Film

Heftig gullpalmevinner

Det franske dramaet Dheepan er ein uvanleg sterk film om å komme til Europa som flyktning. Meir samfunnsaktuelt blir det neppe på det kvite lerretet i år.

Mens dei politiske partia jobbar på spreng for å bli einige om korleis vi skal finne midlar til å handtere flyktningkrisa, kjem det franske dramaet Dheepan til norske kinosalar.

Filmen vann Gullpalmen i Cannes tidlegare i år, men er dessverre framleis høgaktuell, slik han stiller spørsmålet: Korleis er det å komme som flyktning til Europa?

Må vere gift

Den tidlegare tamiltigeren Jesuthasan Antonythasan spelar hovudrolla som Dheepan i filmen. Dheepan er medlem av den srilankiske ­geriljagruppa Tamiltigrane og kjem som flyktning til Frankrike.

LES OGSÅ: Deeyah Khan får menneskerettspris

For å få opphald, må han late som om han er familiefar: Plutseleg er han «gift» med ein kvinneleg flyktning han nesten ikkje kjenner frå før. Eit barn har han også fått ansvaret for.

Utfordrande

Dette er i seg sjølv ein utfordrande situasjon, og forholdet mellom Dheepan og «kona» utgjer ein viktig del av filmen. Likevel blir situasjon vesentleg mykje verre av at dei blir busette i ein fattig forstad til Paris, der kriminelle rår grunnen.

LES OGSÅ: Vil treffe deg i hjertet med film om hevn

Dheepan prøver så godt han kan å halde seg utanfor dei lysskye aktivitetane som går føre seg i lokalområdet, men blir etter kvart trekt inn i eit tilvere han kjenner så altfor godt frå geriljakrigføringa i heimlandet.

Den franske meisterregissøren Jacques Audiard skildrar Dheepans aukande desperasjon som flyktning til eit Europa som på langt nær er noko paradis.

Meir samfunnsaktuelt enn dette blir det neppe i år.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film