Det er gått tolv år sidan Inger Elisabeth Hansen kom med ei ny diktsamling. Trask, forflytninger i tidas skitne fylde (2003) fekk Brageprisen og vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Naturleg nok er eg spent når eg plukkar opp den nye diktsamlinga hennar, Å resirkulere lengselen, avrenning foregår. Tolv år er nokså lang tid.
Dikta skal uansett lesast på sine eigne premiss. Og det står etter kvart klart for meg at Inger Elisabeth Hansen skriv seg inn i nokre tydelege rørsler på det norske lyrikkfeltet. Ho skriv dikt som syder av brodd og engasjement for miljøet. Og ho samtaler med gamle tekstar, frå bibeltekstar til fablar og mytar.
Klimadikt
Miljøengasjementet er kanskje det aller mest tydelege i Hansens dikt, heilt frå det første diktet, som krinsar rundt Klippeblåvingen, ein av våre mest trua sommarfuglartar. Mens denne sommarfuglen tidlegare flagra omkring langs heile kysten frå Østfold til Agder, blei han for fem år sidan berre observert langs Iddefjorden ved Halden og i Tvedestrand. Direktoratet for Naturforvaltning har lansert planar for å berge arten, blant anna ved byggeforbod.
Hansen kombinerer på elegant vis mellom utprega lyriske vendingar og utprega «prosaiske» uttrykk som grip inn og truar poesien – og sommarfuglen:
.
Klippeblåvinge,
du som fantes i det stille,
du som i det stille ble fordrevet
av arealpolitikken
.
Poeten spinn vidare på det latinske namnet for Klippeblåvinge – Scolitantides Orion – og med referansar til Erik Bye tek ho sikte på stjernebiletet Orion:
.
«La med få bruke deg som farkost, /
la meg få gi deg en gammel kaptein, /
en som kan navigere, en som kan seile deg heilt til Orion, /
en gammel kaptein som ikke vil gå fra borde, med en skute som går /
med et hjerte som slår, en som kan navigere de som trenger det til Orion.»
.
LES MER: – Godt skrevet om kristenkonservative
Tvisyn
Straks etter er det nettopp denne lengselen som blir sett under den poetiske lupa. Slik eg les det, går Hansen dermed inn med garborgsk tvisyn og problematiserer det litt naive ved ein slik lengsel etter ei betre verd. Tittelen på diktet opnar seg også i ulike retningar: «Bruk og misbruk av Klippeblåvingen».
Også i det neste diktet stiller poeten spørsmålteikn ved den resirkulerte lengselen, samtidig som ho også innfører eit bibelsk motiv i dikta: «liljene på marken». Overgangen til to dikt om gudar synest naturleg, der det uærbødige og opphøgde går hand i hand: «Munnvaskingsrituale for guder» og «Fluktrute for guder».
LES MER: Skriver om å leve sammen med ensom ønsker å avslutte livet
Forkynnaren
Inger Elisabeth Hansen samtalar med Dødehavsrullane i diktet «En engel er et tårn av soldater». Og ho er i særleg dialog med den bibelske Forkynnaren, der til dømes «Eselet på restene av Saladins borg i Syria» også går strakt inn i vår høgst dramatiske samtid.
Dikta i denne samlinga er ikkje berre miljømedvitne, dei er også religiøse, politiske og samfunnsengasjerte – ikkje meint som låsande kategoriar, som ei opning mot noko større. Trugselen mot menneske, flora og fauna får innimellom høgst konkrete uttrykk, som i «Tale til deg du blå plastpose ved bredden av Nilens kanaler, utallig». Hansen kan vere både alvorleg og morosam.
Følg oss på Facebook og Twitter!
Løft
Til slutt løfter poeten alt ut i verdsrommet og til det tapte paradis, her i form av Atlantis.
Inger Elisabeth Hansen lukkast overmåte godt med sine sterke og samfunnsengasjerte dikt om eit skaparverk under angrep. Å resirkulere lengselen, avrenning foregår er ei viktig bok.