Film

James Bond har rett til å velje

Agent 007 er framleis mann for å redde verda frå undergangen. Men kvinnene i livet hans blir stadig viktigare.

James Bond-filmane er eit uforbetreleg manneunivers, med raske bilar, heftige actionscener, stilig teknologi og vakre kvinner. Samtidig er James Bond for lenge sidan blitt ein institusjon på film, og det er vanskeleg å styre utanom kinosalen når den britiske agenten er på nye oppdrag.

Den førre Bond-filmen, Skyfall, spelte inn over ni milliardar kroner på verdsbasis. Det gjer han til ein av dei femten største i filmhistoria. Forventingane til Spectre og regissør Sam Mendes er difor høge.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Spektakulært

Frå første stund er det klart at Spectre ikkje er spela inn på sparebluss. James Bond (Daniel Craig) startar ballet i Mexico by, på den visuelt faretruande De dødes dag. Blant hordar av mexicanarar med liksminke, skjelettdrakter og hovudskallemasker, dansar Bond over hustaka på jakt etter terroristar som skal sprenge eit stadion fullt av menneske. Det er ingen løyndom at agent 007 klarer å stanse dei, rett nok med fullstendig kaos som resultat.

Helikopterscenene i starten av Spectre er spektakulære, slik vi seinare i filmen skal få sjå Bond klare brasane både med småfly, bilar og båtar.

Attende på hovudkontoret til MI6 i London får han derimot trøbbel. 007 blir suspendert og får injisert såkalla «smartblod» i årene, så han kan bli overvaka døgnet rundt. Overvaking er ein av dei store tematikkane i filmen: Det er ein ny kost på veg inn i den britiske etterretninga, og han står bak eit ein globalt overvakingsprogram som stiller George Orwells 1984 fullstendig skuggen.

Superskurk

James Bond har sjeldan late seg stoppe av uføresette hindringar – heller ikkje denne gongen. Snart går ferda vidare, i kjent globetrottande stil, til Italia, Austerrike, Marokko og Sahara-ørkenen. Målet er å finne superskurken Franz Oberhauser (Christoph Waltz), som har band attende til James Bonds eigen oppvekst.

Daniel Craig er på mange måtar den perfekte Bond, bortsett frå at han liknar på Vladimir Putin. Også i denne filmen storspelar han, så godt det lar seg gjere innan ein sjanger som i liten grad innbyr til nyansar.

Verdival

Til slutt litt om kvinnene i James Bond-filmane, som heldigvis spelar ei stadig viktigare rolle. I Spectre dukkar det opp både ei moden Bond-babe på over 50 år (Monica Bellucci) – la debatten gå om dette er positivt eller ikkje for kvinnesynet i Bond-universet – og ei yngre (Léa Seydoux) som har nok to i seg til å fange Bonds interesse på eit djupare plan.

Dermed står Bond overfor nye verdival. Kva slags liv ønskjer han seg framover? James Bond er agenten med rett til, ikkje berre å drepe, men til å velje.

SE VIDEO: Aarebrot forteller om kirken på 100 minutter

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film