Anmeldelser

Nedstrippa La Traviata

Verdas mest spelte opera rykkar tett innpå det moderne livet i meisterregissør Tatjana Gürbacas tolking.

Giuseppe Verdis opera La Traviata har alle ingrediensar som skal til for å trone øvst på lista over dei mest populære i verda. Det handlar om elskande som ikkje kan få kvarandre, på grunn av samfunnsstand, sjukdom og svik. Operaen inneheld både gambling og duell. Og hovudpersonen Violetta er ein klassisk kombinasjon av hore og madonna, slik vi også finn han i tolkingar av Maria Magdalena i Bibelen, i Sonja hos Dostojevskij (romanen Forbrytelse og straff) og i Julia Roberts' rollefigur i den romantiske komedien Pretty Woman frå 1990.

Sistnemnte er bygd over same lesten som Verdis populære opera, nemleg 1800-talsforfattaren Alexandre Dumas den yngres – det var faren som skreiv Greven av Monte Cristo og De tre musketerer – roman Kameliadamen (1848) og ein teaterversjon av denne. Romanen handlar om selskapsdama Marguerite som lever eit dekadent luksusliv i Paris før ho forelskar seg i den unge Armand, ein person som låner biografiske trekk frå Alexandre Dumas d.y. sjølv. Selskapsdama Marguerite, som altså har fått namnet Violetta i Verdis opera, er inspirert av Dumas' elskarinne Marie Duplessis, som døydde av tuberkulose, 23 år gammal, eitt år før romanen kom ut.

Prostituert

Å vere selskapsdame i Paris på denne tida kan minne om det vi i våre dagar kalla for eskorte eller luksusprostituert. Det var noko anna enn desperat gateprostitusjon, og mange parisiske menn heldt seg med slike elskarinner. Samtidig kunne for tette bindingar til denne typen «kameliadamer» kaste mørke skuggar over familienamn og rykte.

Dette er noko av kjernen i Verdis opera, der Alfredos far Giorgio blandar seg inn i det som utviklar seg til å bli eit ekte kjærleiksforhold mellom sonen og den parisiske gledespika. Han set alt inn på å få Violetta til å trekke seg ut av forholdet til Alfredo, av omsyn til familien og ei yngre dotter som snart skal gifte seg. Dette går Violetta omsider med på, og gjer dermed eit enormt offer av kjærleik til Alfredo og hans familie. Alfredo forstår i første omgang ikkje kva som har skjedd, og kjenner seg sviken av Violetta som flyktar til Paris og finn saman med ein pengesterk baron i staden. Intrigane kjem tett som hagl, slik det skal vere i ein god opera.

Forbløffande aktuell

Den tyske meisterregissøren Tatjana Gürbaca er ein av dei få store kvinnelege operaregissørane internasjonalt. Ho lukkast godt i å trekke La Traviata, som tyder «den falne» på italiensk, nær vår eiga samtid. Ho tonar ned prostitusjonselementet og gjer i staden Violetta til ei vakker ung kvinne som er midtpunktet på festen og tvinnar siklande menn rundt veslefingeren. Brått er Verdis gamle opera ein forbløffande aktuell kommentar til våre dagars redsle for forplikting og monogamt familieliv. La Traviata diskuterer det moderne fridomsomgrepet på ein måte som kan gjere dei argaste ideologane i partiet Høgre grøne av misunning.

Samtidig lurer eg på om ikkje Gürbaca har vald å strippe ned scenebiletet i litt for stor grad. No handlar opera først og fremst om songen og musikken, men her skjer det påfallande lite scenisk. Minimalismen når stadig nye høgdepunkt, der det mest vesentlege grepet er at podiet (ei slags scene på scena) går i oppløysing og glir bitvis frå kvarandre i tredje akt. Symbolsk funkar dette bra som ei spegling av indre oppløysing både i kjærleiksforhold og personar, men Gürbacas jordnære stil kan også opplevast som ein smule tørr. Slik også klesdraktene i førestellinga er dominerte av svart og beige.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Stemmeprakt

Når dette er sagt, synest eg Gürbaca vinn langt meir enn ho taper med si moderne samtidsteatertolking av den klassiske operaen. Og det som meir enn noko gjer opera til opera – stemmene – var av vedunderleg høg og gjennomført kvalitet. Rumenske Aurelia Florian er eit funn som Violetta, og tilbyr all den nerve og dramatikk vi kan ønske oss. Marius Roth Christensen, som eigentleg skulle alternere i rolla som Alfredo, måtte trekke seg nokså kort tid før premieren på grunn av ein operasjon på stemmebandet. Erstattaren hans, svenske Daniel Johansson, imponerte likevel med ei fullintegrert rolletolking. Til slutt må eg også nemne Audun Iversen, som er ein særs potent Giorgio. Iversen legg både i gestar og stemmebruk mange års autoritet til den viktige rolla som Alfredos far.

La Traviata er ein opera midt i kjernen av det religiøse spørsmålet om nåde – om fridom, tillit og å legge av seg det gamle livet. I Gürbacas versjon rykkar han endå tettare inn på oss.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser