Film

Paradis på vranga

Korleis ser samfunnet vårt ut om menneska ikkje lenger har fri vilje? Filmen The Giver skildrar ein Edens hage du ikkje ville like å vekse opp i.

Bibelen fortel at Gud skapte Adam og Eva og plasserte dei i Edens hage. I hagen før syndefallet var alle ting gode (om vi då ser bort ifrå slangen). Kvifor måtte Adam og Eva ete av den forbodne frukta og påføre menneskeheita syndefallet?

Spørsmålet som har vore stilt sidan tidenes morgon har eit på same tid enkelt og vanskeleg svar: Mennesket kan velje det vonde fordi vi er skapte med fri vilje. I science fiction-filmen The Giver formulerer leiaren av eldsterådet, den «overeldste» (Meryl Streep), det slik: Så lenge mennesket får velje, vil det alltid velje feil. Denne «innsikta» har eldsterådet tatt konsekvensen av. Dei har skapt eit harmonisk, men gjennomkontrollert samfunn der alt som kan skape vondskap og konfliktar er luka bort – rase, religion, kjensler, ja, til og med farge.

Svart-kvitt

Filmen startar såleis i svart-kvitt. Hovudpersonen Jonas (Brenton Thwaites) blir saman med dei to bestevenene sine, Fiona (Odeya Rush) og Asher (Cameron Monaghan), og andre jamaldringar uteksaminert frå skulen i ein stor formell seremoni. Jonas blir utvald til ei særskilt viktig oppgåve: Han skal bli den nye «Mottakaren av minner», ein heilt spesiell posisjon i det kjenslelause overvakingssamfunnet. Berre Mottakaren av minner kan hugse noko om tida før den såkalla Øydelegginga. The Giver er endå ein film som utspelar seg i eit postapokalyptisk landskap.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Vondskap

Paradiset som blir skildra i filmen, er eit paradis på vranga. Vi forstår nokså fort at fråveret av trøbbel ikkje er det same som fråveret av det vonde. Tvert om: Mens menneska trur dei lever i lukkeleg harmoni, utfører dei utan samvitsnag dei mest bestialske gjerningar. Både barn og vaksne som ikkje passar inn, blir tatt livet av – dei blir «slopne fri».

Dessverre er ikkje filmen like interessant som dei filosofiske og bibelske parallellane i første omgang legg opp til. Det logiske universet er ikkje skrudd saman stramt nok og byrjar etter kvar å rakne litt i samanføyingane. Slutten verkar også litt banal. Jeff Bridges, som både er produsent og spelar den viktige rolla som The Giver, har nok i litt for stor grad vore forelska i prosjektet som bygger på ei godt likt, men også omdiskutert ungdomsbok (Den utvalgte, på norsk i 1995).

The Giver gir eit godt utgangspunkt for refleksjon om den frie vilje, sensur, overvakingssamfunnet og kva det er å vere menneske. Det er ikkje verst. Filmen i seg sjølv kunne vore mange hakk betre.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film