Film

Morten Tyldum skaper etikk og romantikk i rommet

Morten Tyldums sci-fi-film Passengers svever interessant i spennet mellom etiske dilemma og kjærleikssåpe. Berre det siste skyt rakettfart.

Bilde 1 av 2

Etter suksessen med The Imitation Game har Morten Tyldum truleg hatt mange opne dører framfor seg i Hollywood. Oscar-nominerte regissørar er i ein eigen liga der dei aller største prosjekta er innan rekkevidde. Og Passengers, med Jennifer Lawrence og Chris Pratt i hovudrollene, er ein stor film i beste Hollywood-stil – eit romantisk actioneventyr i verdsrommet. Jon Spaihts manus har vore innom ei rekke stasjonar før det enda opp hjå Tyldum, og på eit tidspunkt var det Game of Thrones-regissøren Brian Kirk som skulle regissere filmen med Keanu Reeves i den mannlege hovudrolla. Kva har så Tyldum fått ut av denne historia?

Kosmisk format

Sterke forteljingar i verdsrommet er eit tilbakevendande trekk for den amerikanske filmbransjen, verdas leiande romfartsnasjon. Ein ny Star Wars-film har nettopp hatt premiere på norske kinoar, og det er heller ikkje så lenge sidan vi såg filmar som The Martian (2015) og Gravity (2013).

Passengers kan minne om dei to sistnemnte, slik han i praksis er eit kammerspel av kosmisk format. Det vesle mennesket må kjempe for eksistensen med verdsrommet som ein enorm, truande fiende. Og slik er det jo eigentleg for oss alle, men på eit romskip som går med halvparten av lysfarta, blir farane ekstra tydelege.

Romskipet, Avalon, er på veg frå jorda til koloniplaneten Homestead II, ei reise som skal ta 120 år. Problema oppstår etter sånn cirka 30 år, då romskipet trass høgteknologisk varsel- og verneutstyr krasjar inn i ein diger meteoritt. Blant dei ulike skadane som følgje av krasjen, er det særleg denne som blir opplevd som fatal: Jim Preston (Chris Pratt) vaknar frå dvalen og er plutseleg det einaste vakne mennesket ombord. Når han innser at han har vakna 90 år for tidleg, og at han ikkje kan legge seg i dvale igjen, men kjem til å ende sine dagar på veg til Homestead II, er det like før han tek sitt eige liv.

Stor freisting

I staden hamnar han i eit alvorleg etisk dilemma. Kva om han vekker opp eit anna menneske som han kan ha samvær med? I praksis vil det vere å frårøve dette mennesket livet, iallfall livet på ein ny planet.

Etter eit år i einsemd klarer han ikkje meir, men bukkar under for freistinga. Han vekker kvinna han har forelska seg i, den vakre og intelligente Aurora Lane (Jennifer Lawrence). Ho er ein forfattar frå New York, på jakt etter stoff til å skrive den ultimate verkelegheitsromanen, ei bok som (mi tolking) kan banke Knausgård, Ullmann, Gulliksen og Hjorth fullstendig ned i romstøvlane. Dette må Aurora Lane gjere for å overgå sin eigen far, som også er/var forfattar. Her snakkar vi seriøse farskompleks.

«Lost in space»

Om vi legg spøken til side, er utgangspunktet for historia fruktbar, sjølv om dei etiske refleksjonane rundt Jims handling kunne ha fått endå større plass i filmen. Desperasjonen i det å vere «fanga» i eit romskip, heilt åleine, gjer det ikkje usannsynleg at Jim handlar på tvers av sin eigen moral. Når han vekker Aurora frå dvalen, er det eit moderne syndefall som dannar utgangspunkt for den kommande kjærleikshistoria mellom Adam og Eva. To menneske «lost in space». Spørsmålet er om den gryande kjærleiken mellom dei to kan tole sanninga?

LES OGSÅ: Bråk i Hakkebakkeskogen

Mektig inntrykk

Det verkar pussig nok som om manuset, sjølv om det har sirkulert i ti år eller så, ikkje er godt nok gjennomarbeidd. Det dukkar til dømes opp ein tredje person etter kvart, på hendeleg, men ikkje heilt truverdig vis. Om ein er villig til å godta premissane for historia, er det likevel mykje å gle seg over her. Det digitale arbeidet er glimrande og gir eit mektig inntrykk både av verdsrommet og av det delikate interiøret på romskipet. Fiffige detaljar skaper ekstra fascinasjon, som når symjebassenget blir ramma av vektløyse. Og her finst ein sjarmerande og vittig bartenderrobot, Arthur (Michael Sheen), som skaper ei rekke av komiske pustepausar i det nervepirrande dramaet.

Dessverre blir sjølve kjærleikshistoria mellom Jim og Aurora også ramma av nokre ufrivillig komiske situasjonar, både i form av dialogar, stockholmssyndrom og klein amerikansk datingkultur. Hadde det relasjonelle dramaet fungert optimalt, hadde Passengers vore ein glitrande sci-fi-film. No nærmar han seg såpe, og skvett unna når eg prøver å omfamne han – for eg er grunnleggande sympatisk til dette kule prosjektet.

Og det blir vel konklusjonen: Filmen er slett ikkje dårleg, men har litt mykje rusk i rakettmotoren.

LES OGSÅ: O helga natt har fått ny dimensjon etter Skam

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film