Bøker

Om syn og høyrsle i myteskog

Solveig Mette Tjeltveit er ein overtydande sprelsk diktdebutant med konsist språk og høgt oppdriven biletskaping.

Solveig Mette Tjeltveit er ein sprudlande biletskapar av ein nypoet. Ho presenterer seg i det lyriske landskapet med samlinga Noo gode gnu. Den ikkje lettforståelige tittelen bør ingen la seg skræma av, for ein kjem straks inn i ei sprelsk og fargerik verd som iallfall denne lesaren gjerne vandrar i.

LES OGSÅ: Poesihøsten tegner til å bli sterk

Gnuen

Med litt kunnskap om dyra i Afrika, ser vi gnuen for oss: denne kraftige antilopa med tjukk og stutt hals og med karakteristiske horn som er bøygde både ned og fram og opp att. Med mørkebrun til svart pels og med kroppsform som kan minna om ein elg men med føter som ein hest. Og forfattaren let oss forstå at «noo» er gnu på swahili - men òg den lyden som gnuen utstøyter.

Forkynnaren og Saramago

Så byrjar leiken i den fiktive skogen der ulike mytar har sine representantar i flora og fauna og formasjonar. Men forfattaren minnar oss i eit innleiande motto på dei forunderlege ord hjå Forkynnaren (i den eldre omsetjinga ho siterer frå): «for lagnaden åt mannsborni er som lagnaden åt dyri, ja, same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og EIN livsande hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri; for alt er fåfengd. Alle gjeng til EIN stad; alle er komne av moldi, og alle skal attende til moldi. Kven veit um åndi åt menneski stig uppetter, og um åndi åt dyri fer ned til jordi?»

Det er som nemnt fleire mytar og historier som kling i denne skogen vi vandrar med poeten i, men mangt er atterklang or Bibelen. Ho har over mottoet frå Forkynnaren plassert eit sitat av José Saramago: «I oss lever utallige, når jeg tenker eller føler vet jeg ikke hvem det er som tenker eller føler, jeg er kun det sted der det tenkes og føles.»

LES MER: Les flere anmeldelser her

Å skjerpa sansane

Diktaren som medium? Noko i den retning, men òg med ei stadig påminning om å skjerpa sansane, å «få auge å sjå med/ få øyre å høyra med». Dikta handlar ikkje så mykje om noko som dei handlar med lesaren: Både rytme, tempo, biletkoplingar og språklege sprang er med på å skjerpa den som les. Her held dei til i same skogen, og ofte i same diktet, med overskridande identitetar, både gnu og andre dyr, menneske og Gud. Vi møter òg Ungen og ei Mor, ei Jente, ein Gut og fleire skapningar, blant dei planter og tre. Det er som regel sjølve rørsla i diktet, og dei uvante biletkoplingane, som er diktets handlingsplan, og ofte fleire røyster som aktiviserer medvitet gjennom leik og assosiasjonar.

Språkleg energi

Språket er svært konsist, klårt og skarpt. Både det lydlege og det visuelle handlar saman i dei beste av desse dikta. Det heile vert halde oppe gjennom den språklege energien, og fell saman som eit korthus om poeten ikkje maktar å stå i dette rasande hekserittet av assosiasjonssprang, lyd og bilete heile tida. Dei få gongene dét skjer, byrjar denne lesaren å etterlysa ei klår forteljerøyst og berande tanke.

Alt tillate

Men det er ein overtydande debut, eit overskotsfenomen i den nye norske poesien. Og med suveren tillit til at alt er mogeleg og alt er tillate så lenge det altså stimulerer lesarens syn og høyrsle, opnar og reinsar sansane våre. Jamvel invertert ordstilling vert her til eit overraskande grep, nettopp av di det så lenge har vore bannlyst i den moderne diktinga. Stundom saman med alliterasjon, som her: «harde hagl i graset ligg». Jamvel med enderim, som her: «over min kjole mitt hår/ du over himlane går.»

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker