Film

Gud på pinebenken

Den svarte komedien Det helt nye testamentet lar Gud bu i Brussel, der han både røykar og drikk whisky. Og snart sørgjer dottera for at det meste går på tverke for den gretne guddomen.

Religionssatire er ikkje noko nytt. Latterleggjering av guddomar går tilbake til Det gamle testamentets dagar. Første Kongebok fortel om profeten Elia som gjorde narr av Baal-dyrkarane som ba guden sin om eld til offerbålet. «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått avsides eller er ute på reise. Kanskje han søv og må vakna,» heiter det i bibelteksten.

I Jaco Van Dormaels svarte komedie er det ikkje Det gamle testamentet, men Det helt nye testamentet det handlar om. Filmen framstiller eit vrengebilete av Gud, der han i overvegande grad blir framstilt som ein gretten og utriveleg sadist.

LES INTERVJU MED REGISSØR JACO VAN DORMAEL: – Vi må kunne le av Gud

Dødsdagar

Somme vil kanskje rynke på nasen allereie her, men filmen er såpass langt ute at han eigentleg ikkje er eigna til å støyte religiøse sjeler. Derimot kan han faktisk by på nokre eksistensielle poeng som det er vel verdt å ta med seg vidare.

For sjølv om rammehistoria er rimeleg spesiell, der den ti år gamle dottera Ea (Pili Groyne) gjer opprør mot Gud (etter tips frå broren hennar, JC) og dreg ut i verda for å samle seg disiplar og skrive eit (heilt) nytt testa­mente, startar ho ballet med å sende ut den eksakte døds­dagen for alle menneske på sms til kvar enkelt. Kva gjer du med livet ditt når du veit kva tid du kjem til å døy?

LES MELDINGA AV 45 ÅR: Sobert om skjult sorg

Overspel

Det helt nye testamentet lukkast faktisk med å stille nokre gode spørsmål midt i alle harselasen og satiren. Pili Groyne er sjåverdig i rolla som handlekraftig tiåring, og det er gøy å sjå den kjente skodespelaren Catherine Deneuve som ein av dei seks nye disiplane hennar.

Gud sjølv (Benoît Poelvoorde) byr på klassisk overspel. Innanfor sjangeren funkar det likevel som det skal, og vi godtar oss når det gretne og sadistiske guden – som tidlegare i filmen har mora seg ved å tvinge brødskivene til å falle med syltetøysida ned, og latt den motsette køen bevege seg mykje raskare enn den offeret stod i – sjølv hamnar på pinebenken.

LES MELDINGA AV IN THE HEART OF THE SEA: I kvalfiskens buk

Kvinnemakt

Det finst eit klokt og tydeleg element av feminisme i filmen, som løftar fram nyskapande kvinnemakt som motsats til udugeleg mannleg kjekkaseri. Både Ea og mora hennar, den støvsugande Gudinnen (Yolande Moreau), kan vise seg å vere redninga for menneskeheita. Elles skal eg vere forsiktig med å kategorisere filmen for mykje, for han er både litt det eine og litt det andre, heile vegen.

Det helt nye testamentet er ein film utanom det vanlege, på godt og vondt.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film