meste frå før.

Det er synd, for spelefilm har stor potensiell slagkraft. Snowden blir i litt for stor grad ei streit oppsummering av ei sak som vi følgjer i nyhendebiletet.

LES OGSÅ: Kan du snakke trygt?

Viktig

Når det er sagt: Snowden-saka er prinsipielt viktig på så mange plan at eg sjølv tåler Stones gjenfortelling svært godt. Stone teiknar varslaren som ein amerikansk patriot, som handlar til beste for det amerikanske folket. Det er ikkje ei dum framstilling, særleg med tanke på opinionen i Stones og Snowdens heimland USA.

Så spørst det om filmen kan gjere så sterkt inntrykk på norske styresmakter at Snowden får fritt leide til å ta imot pris i november.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Film